Aktuelt

Boka, eit barn

– Når det har gått for lang tid sidan sist eg las, då blir eg deprimert. Eg må alltid ha ei historie å leve meg…

sveen_hogdebilde

– Når det har gått for lang tid sidan sist eg las, då blir eg deprimert. Eg må alltid ha ei historie å leve meg inn i. Elles blir verda for stor og tom.

Skriveloftet på Litteraturhuset i Oslo er tomt. Det er femte dag jul. Lars Petter Sveen sit under grelle lysstoffrøyr, drikk kokt vatn og tel dagar før han skal til Afrikas sol.

Han seier at han er sliten. 2014 var året då han braut gjennom som forfattar og sa opp jobben, og no pakkar han bustaden ned for å følgje kjærasten til Tanzania, kor ho skal jobbe for Kirkens Nødhjelp. Der skal Sveen skrive på fulltid.

Eg trur på forteljinga si kraft, og då særleg den vi skaper for oss sjølv

Sveen veit at forteljingar er så mektige at om ein tar livsløgnen frå nokon, tar du også lykka frå han. Då er det greitt å sjølv velje kva historier ein internaliserar.

– Eg trur på forteljinga si kraft, og då særleg den vi skapar for oss sjølv. Dei fortel oss kven vi er, kva som skjedde. Bibelen og kyrkja og evangelia er viktige i eit slikt perspektiv. Ein gjenfortel dei same tekstane om og om igjen, seier Sveen, som sjølv veljer seg Juleevangeliet som leiestjerne:

– Ei historie om nestekjærleik og fellesskap, ei historie som gir meg eit stort lys, seier han.

Bibelfantasiar

Sveen er på gamle trakter, Skriveloftet er staden der mykje av Guds barn kom til. Romanen vart gjennombrotet hans og stadfesta det som debuten, den Tarjei Vesaas debutantpris-vinnande novellesamlinga Køyre frå Fræna, hinta om: Sveen er ikkje berre ein stilsikker forfattar. Tema han tar opp treff ei grunnlegge interesse i folk. Og nett no er motivet – Gud – også ei trend i tida.

18. oktober 2014 stod denne artikkelen på trykk i Vårt Land: «Populærkulturen truer kirken». I artikkelen blir det hevda at Bibelen er i eit «massivt mediekjør». Andreas Kristiansen kommenterer artikkelen nokre dagar seinare:

«Hva er vi så redde for? Vi må heller oppfordre dagens historiefortellere, både romanforfattere og manusforfattere, til å fantasere og fabulere, vekke til livet Bibelens persongalleri i den offentlige bevisstheten, la oss smake og kjenne nye sider av velkjente historier».

Og Bibelen dukkar stadig opp – om det er i den satiriske kultserien The Simpsons eller i skjønnlitteraturen. Han er i Karl Ove Knausgårds En tid for alt, i Jo Nesbøs Sønnen, i Tom Egelands forfattarskap, i Mirakelet av Dan Andersen og i Jon Fosses Bibeldikt så vel som i resten av forfattarskapen hans.

Den som ikkje tvilar, kan miste av syne kva som er rett og galt

Sveens fantasi blei frigjort og stimulert av å ha Bibelen som førelegg for skrivinga.

Det fantastiske frå Asbjørnsen og Moe, råskapen frå Brødrene Grim, og bøker som The life of Pi er andre inspirasjonskjelder. The life of Pi handlar om ein gut fanga i ein båt med ein tiger. Ved slutten av boka kjem det fram at tigeren er mannen som drap gutens mor. Guten fantaserte han om til ein tiger for å klare å vere i båten med han. I Guds barn skildrar Sveen korleis romerske offiserar klarte å drepe barn.

– Dei måtte rettferdiggjere det for seg sjølv at det dei gjorde var rett. Dei kalte det ei bragd, og måtte tru på at det var å gjere godt. Spørsmålet eg stiller meg er: Når misser ein evnen til å sjå om det ein gjer godt eller vondt?

– Er det då vi treng nedskrivne og vedtekne moralsk rette forteljingar å halde oss til – som vegvisarar når vi blir forvirra?

– Ein religion og nærleik til gamle skrifter kan gi ein tryggleik. Men ein kan også seie det slik at nærleiken til dei gamle skriften kan gjere ein blind. Det finst misbruk av alt. Mennesket kan alltid spore av.

– Vi er inne på det å la forteljingar endre og føre tankane sine. Er det dette som er å tru, i religiøs meining av ordet?

– For meg heng det å tru tett saman med det å tvile. Den som ikkje tvilar, kan miste av syne kva som er rett og galt.

Sjuke forteljingar og stor dramatikk

– Er religion eit tema som er vanskelegare enn andre å formidle?

– Nei, eg tenkjer ikkje at det er noko meir å problematisk å formidle om religion enn anna. Men det er kanskje noko som engasjerer meir. Det blir jo formidla om religion heile tida, både på skolen og i kyrkjar og andre gudshus heile tida i alle samfunn. Og mykje er det sikkert bra, og mykje er sikkert møl. Eg for min del er opptatt av at tru handlar om å tru, ikkje om å vite. Samtidig så er det i ulike religionar store tradisjonar med intellektuelle diskusjonar, seremoniar, historiar, myter – alt dette kan vere noko som lyser opp og varmar livet til oss som høyrer til dei ulike religionane. Eg høyrer nok til dei som synes at kommunikasjon om religion og tru gjer seg best når det heile tida er lov vere kritisk og undrande, seier Sveen.

Det går an å utfordre ungdom på at dei skal vere kritiske lesarar

Sveen har sagt opp jobben som formidlar for Foreningen !les, og vil sakne det han kallar «ein fin jobb med særs gode kollegaer».

– Kva har tida i Foreningen !les lært deg om formidling til ungdom?

– Formidling av litteratur til ungdom er basert på to søyler. Det er ikkje så viktig kva dei les, så lenge ein får dei til å lese. Det andre er at det òg går an å utfordre ungdom på at dei skal vere kritiske lesarar. Gi dei eit rom der dei kan seie si ærlege meining om boka dei har lese. Det er å gi dei makt og sjølvbestemmelserett. Når deira stemme blir høyrt, blir lesinga og deira oppleving av boka ei meistring og eit bidrag i den litterære offentlegheita.

– Eg har lært mykje med å sjå korleis ungdom møter bøker, fortel Sveen vidare. – Medan vi vaksne veit kva vi liker, er ungdom meir opne. Ungdomsbøker har også noko som vaksenbøker saknar, men som vår generasjon er i ferd med å snu opp på: Ungdomsbøker har sjuke forteljingar og stor dramatikk.

– Ein annan jury, ikkje Foreningen !les, vel og merke, har nominert Guds Barn til Ungdommens kritikerpris. Trur du at ungdommar kan lese Guds barn?

– Ja, eg trur absolutt boka kan lesast av ungdom. Eg trur det er ei god bok, og da kan den lesast av alle.

– Har du snakka med ungdommar som har lese boka di?

– Nei, men alle vi som er nominerte til prisen skal møte juryen med vidaregåandeelevar når prisen delast ut i mars. Det blir spennande!

Konverteringa

Sveen blei kristen som vaksen. Han vaks opp i ein human-etisk heim. Men han var fortapt i forteljingar. Han las 78 bøker om Hardy-guttene, og brukte mykje krefter på å få tak i bøkene. Sjølv hadde han ikkje råd til å kjøpe dei. Men kompisar av storebrødrene hadde. Sveen spora opp bok-eigarane og fekk låne. Han la seg i sjutida om kveldane, og las og las.

På skulen hadde han livssynsundervisning, ikkje kristendom. Men han skulka helst livssynstimane, sneik seg inn i kristendomstimane og fekk med seg bibelforteljingar. Favorittforteljinga var Den barmhjertlege samaritan. Og så blei Sveen vaksen, køyrte frå heimkommunen Fræna, og studerte bibliotekfag i Oslo. No har Vesaasvinnaren tre barn og tre eigne bøker. Guds barn er solgt til fleire land.

Favorittforteljinga var Den barmhjertlege samaritan

– Folk spør om eg ikkje blir nervøs av å dikte rundt Bibelen. For meg er det ei hjelp at mange allereie kjenner universet. Eg kunne hoppe bukk over symbolhendingar som krossfestinga. Mange ting treng eg ikkje skildre fordi folk allereie har bilde av det. Samstundes gjekk eg aldri tom. Karakterane bevegde seg, og tenkte ting.

– Var det også noko trygt i å ha ein «rett» tekst som grunnlag for din eigen?

– Dette er historier som eg har i ryggmergen. Det er eit opptråkka univers.

– Samstundes er det, som du seier – mykje fabulering. Stor innlevingsevne og empati med karakterar. Det er som om du har internalisert bibelhistorier, som om du har levd med dei «alltid», og som om du skriv naturleg på grunnlag av dei!

– Ja, og det var enno meir fantastisk i tidlegare utgåver. Monsterkaktusar og snakkande tre som blir til krossar. Det finnst jo ingen grensar for kva ein kan gjere. Forteljingar er ei så stor kraft.

Kaffekjelen kan ha vingar!

Sveen fortel at eit Dag Solstad-sitat i norskboka på skulen i si tid irriterte. «Gi ikke kaffikjelen vinger», stod det.

– Ein skulle skildre verda som ho var. Det ikkje vere slik. Eg er meir inspirert av Asbjørnsen og Moe enn av Dag Solstad, seier Sveen.

– Kva med Bibelen imponerer deg mest?

–Den kristne fellesskapen stod ilag i fred. Dei trudde på det same, og stod imot ei valdeleg overmakt. Sjølv då frontfigurar svikta, holdt dei vedlike det som dei trudde på. Dei trudde på historia om det å verne om eit barn. Det skjedde i ei tid då barn ikkje hadde noko verdi. Dei drap barn, då. Men i bibelhistoria kjem Gud til verda i form av eit barn, i ein stall. Det er sterkt.

– Trur du bibelhistoriene kan gjere oss til gode mennesker?

– Ikkje tekst aleine. Berre tekst kan bli misbrukt og kan bikke i mange retningar. Det er med religion og tru, som med utopiar: Det sklir lett ut i faenskap. Då er samtalen om teksten viktig. Om vi sluttar med den kontinuerlege samtalen, då kan det gå galt.

– Allereie i debutboka di skriv du om tilhøvet mellom religion og ideologi, då ein borgarmeister hevdar at religion og politikk er det same.

– Eg kjem til å halde fram med å skrive om slike tema. Men no har eg vendt blikket ut av Noreg, avsluttar Sveen. Som altså set kursen mot Tanzania.

Teksten var først publisert på Kopinors lærarportal Fabelaktig Formidling.