Aktuelt

Diktafonar (2)

NRKs vedtekter sin paragraf 14 stadfestar at allmennkringkastaren skal styrke norsk språk og kultur. Eit underpunkt til paragrafen seier at (a) NRK skal reflektere det…

hatloey-kjartan

NRKs vedtekter sin paragraf 14 stadfestar at allmennkringkastaren skal styrke norsk språk og kultur. Eit underpunkt til paragrafen seier at (a) NRK skal reflektere det geografiske mangfoldet i Norge og ha et godt lokalt tilbud og lokal tilstedeværelse, og (e) at NRK plikter å sende innhold som enten er produsert i, eller som tar det innholdsmessige utgangspunkt i, distriktene. NRK skal ha distriktssendinger alle hverdager. Nettopp det at Poesitids Harald Overå tok turen til Ytre Sogn og intervjua diktaren i det han kallar “sitt naturlege habitat” framsett Hatløy som særleg viktig. Likeins reiste også journalistar til stadane der poesien vart skapa, gjennom programmet Min ønskedikter. Då NRK la Min ønskedikter ned i 2001 kom heller misnøgde kronikkar og lesarbrev i m.a. Aftenposten, med titlar som “Forfallet i kulturkanalen”. 

Men så kom erstatningsprogrammet «Diktafon», der ein stor andel norske, publiserte poetar har vore gjestar. Diktafon har vore modig og invitert inn debutantar så vel som gamle travarar. Eg snakkar med meir og mindre etablerte forfattarar som har fått sin halvtime i P2, i samtale med eller i opptak frå Annelita Meininch. Kjartan Hatløy er fødd og oppvaksen i Sunnfjord og er framleis busett der. Han debuterte som lyrikar i 1996 med Solreven, og har sidan gitt ut ti diktsamlingar, skrive prosa og essayistikk, og var i 2011 nominert til Brageprisen for Fjord. Sisteboka hans er nominert til Ungdommens kritikerpris. Det siste halvåret har han óg vore oppteken med ein filmskapar som lagar ein dokumentarfilm om diktaren. Eg spurde Hatløy kva det betydde for hans forfattarskap å vere profilert i P2s diktprogram av varierande form. Hatløy svarar:

Hei Mette Karlsvik. Takk for førespurnaden. Eg har hatt god nytte av Diktafon og i si tid var det vel Poesitid. Trur at for meg var det viktigaste den gode kjensla av at diktverksemda mi var lagt merke til såpass at eg «kunne komme på radio». Det var ei stadfesting overfor mitt miljø her som ikkje er mykje diktlesande, at det ikkje var berre noko tull eg dreiv på med. Så var det og ei interessant oppleving det å komme i studio og skulle få delta i ikkje berre i Førde men i riksdekkande kanal. Det laga ein god intens spenning og eg har vel ikkje lese opp med betre framføringsnivå enn der. Hadde ikkje vondt av no under Meinich å få bryne meg på hennar urbane verdenssikt på dikt. Eingong fekk eg hennar spørsmål «Hva er egentlig en li».. Eg vart sett ut då nokre sekund, men seinare tenkte eg at slikt har eg godt av, eg som for det meste har budd ruralt.

Eingong fekk eg hennar spørsmål «Hva er egentlig en li».. Eg vart sett ut då nokre sekund, men seinare tenkte eg at slikt har eg godt av, eg som for det meste har budd ruralt.

Eg vonar NRK vil sette inn eit nytt program som krinsar om dikt. Vårt folk treng at det vart laga dikt. Dei treng det saktare og stillare tempo som er i tileigning av dikt. Både lette «fjom» «små pynteaktige dikt, «puseaktige dikt» og  vare dikt ungdommelege dikt og om mogleg artige dikt. Dikt som fremjar det vakre, som fremjar tenking, ikkje minst ikring menneska sine grunnvilkår, som er det eg sjølv meiner eg driv på med. Vi lyt ha eit nytt diktbasert program så ikkje folkets kulturelle «himmel» skal smuldre bort. Vi må ha oppatt dette Heidegger kalla i Daseinsanalysen «eigentlegheit”. At det er alvor å vere eit menneskeliv. Det er langt større enn det underhaldnings- og reklamehelvete ein no så å seie døgnet rundt byr oss. Harald Overå i Poesitid kom endåtil på besøk til meg her i Ytre Sogn. Den ordninga var jo noko særs bra, den bør innførast i det nye programmet. Diktarar i deira habitat! Med helsing Kjartan Hatløy.

Vi lyt ha eit nytt diktbasert program så ikkje folkets kulturelle himmel skal smuldre bort.