Aktuelt

Diktartavla 2016 til Hanne Bramness

– Poesien til Bramness er original og tankevekkjande, og me er glade for å kunne heidra ho med Diktartavla 2016, seier dagleg leiar Geir Netland…

hanne_bramnes_foto_tine_poppe

– Poesien til Bramness er original og tankevekkjande, og me er glade for å kunne heidra ho med Diktartavla 2016, seier dagleg leiar Geir Netland ved Olav H. Hauge-senteret.

Hanne Bramness er ei markant stemme i norsk samtidslyrikk og har skrive diktbøker både for unge og vaksne lesarar. Bramness har sidan debuten i 1983 gjeve ut til saman 14 diktsamlingar, 17 gjendiktingar og ein ungdomsroman. Ho har òg vore initiativtakar og redaktør for gjendiktingsprosjektet Stemmens kontinent, og har løfta fram diktarar frå landa rundt Nordsjøen. Tematisk har forfattarskapen kretsa rundt det utsette og ordlause, minne og manipulasjon av minne. Ho har alltid vore oppteken av kva som gøymer seg bak det umiddelbart synlege. Bramness les eigne tekstar under tilstellinga. Diktartavla vert utdelt årleg av Olav H. Hauge-senteret og Hardanger folkemuseum.

Priskriterium

Diktardagen er eit årleg arrangement der ein heidrar ein norsk forfattar ved at ei diktartavle av vedkomande blir lagd ned på Diktarstien ved Hardanger folkemuseum. Den første dikttavla vart lagd ned i 1992, og dagen vart etablert offisielt på 85-årsdagen til Olav H. Hauge i 1993. Hauge var sjølv med og tok initiativet til Diktarstien.

Prisen Diktartavla skal heidra ein markant norsk forfattarskap. Forfattaren må ha utmerka seg særskilt innanfor lyrikk. Diktardagen skal også fremja positiv merksemd om norsk lyrikk. Prisen skal gå til ein norskspråkleg nolevande forfattar som har gjeve ut minst to eigne diktsamlingar. Prisen vert gjeven for heile forfattarskapen. Det skal ha gått minst ti år sidan forfattaren bokdebuterte, men debuten treng ikkje å ha vore ei diktsamling. Over tid skal prisen fordelast jamt mellom nynorsk og bokmål.

Diktarstien 1993-2015

Diktarstien er plassert i museumstunet på Hardanger folkemuseum på Utne. Den første dikttavla vart lagt ned allereie i 1992, men stien vart offisielt innstifta i høve Olav H. Hauge sin 85-års dag i 1993. Diktaren frå Ulvik var sjølv med på å ta initiativet til Diktarstien.

Kvar år vert det arrangert ein diktardag ved museet, og ei ny dikttavle vert lagt ned i stien. Bilethoggaren Cecilie Broch Knudsen er ansvarleg for utforming av tavlene.

2015 Kjartan Hatløy
2014 Cecilie Løveid
2013 Arvid Torgeir Lie
2012 Ellen Einan
2011 Maria Parr
2010 Pedro Carmona Alvarez
2009 Ivar Aasen
2008 Eldrid Lunden
2007 Kolbein Falkeid
2006 Ole Paus
2005 Jakob Sande
2004 Jon Fosse
2003 Aslaug Vaa 
2002 Anne B. Ragde
2001 Rune Belsvik
2000 Frode Grytten
1999 Ragnar Hovland
1998 Kjartan Fløgstad
1996 Halldis Moren Vesaas
1995 Jan Erik Vold
1994 Robert Bly
1993 Olav H. Hauge
1992 Terje Johansen