Aktuelt

Drama, poesi og prosa i skjønn forening

Skjønnlitteratur i dramatikk og dramatikk i skjønnlitteratur. Det ibsenske og hamsundske, det er det smale tema for årets Ibsen-Hamsundagar i Grimstad. Då les Lars Petter Sveen…

Årets Terje Vigen-opplesning er ved Mads Ousdal, søndag 6/8

Skjønnlitteratur i dramatikk og dramatikk i skjønnlitteratur. Det ibsenske og hamsundske, det er det smale tema for årets Ibsen-Hamsundagar i Grimstad. Då les Lars Petter Sveen ei heilt nyskrive novelle. Anne Marit Jacobsen og Benedicte Maurseth lagar sceneverk av Inger Hagerups poesi, og Arne Lygre står i fokus som forfattaren som “Noregs Harold Pinter” og samtidig bragevinnande skjønnlitterær forfattar. 

– Målet er å skape eit kunstverk som ein annan kunstnar kan lage eit nytt kunstverk frå, seier Arne Lygre. Han snakkar frå scena i Apotekergården, Grimstad, om grenselandet prosa og dramatikk; om prosaen i La deg være og om dramatikken i prosadebuten Tid inne. Lygre vann rett og slett Brageprisen for debutboka si, novellesamlinga . Som dramatikar har han vunne fleire Ibsenprisar, er omsett og oppsett i inn- og utland, og berre i ei veke i september har to av spela hans; Jeg forsvinner og La deg være premierar i Montreal, Berlin og Beijing. 

Lygres dramatikk er kjenneteikna av forteljingane i replikkane. Karakterar fortel gjerne kvarandre kva kvarandre gjer og seier, før dei gjer og seier det. Dei fortel kva som skjer før det skjer, og skapar både etterrefleksjon og sideblikk på hendingar og karakterar. Det smale og særeigne til tross; Lygre er av dei viktigaste litterære eksport-“artiklane” frå Noreg. Og sjølv om dramatikken er av dei eldste disiplinane innanfor litteraturen, er ikkje Lygre så mykje kjent som han kanskje burde. 

Inger Hagerup til scena

– Så deilig å kunne bli stemd slik. Skulle ønske eg kunne bli det, seier Anne Marit Jacobsen medan Benedicte Maurseth stemmer den sårberre hardingfela. Jacobsen les tekstar av Inger Hagerup; både gjendiktningar som ho gjorde av m.a. Emily Dickinson. Men også essayistikk, les ho, som, dette sitatet, frå Hagerup: «Forskjellen  på eit dikt og eit måleri er at måleriet er der. Og diktet blir.» (…) «Arbeidet av å skrive poesi består i å lytte seg fram til kva denne strofa vil. (…) Lokke fram sanninga om diktet. Det er som om grunnstrofen skyt rygg og freser, om det ikkje får det naboskapet det vil ha.» 

– Inger stadfesta, med ein viss ironi, at ho ikkje er tilhengar av dei som skriv dikt i umedvite tilstand, seier Jacobsen: For det krev konsentrasjon å lytte seg fram til det. Det er ingen livsfjern aktivitet, det å skrive dikt.

img_2204.jpg