F. P. Jacs minnelegat til Dragseth

Terje Dragseth (f. 1955) er både diktar, musikar og filmskapar, har tidlegare fått m.a. Triztan Vindtorns poesipris, og får den danske prisen for sitt kunstnarskap….

uten_navn

Terje Dragseth (f. 1955) er både diktar, musikar og filmskapar, har tidlegare fått m.a. Triztan Vindtorns poesipris, og får den danske prisen for sitt kunstnarskap. Prisen blir delt ut i Fredriksberg 8. september, og er eit litografi, 25000 danske kroner, og ein resepsjon med talar og påskjønning. Dei som deler ut prisen skriv dette i ei pressemelding: "Bag F. P. Jacs Mindelegat står en gruppe mennesker, der ønsker at hædre udvalgte personer, som med hjerte,højt humør og i Jacs ånd på den ene eller anden måde gennem deres dygtighed,deres værk, deres engagement, kort sagt deres aktiviteter har beriget den tid og det samfund, vi lever i."

Dragseth blir snart å sjå på og høyre frå scenen. På Sentralen i Oslo, onsdag 31. august, skal han samtale med Endre Ruset og Liv Lundberg om sistmente forfattarar sine gjendiktningar av Inger Christensens "Det" og "Alfabet".