Aktuelt

Forfattarane og stipenda

Sist laurdag publiserte Klassekampen ein kronikk av Monica Aasprong. Kronikken formidla Aasprongs syn på fordelinga av stipendmiddel forfattarar i mellom. DnF har fått lov tli…

Sist laurdag publiserte Klassekampen ein kronikk av Monica Aasprong. Kronikken formidla Aasprongs syn på fordelinga av stipendmiddel forfattarar i mellom. DnF har fått lov tli å publisere debattinnlegga, og begynner med leiar i Det litterære Råd, Stein Versto. Hans innlegg er frå dagens KK:

(Foto: Mette Møller/ DnF)

Forfattarane og stipenda

Under tittelen ”Stipendspråket” har Monica Aasprong ein kronikk i Klassekampen laurdag 9. april der ho kritiserer Det litterære Råd i Den norske Forfatterforening for måten stipendmidlane til norske forfattarar blir fordelte på. Dette har utløyst ein debatt som er mitt utgangspunkt for å seia noko om korleis Det litterære Råd arbeider, og kvafor motiv og kriterium som ligg til grunn når stipenda blir fordelte.

Rådet er Forfatterforeningens sakkyndige utval i litterære spørsmål. Det deler ut Tarjei Vesaas’ debutantpris, tek stilling til medlemskapssøknader, fungerer som stipendkomité for Statens kunstnerstipend, og fordeler i tillegg DnFs eigne stipendmidlar. Den kompetanse medlemmene i Rådet sit inne med i forhold til norsk samtidslitteratur kjem òg til nytte ved at ulike instansar i det litterære rom nyttar oss som jury ved tildelinga av prisar, så som bl.a. Bokhandelens forfatterstipend, Tanums kvinnestipend, Rogaland fylkeskommunes stipend og Bjørnsonstipendet.

Rådet har ni medlemmer, valde av årsmøtet i Forfatterforeningen og henta frå DnFs medlemsmasse. Medlemmene blir valde for to år om gongen, og kan ikkje sitje lenger enn seks år. Det skjer ei stadig rullering og utskifting av medlemmer, og det er såleis ikkje få av medlemsflokken i Forfatterforeningen som gjennom åra har ytt sin innsats i Rådet. Dei som måtte ønskje å vite kven som er med, vil finne namna på rådsmedlemmene ved å gå inn på Den norske Forfatterforenings nettsider (www.forfatterforeningen.no); og gjer ein det, vil ein fort oppdage at ulike litteratursyn og sjangrar er representerte. Dette blir då også vektlagt ved opptak av nye rådsmedlemmer, og i tillegg er det fokus på at begge kjønn og målformer skal vera representerte.

Det er ei rekke norske forfattarar som søkjer stipend, både medlemmer av Den norske Forfatterforening og ikkje-medlemmer. Kor vidt ein søkjar er medlem eller ikkje, tel ikkje ved tildelinga av stipend. Talet på søkjarar er stort, og det seier seg sjølv at det er uråd å gi stipend til alle. Ei av utfordringane for Rådet er såleis å einast om korleis stipenda skal fordelast. Her kan det vera ulike meiningar, og avgjerdene blir fatta dels ved at ein diskuterer seg fram til konsensus, dels ved fleirtalsvedtak. Monica Aasprong kjem med fleire grunnlause påstandar i sin kronikk, men om ein skreller bort desse, blir ein ståande att med ei problemstilling som ho er inne på, og som det avgjort er verdt å diskutere – eit spørsmål som er til kontinuerleg debatt i Det litterære Råd, men som vi gjerne ser fleire delta i: forholdet mellom ”elite” og breidde. Fleire spørsmål knyter seg til denne problemstillinga, bl.a.: Kva er litterær kvalitet, litterær verdi? Kvifor skal ein forfattar ha økonomisk støtte til sitt kunstnarlege arbeid? – I drøftinga av desse spørsmåla kan det vera klårgjerande å skilje mellom Staten og Den norske Forfatterforening som stipendgivarar.

Aller først: Det kan vera greitt å minne om at når eit samfunn, dvs. Staten, bestemmer seg for å støtte sine forfattar med stipend, er det ikkje etter noko slags kvantitativt rettferdsprinsipp. I ein viss forstand er forfattarane uinteressante, i dette perspektivet. Eit samfunn støttar sine forfattarar fordi det har innsett at det treng den gode litteraturen. Det treng litteraturen for si sjølvforståing; for å ha eit prisme som nye innsikter kan brytast gjennom; for å bli mint om at den lange, langsame og ettertenksame skrifta, og lesinga, og samtalen – er eit grunnleggjande kriterium for ein kultur med sjølvrespekt. Det treng litteraturen, og kunsten generelt, fordi kunstnarens posisjon som sensitiv observatør, talerør, rebell, profet, gjøglar, outsider og visjonær opnar for perspektiv og innsikter, kviskringar og rop som kan vera livsnødvendige. Kanskje må ein forfattar skrive i mange år før denne dimensjonen i hans eller hennar skrift blir oppdaga. Kanskje ser dei som formidlar økonomisk stønad denne dimensjonen hos ein forfattar, kanskje ikkje. Kanskje er det først lenge etter hans eller hennar død at det genuine i forfattarskapen blir oppdaga. Poenget er sjølvsagt at ved raust å setje av økonomiske midlar til sine kunstnarar, og i visse tilfelle for ein periode å gi nokre av dei eit særleg armslag, styrkjer samfunnet potensialet for ein slik sjølvrefleksjon. Og det kan ikkje anna gjera enn å toe sine hender og håpe at det er dei rette forfattarane som får stipend.

Når det så gjeld Den norske Forfatterforenings eigne stipend, kan det tenkjast at saka stiller seg annleis: Kanskje er det rett i større grad å ha sosiale faktorar in mente, og tenkje breidde, i tildelinga av desse stipenda, og å prioritere at så mange som råd skal få stipend? Kanskje vil norske forfattarar meine at det skal delast ut fleire stipend – og dermed mindre summar innan kvar tildeling. Kanskje vil dei gå inn for å prøve ut ei eller anna form for rullering, eit slags ”tur-og-orden-prinsipp”? – Det er medlemmene i DnF som bestemmer kven som skal sitje i Det litterære Råd; og det er medlemmene som legg rammevilkåra for Rådets arbeid. Og difor vil det då også kunne skape uante og svært uheldige konsekvensar for forfattarane, om dei skulle gi frå seg den avgjerdsretten dei har, i stipendtildelingane pr. i dag, med Rådet i si noverande form. Det er ikkje strukturelle endringar som trengst her. Det vi treng, er ein sakleg og god dialog om kva Rådet gjer, korleis det fordeler. Den debatten har vi no fått, og det er bra, sjølv om den primært høyrer heime i Forfatterforeningens eigne fora.

Det sitjande Rådet har, så langt og i samsvar med innarbeidd praksis gjennom mange år, prøvd å følgje eit både-og-prinsipp der vi på eine sida gir arbeidsstipend, for opp til fleire år, til ein del forfattarar og mindre diversestipend til ein heil del andre – ikkje minst med innsikt om at for eksempel 30.000 kroner kan vera gull verdt for ein forfattar, for eksempel ved at det gir høve til å ta ein månad fri frå anna arbeid for å ferdigstille eit manus.
Til slutt skal det også seiast at støtten til norske forfattarar gir utteljing. Vårt land har ein rik og mangslungen litteratur som ville ha vore langt fattigare utan støtteordningane, og den stadig aukande interessa for norsk skjønnlitteratur i utlandet er ytterlegare eit teikn på dette.

Stein Versto
leiar i Det litterære Råd