Aktuelt

Forfattarsleppet 2017 er opna

Kvar haust samlar Forfattersentrum mange av forfattarane som har bok det året til «forfattarslepp». Festivalen skjer i Bergen, og dei siste åra mykje på Litteraturhuset…

Collage laga av Forfattersentrum

Kvar haust samlar Forfattersentrum mange av forfattarane som har bok det året til «forfattarslepp». Festivalen skjer i Bergen, og dei siste åra mykje på Litteraturhuset i Bergen. Men også bokhandelen Norli Galleriet blir brukt som scene for opplesningar og bokprat. På programmet står m.a. opplesning med debutantar (torsdag klokka 18) med påfølgjande poesikonsert med lesing v. Lars Aamund Vaage. Fredag får ein opplesning frå dei nye bøkene til m.a. Kristian S. Hæggernes og Gaute Sortland, og konsert med eitt av banda til Sortland, Bergen Mandolinband.