Aktuelt

Forfattersentrum skal utgreie muleg namnebytte

I eit innsendt forslag oppmodar Helga G. Eriksen at årsmøtet skal gå inn for at Forfattersentrum sitt styre skal utgreie mulegheita for å bytte navn….

img_1356

I eit innsendt forslag oppmodar Helga G. Eriksen at årsmøtet skal gå inn for at Forfattersentrum sitt styre skal utgreie mulegheita for å bytte navn. Av grunnane hennar er at ho meiner namnet ikkje seier nok om kva organisasjonen gjer og er. Ho meiner at det vil vere ein høveleg ting å gjere under NFs 50-årsjubileum neste år. Til kva namn er ikkje spesifisert no. Eriksens forslag fekk fleirtal. Så fram til neste Årsmøte skal styret gjere for kva eit namnebytte innebær, og eventuelt sjå på potensielle namn.

På programmet er også ein paneldebatt om lyrikk og kringkasting, med diktar Sandra Lillebø, førsteamanuensis i sosiologi, Arve Hjelset, kanalsjefen i P2, Ole Jan Larsen og debattleiar Cathrine Strøm.

«Annelita Meinich gjer ein strålande jobb. Men vi gjer likevel lurt i å fornye,» seier Ole Jan Larsen. Han seier at «P2 har som ambisjon å treffe dei kultur- og nyhendeinteresserte lyttarane,» og lovar at dei skal bli endå flinkare på lyrikk. Av områda han meiner P2 har vore mindre gode på er å presentere dei dikta som lyttarane allereie har eit godt forhold til. 

img_1364.jpg