– Formidling, først og framst

– Klimakrisa er den største trugselen for menneskeheita i dag, seier Gaarder. Han er livredd. For tida skriv og uttalar han seg nesten berre om…

gaarder_viki

– Klimakrisa er den største trugselen for menneskeheita i dag, seier Gaarder. Han er livredd. For tida skriv og uttalar han seg nesten berre om eitt: Om klima. No bruker han dei sterkaste verkemidla og mest presise verktøy. Læraren Gaarder samarbeider med forfattaren Gaarder, i ungdomsromanen Anna, en fabel om klodens klima og miljø. Med pedagogikk, didaktikk, dramatikk og litt kjærleik ønskjer Gaarder å redde verda. 

– For meg er dette først og framst eit formidlingsprosjekt, seier Gaarder om Anna. Romanen har ein god del essayistisk stoff, og sakprosa. Faglitteraturen er pakka inn i kjærleikshistoria mellom Anna og Jonas. 

– Kjærleikshistoria er sukkeret som får ned det tyngre, essayistiske stoffet, seier Jostein Gaarder, som veit vel korleis han lokkar unge folk inn i intrikate tankegangar, der trapper kan vere bratte, djupa mørke, men gleda av opplyste oppturar stor.

– «Brukar» du Anna og Jonas, for å formidle det du er oppteken av?

– Det stemmer! Eg argumenterer for mitt eige miljøengasjement gjennom karakteren Anna. Eg har tenkt mindre på Anna som eit kunstnarisk prosjekt enn det eg har gjort med tidlegare bøker. Eg har ingen problem som forfattar med å innrømme det heller. Tema er for viktig, seier Gaarder.

 

Og tema skal vi snakke meir om snart. Men først: Kven er Jostein Gaarder?

 

Dette er Jostein Gaarder

  • Fødd i Oslo i 1952
  • Tok artium ved Oslo Katedralskole i 1971
  • Studerte nordisk og idé og religionshistorie ved UiO
  • Lærar ved Valler gymnas i Bærum 1978–81, Fana folkehøgskule 1981–91, for ex-phil-studentar ved Folkeuniversitetet i Agder 1985–89
  • Arbeider no som skjønnlitterær forfattar på heiltid

TV2 Skoles «kollega», NRK Skole har dette klippet frå Dagsrevyen 25. september 1993. Jostein Gaarder fortel korleis han tenkjer om menneska, historien og om kven Adam og Eva var. Elever ved Fana folkehøgskule fortel kva dei meiner om Gaarder.

pastedGraphic_1.pdf
Jostein Gaarder om Adam og Eva (5:43 min)

 

Portrett av forfattaren som ung lærar

Jostein Gaarder skreiv fem–seks lærebøker i faga sine ved sia av læraryrket før han blei skjønnlitterær forfattar på heiltid frå 1991. «Lærebok» har ho også vore kalla, romanen om filosofiens historie, Sofies Verden. For mange ex-phil-studentar har denne boka vore ein lettare veg inn til eit komplisert stoff. Skjønnlitteraturen er grepet som Gaarder brukar – også i Anna. Ei lærebok kledd ut som roman. 

Eg møter Gaarder nokre månadar etter at boka kom ut. Det er Humanistisk Uke i Skien, og eit arrangement med Gaarder på Ibsenhuset. Under overskrifta «Tid for tanken», snakkar Gaarder om korleis formidle eit upopulært bodskap. Konklusjonen: Gode forteljingar vil alltid trenge gjennom, sjølv hos dei som er som mest bortskjemte med høg teknologi og digitale effektar. Forfatteren treng knapt dramatisere hendingar, når tema hans er menneskeskapte endringar i naturen.

pastedGraphic_2.pdf

Gaarder leser fra Anna på Ibsenhuset i Skien © Even Gran

– Vi lever i eit tidsskifte, og vi har fått eit mykje større ansvar for jorda og artane enn vi hadde for berre 10-15 år sia. Vi som lever i dag er dei første som i fundamental grad er med på å endre jorda, som er med på å utradere artar, til dømes, og som slepp å betale prisen for å gjere det, seier Gaarder.

Det første kapitlet av Anna er eit minne frå ein nyttårsaften då Anna var ti: «I løpet av én og samme kveld gikk de ut av det ene året og inn i det andre. De tråkket over en usynlig grense mellom det som hadde vært og det som skulle komme.»

– Anna blir ein miljøaktivist. Kva har barndomsminnet å gjere med det?

– Det er eit varmt og levende minne, som ho har eit affeksjonsforhold til. Det gjer henne svært glad i naturen, og motiverer henne til å ville ta vare på kloden. 

– Anna går frå å vere femten til å bli seksten år. Og går frå å kanskje vere i lag med Jonas til å vere kjærasten hans. På kva måte er kjærleik ein motivasjonsfaktor for karakterane i boka? 

– Det er vel nokre erotiske motiv her. Men dei kjem oftast fram i draume, der Anna støtt og stadig ser seg sjølv i raude sko og i lag med ein litt mystisk og spennande arabisk gut, seier Gaarder, som skildrar ei Anna som også er motivert til miljøvern med bilda som ho får av oldebarnet sitt – Nova – som alt teiknar på at Jonas vil bli oldefaren til. 

Først seinare kommer svaret. Så får ein tid til å tenkje sjølv

«Det er ei verkeleg god bok fordi den setter masse tanker i gang: Først stiller den eit spørsmål. Og først seinare kommer svaret. Så får ein tid innan svaret kjem, tid til å tenkje sjølv». Slik svarar ein elev ved Fana Folkehøgskule NRK i 1993, etter å ha lese Sofies verden som ein del av filosofiundervisninga.

Tjue år seinare returnerer Gaarder på mange måtar til formelen frå 1991. Som i Sofies verden, er det ei ung jente og ein eldre vegleiar. Anna i romanen snakkar med ein psykiater om framtidsbilda sine.

– Økopsykologien er ei retning som ser på korleis vi har fjerna oss frå naturen. Naturen er «der ute», til forskjell fra det som er nærmast oss, som er «her inne». Folk kan vere treige til å endre seg. Vi fryktar endring. Men kan ikkje det då også bli ei løysing: Viss det går opp for folk at veret blir endra – for alltid?

– Folk er laga på den måten at vi har eit godt horisontalt syn. Vi ser utover og ser etter farar og plassar å gøyme oss. Vi ser einannan, det som er nærmast: «Eg ser på deg og du ser på meg». Vi er ikkje laga til å sjå vertikalt. Vi må ta grep, må heve oss over naturen, og gjere noko kulturelt, seier Gaarder.

– Kvifor held folk, unge som gamle, dei vanskelege informasjonane og innrømmingane unna?

– Klimakrisen er som eit lite dyr som kjem inn i huset, og som ein ikkje orkar å fjerne. Det veks seg stort, heilt til det er så svært at ein ikkje får det ut. No byrjar det å bli stort, seier Gaarder, som sår von når han fortel kvifor han trur det framleis nyttar å skrive om klima: 

– Om kvar nordmann betalar 2000 kroner i året, kan vi redusere klimautslepp med 60% innan 2050. Men regninga stig for kvart år vi ikkje gjer noko. Til slutt klarar vi det ikkje. Difor er det viktig at vi gjer noko snart, seier Gaarder, og har ikkje tid til å snakke med oss om lærar-verktøya. Han har det for travelt med å bruke dei. 

Mette Karlsvik baserer dette intervjuet på eit møte med Jostein Gaarder i Skien. Det var først publisert på Kopinor sin lærerportal Fabelaktig Formidling. Foto © Even Gran