Aktuelt

– Gløden vart tent i sogelandet

Då Merethe Bratsberg Aae flytta frå Austlandet til Averøya på Nordmøre, kom ho frå Ibsens fødeby til ein kommune utan kulturkonsulent. Ho fann ingen litterære…

Merete Bratsberg Aae på Ungdommens kritikerpris' tiårsjubileum, der ho holdt eit foredrag om korleis ho jobbar med Steinar Opstad (bildet) sin lyrikk

Då Merethe Bratsberg Aae flytta frå Austlandet til Averøya på Nordmøre, kom ho frå Ibsens fødeby til ein kommune utan kulturkonsulent. Ho fann ingen litterære miljø, lesesirklar, forfattarmøte, bokbad, og -foredrag, og lagde det ho sakna sjølv. Sidan 2009 har difor forfattarar som Jan Kjærstad, Edvard Hoem, Merete Lindstrøm, Vigdis Hjorth, Jon Michelet, Maria Parr og Herbjørg Wassmo tatt buss eller vore køyrt over holmar og Atlanterhavsvegen til Averøya, der Bratsberg Aae ikkje berre gir seg sjølv og sine nærmaste bokbad og forfattarmøte, men også lesesirklar: informasjon til eit mykje, men einsamt lesande folk, om korleis dei kan organisere seg og samle seg til felles litteraturoppleving.

Så korleis har reisa vore, litterært sett? Bratsberg Aae fortel om det å vokse opp i Skien, og om måten diktaren var tilstades og ikkje i byen og barndommen hennar: 

– Eg voks opp I Skien i eit lågkyrkjeleg miljø som var trygt og inkluderande, men ikkje særleg akademisk eller litterært. Det var liten interesse for litteratur heime hos oss (familie på fem, eg har to yngre brør). Eg brukte bibliotekfilialen på Åfoss (takk til bibliotekar Anne Mette Vold) og etter kvart Skien bibliotek mykje. Bibliotek har heile livet betydd veldig mykje for meg. Skien er jo kjent som fødestaden til Henrik Ibsen. Eg var heldig, for lærarane mine, Nils Kristen Kristensen og Thor Gundersen formidla lokalhistorie og Ibsen på ein god måte. Særleg hugsar eg fleire turar i Brekkeparken, museet i Skien, der det stod ein Ibsenfigur i ein glassmonter i full storleik. Skummelt. Ibsen var mest ein skodespelar som kledde seg ut og gjekk i bygatene, ein statue og eit namn (på kafear, gater, hus med meir) til eg starta å lese voksenbøker på vidaregåande. Eg gjekk ganske brått frå Sagaen om Isfolket til Ibsen, Undset og Hamsun. Hedda Gabler var det første stykket eg fordjupa meg i, og det var fantastisk å skrive oppgåve om det. Eg las det saman med andre tekstar frå nyromantikken. Ibsen har blitt viktigare etter kvart som eg blei skikkeleg vaksen. Har lytta til lydbøker (NRK) frå biblioteket mange gonger, har sett litt på teater, men eg bur langt frå teater, så det er sjeldan. Eg såg ein 6-timar lang førestilling med Peer Gynt i Skien i 2008 og det var heilt fantastisk. Ibsen Venstøp er eg innom når eg kan og eg har fått med meg ulike Ibsenprogram på sommaren når eg har vore Ibsenturist heime. Mykje bra. Eg er ikkje så ofte heime i Skien, men dei eg har kontakt med der er lite entusiastiske for han. Det er vel mest namnet Ibsen dei kjenner, ikkje innhaldet i skodespela. Men så kjem eg altså ikkje frå eit litterært-kulturelt miljø. Men det er ein stor skatt å ha med seg, barndomsminne og denne diktaren, som blandar seg, når eg studerer stykka hans framleis. Det gir nok Ibsen ein spesiell plass i hjartet mitt. Eg kjenner dei lokale referansane han har med. Kammerherre Bratsberg til dømes. Ny bok no om Familien Ibsen av Jørgen Haave. Ligg klar til lesing på stuebordet mitt. Gler meg. 

– Så vil eg gjerne at du fortel kva du har studert, kor, og kva dét gjorde med interessa di for litteratur. Og når på denne vegen vart ein glød tent, om ein kan seie at det har skjedd? 

– Sommaren før eg starta i 2. klasse på handel og kontor (eit feilval, men det skjønte eg litt for seint), fekk eg jobb i ein bokhandel, Aaser Libris. Eg jobba i feriar og helger. Da eksploderte bokinteressa mi. Eg trur eg tente meir bøker enn pengar (fekk handle til rabatt). Eit par gonger var eg med på forfattarmøter for folk som jobba i bokhandel. Det var magisk. 

Eg fekk viktige impulsar frå nokre venner som likte å lese. Ei dro meg med på Diktets venner på Skien bibliotek. Ho hadde Viktoria Holt-romanar heime, hugsar eg. Så eg gjekk over frå ungdomslitteratur til slottsromanar og demonane til Margit Sandemo. Men så var vegen kort til klassikarar og litteratur frå heile verda. Kjekt med vaksne som kunne hjelpe. Anbefalingane frå Wenche Evensen satte eg stor pris på. Eg lånte mange bøker av ho. 

Så lenge eg har visst kven du er, så har eg tenkt at du er unikt interessert i dei skrivne orda. Men er du? Og kva ord, kven sine, kva type litteratur sett du høgst?

Eg gjorde meg ferdig med handel og kontor, og var overmoden for å studere det eg endeleg hadde skjønt var greia mi: litteratur. Eg vurderte å søke bibliotekarhøgskolen, men eg ville ikkje til Oslo. Så blei det heller ein tur til høgskolen i Telemark, Bø. Hausten 1990. Der tok eg norsk og engelsk mellomfag (og historie grunnfag). Eg kosa meg så vanvittig med litteraturstudiet, men ikkje så mykje med språkdelen. Eg gjekk på ekstraførelesingar i Bok og media (bokbransjestudiet) og møtte opp når forfattarstudiet hadde opne førelesingar. Bokkafeen på Kroa var bra. Særleg hugsar eg at Halldis Moren Vessas var der. Eg fekk viktig inspirasjon frå Ingrid Brustad, som kom frå Wergelandstraktene (ved Eidsvoll). Vi las dikt, gjekk langs Bøelva og diskuterte og jobba mykje med litteratur, langt utover pensumlista.  Eg trur vi nesten åt dikt. Mellomfaget i norsk var det mest magisk av alt. Vi var ein liten gruppe som dro på tur til Vest-Telemark. Eg fekk augene opp for mykje på den turen. Ekteparet Vesaas, tvisynte Aasmund O. Vinje, folkekulturen i mitt eige fylke, nynorsk og heile det sogelandet som Vest-Telemark er. Her blei gløden tent. 

Eg jobba to somrar på eit bibliotek på sørvestlandet i studietida mi. Hadde det som plomma i egget. Eg kan bu i bokhyller. 

Eg jobba eit par år ved Bø vidaregåande medan eg studerte (slutten av studietida). Bratt læringskurve: underviste ungdom og vaksne (kveldstid) frå eg var 22 år. Jobba så eit år ved Seljord vidaregåande skule. Flottaste miljø eg har vore borte i når det gjeld vidaregåande. Så gjekk turen til Møre og Romsdal. Der venta ei svigermor som var ein stor inspirasjon til leseglede, ho var norsklærar og hadde hyllene fulle av bøker. Dessverre døde ho ganske tidleg av kreft. Men ho rakk å vere til stor inspirasjon, og ho er det framleis gjennom gode minner og spor som ligg att.

Kva eg les? Eg les mykje norsk litteratur. Vekslar mellom klassikarar og samtidslitteratur. Gjennom lærarjobben les eg stadig tekstar frå heile litteraturhistoria vår. Åra i Bø ga meg ein særleg kjærleik til Tarjei Vesaas (særleg lyrikken hans), Draumkvedet (som eg fekk heim til Nordmøre trettande dag jul i år, med Øyonn Groven Myhren), folkediktinga og Ibsen. Men samtidig er alle stemmene til nye norske forfattarar viktige for meg. Eg tok eit fordjupingsemne som handla om noveller frå 1980-1990. Forfattarar gjekk ut og inn av dørene på høgskolen, særleg på grunn av forfattarstudiet. Det er spennande med litteratur som er heilt ny. Skal eg komme med favorittar må det altså bli: Tarjei Vesaas, Henrik Ibsen  og Sigrid Undset (av dei døde). Av dei levande: Jan Kjærstad, Jon Fosse, Edvard Hoem, Hanne Ørstavik (særleg starten av forfattarskapen) og Merethe Lindstrøm. 

Eg les ofte lyrikk og noveller, for det kan eg få tid til. Eg har eit hektisk liv med familie (mann og fire barn), to hus (kulturgarden og dyra), full jobb og airbnb-utleige på garden. Når eg har tid og ikkje blir avbrote, likar eg godt å lese lange romanar. Forfattarar som eksperimenterer med språk likar eg godt. Jon Fosse og du sjølv, Mette, er slike. Ein annan ting eg likar er metaforar og bildebruk, slik Jan Kjærstad gjer det. Måten han brukar «portal» for eksempel i Kongen av Europa

– Du driv óg ein blogg. Fortel om den!

– Eg starta å blogge i 2010. Namnet sogeland er direkte inspirert frå sogelandet Telemark, slik eg opplevde det å vere på Litteraturdagane i Vinje. Eg har lest mykje samtidslitteratur og skrive om det der. Veit ikkje heilt kor mykje bloggen blir lest. Få kommentarar, så det har dabba litt av. Men det er fint å skrive frå gode leseopplevingar. 

– Så er det Møre og Romsdal, der du endte opp. Korleis endte du opp der? Romsdal har sine opplagte litterære «personlegdommar» og sin historie. Men kva tenkjer du er potensialet for Nordmøre når dei no, etter denne nominasjonen, skal bli sett endå meir på kartet som litteraturregion?

– Eg har jo funne ein nordmøring, og eg fekk jobb ved Romsdal vidaregåande skule og jobba der 1995-1997. Da vi fekk barn, flytta vi til Averøya. Allereie første år i Molde, var eg innom fleire arrangement på Bjørnsonfestivalen. Paal-Helge Haugen hugsar eg mellom anna. Triztan Vindtorn. Etter kvart var eg frivillig og var på festivalkontoret og sprang rundt og gjorde ærend og fekk med meg mykje bra program. Dei siste 9 åra har eg vore så heldig å ha eit samarbeid med festivalen, slik at eg får låne ein eller to forfattarar og har eiget opplegg på Averøya. 

Magisk 2010: eg fekk bursdagsgåve som var å dra til Litteraturdagane i Vinje. Fekk høyre Kjell Askildsen, Hans Herbjørnsrud og Merethe Lindstrøm. Noveller var tema. Bonus: høyre Olav Vesaas lese Hesten i hogget (som å høyre Tarjei).

Bjørnsonfestivalen er eit stort pluss ved det å bu i området her. Eg elskar festivalen. Det er så mange forfattarar som eg fekk høyre før dei slo gjennom. Så har eg fått følgje dei. Første forfattarmøte eg arrangerte var i stua heime. Da kom Averøyas eigen forfattar, Vidar Kvalshaug. Over 40 personar var samla, og det ga meirsmak.

I tillegg har eg hatt forfattermøter med andre i eigen regi eller i samarbeid med ulike bibliotek. 

– Kva skal Nordmøre spele på, og korleis? Kva er dine drømmar og håp for Nordmøre som litterært sentrum i Noreg (hehehe). Ja, viss du vart bokminister på Nordmøre og skulle skissere ei litteratursatsing, eit område med sentrale møtestader og eit årshjul av arrangement, korleis ville det ha sett ut og kvifor?

– Kva skal ein seie om litteratur og Nordmøre. Det er mange som les og det er mange som set pris på at eg har vore ein pådrivar for litteraturformidling her. Men det er likevel litt einsamt arbeid til tider. Eg bur i ein kommune utan kulturkonsulent. Det var Ragnhild Berthinussen, siste kulturkonsulent, som hjelpte meg i gang med ein del prosjekt som fekk det til å ta av.  Eg er så glad for ho var der akkurat da eg trengte det. Kommunen har støtta meg til tider, via underskotsgarantiar og kommunale næringsfond, men det er lite aktiv støtte. Og når alt kjem til alt sit eg med det økonomiske ansvaret og har fleire gonger gått i minus. 

Eg sakna ein del ting da eg kom til Averøya. Så tenkte eg at eg fekk prøve å fikse det sjølv. Dermed starta eg og ei venninne lesering i januar 2004. Sidan har blitt fleire leseringar (som eg har vore med å starte, men ikkje å drifte). Forfattarbesøk og kurs i kreativ skriving kom i gang, og når eg ser tilbake har det balla på seg. Men stikk ein hovudet fram, må ein betale for det i form av sjølvironi og parodiering i lokale revyar. Må vel berre sjå på det som reklame for det eg driv på med. 

Nordmøre har få unge kvinner med høg utdanning. Det er jo kvinner som les. Eg har nok tenkt at det hadde vore lettare å gjere slikt i byar på Austlandet, Skien, kanskje. Men eg er her eg er. Eg får ikkje noko gratis av typen litterært miljø og finkultur, men eg har brukt sosiale medier aktivt og skaffa meg eit godt nettverk gjennom alle prosjekta eg har vore med i. Eg seier for det mest ja når eg blir spurt. Kan bli slitsamt, men det er så  mykje spennande. Foredrag om litteratur? Joda, det kan eg gjere. Vere programleiar i bokbad på biblioteket? Joda. 

Mannen min Torbjørn og eg kjøpte ein garden Hansgarden på Kornstad, indre Averøy, i 2013. Vi bur ikkje der (ikkje enno), men brukar garden som kulturgard. Det er ein draum, at det kan vere eit sentrum for formidling av litteratur og anna kultur. Vi har hatt skrivekurs, poesikonsertar, andre konsertar (hagekonsertar), kurs i låtskriving, strikkekafear, strikkekurs og anna fram til no. Men det er tøft økonomisk. Ein veit jo aldri om ein vil gå i pluss. Eg skulle ønske enda fleire møtte opp når eg har program med namn som dei kanskje ikkje kjenner. Nordmøre har jo byen Kristiansund som eit sentrum. Biblioteket i Kristiansund er flinke til å arrangere litterære hendingar. Der les dei høgt for barn mellom anna. Eg drømmer om opplegg som inkluderer alle aldersgrupper. Sjølv jobbar eg med ungdom på vidaregåande i Kristiansund, og det er særleg Ungdommens kritikerpris som har vore mitt bidrag til fordjuping i litteratur. Det har vore med TAF-klassar, yrkesfagleg og studiespesialiserande i same løp. No skal eg i gang med ein gutteklasse som skal vere juryklasse. Blir spennande. 

Eg må nemne at eg har brukt dei fire svangerskapa og permisjonane til å fylle dagane med lyden av P2, med bokstablar og nerdete fordjuping i litteratur på ulike måtar. (Diktlesing og bleieskift, trilling og pugging av spanske gloser og slikt). 

Kreativ skriving er også noko eg elskar. Både å skrive sjølv, og det å få ungdom til å skrive. Eg blir rørt berre eg tenker på alt det eg opplevde i løpet av tre gruppeutvekslingar gjennom Aktiv ungdom, med tema som kretsa rundt skriving, litteratur og kulturarv, i Irland, på Averøya og i Latvia. Det å vere skrivelærar for ungdom som er interessert (meir enn ein vanleg skuleklasse er) var så fantastisk at eg ikkje finn ord for det. Det er liksom magien i litteraturen som ligg i lufta ein pustar, når ein sit saman og skriv. Sjå bloggen, etikett skrivekurs og Aktiv ungdom. Det har forandra meg som menneske og det har forandra synet mitt på menneske. Alle kan skrive, om ikkje alle treng å bli forfattarar. 

Styrken min er nok ein evig svolt etter leseopplevingar. Som å lese Tarjei Vesaas’ dikt Blind er dagen og vite at det ligg ting der, rett foran meg, som eg må oppdage. Eg trur kanskje bakgrunnen min, at litteraturen var noko eg oppdaga sjølv, er med på å halde denne svolten aktiv. Og at eg må misjonere. Det kjem kanskje frå bedehustida mi. Eg fekk liksom eit kall. Dette er ikkje tull. Eg har visst sidan eg satt på møter kor dei snakka om kall. Kallet mitt var litteratur og skriving. Og i det siste har det utvida seg til å gjelde sidemålet mitt, nynorsk, som eg set større og større pris på. Nynorsk er jobbespråk og leikespråk. Bokmål er likevel der eg mest privat. Eg blir aldri lei av å formidle god litteratur. Men eg blir sliten. I den siste tida har eg jobba mykje med strikking og handarbeid. Starta mellom anna ein strikkepodcast. Hadde vore supert å kunne gjere det med litteratur og lesing og, men det har vore godt å jobbe med noko som var meir folkeleg. Men det eg brenn aller mest for er magien i lesing. Når skjermen, stemmen eller boksidene  og trykksverta forsvinn og du blir sugd opp i ei anna verd. Vi treng å gå ut av oss sjølve. 

Staden eg har busett meg på har gjort det litt tungt å drive litteraturformidling. Eg bur jo usentralt i ein usentral kommune i den delen av fylket som slit mest for tida. Store byar og der ting skjer, er ganske langt unna. Nordmøre jobbar i motvind for tida. Ikkje har eg høgskole med humanistiske fag i nærleiken. Sunnmøre har høgskolen i Volda, Aasentunet og mykje meir, Romsdalen har Bjørnsonfestival, kulturhuset Plassen, fylkesadministrasjon og alt som følgjer. Nordmøre har satsa på fisk, olje og gass og på kulturfronten: opera og foto, men ikkje så mykje knytt til litteratur. Eg har jobba for å få fram forfattarar som er frå området, og dei er mange og dei er gode. Folk er interessert i å lese og i å møte forfattarar, men kostar med reiser og det tar tid. Problemet mitt er at eg ikkje kan ta økonomisk risiko aleine heile tida. 

Elles kunne eg ha ønska meg Litterær salong, forum for leseglede, men og for diskusjon, forelesingar, gjerne både underhaldande og utforskande. Men vi bur ikkje samla i store byar på Nordmøre, og det må vere fleire ildsjeler som vil drive med slikt. Eg gjer det eg kan der eg bur. I det siste har eg fleipa med at eg kan kjøpe Meek oppvekstsenter, som skal leggast ned og så bygge det om til folkehøgskole med tre linjer: litteratur, kreativ skriving og handarbeid. Men da må eg vinne i Lotto kvart år framover. 

Eg skulle gjerne hatt eit kulturhus i Kristiansund. Og eg skulle veldig gjerne hatt ein kulturkonsulent å diskutere med i kommunehuset på Bruhagen. Eg skulle gjerne hatt forfattarar i familien og i nabolaget, i vennekretsen og overalt der eg var, for da hadde nok mykje komme lettare. Men eg tar tak i dei sjansane som byr seg og så gjer eg så mykje eg rekk. Ungdommens kritikarpris er eit stort løft for meg. Eg gler meg som ein unge til å sjå lista over dei nominerte og komme i gang. Eg tipsar lokalavisa om prosjekta mine, og dei er flinke til å skrive om det. Eg skriv sjølv av og til og.  

Skal eg konkludere, må det bli at eg er utrusta med arbeidsglede og entusiasme for det eg likar. Eg gjer det eg kan og brukar idear og prosjekt så mykje eg kan både i skule, gjennom kulturgarden min (kreativ næring, ekstremt vanskeleg) og som frivillig. Det gir meg mykje, og eg prøver å gi noko vidare til andre. Misjonær, altså. Eg brenn.

– Kvifor driv du på med alt dette?

– Heile livet har eg vore knytt til kristne organisasjonar. Der har eg lært meg å organisere, ta ordet og få ting til å skje. Det kjem godt med. 

Kvifor denne iveren og kjærleiken til litteratur? Det å lese gjer at ein kan leve mange liv. Spennande, krevjande og vondt kan det vere, men det er nyttig. Det gir erkjenning, det er livsfilosofi og det er livsviktig undring. Spesielt lyrikk er viktig. Trening for hjarte og tanke. 

Eg har mange bøker. Dei ligg i stablar i fleire hus, både heime og på garden. På jobb. Eg låner og kjøper. I tillegg kan eg ein del dikt delvis utanåt, så eg kan tenke dei rett som det er. 

Samtalar om litteratur set eg stor pris på. Det å få vere programleiar og dele stikkord som fører til lange resonnement frå ein forfattar – alt dette saman med publikum, det er gull. Eg likar å vere godt forberedt og brukar mykje tid på å lese dei forfattarane eg har som gjester. Skummelt det kan vere, å legge ut på ei reise som det er å snakke om store tema. Ein gong leia eg ein boksamtale med Arne Kvalvik, boka Min fetter Ola og meg  (Arne Kvalvik) og det er ein sterk bok om alvorleg sjukdom. Hovudpersonen satt på scenen, og eg har aldri opplevd så ærlege, sterke tema framført for eit publikum som både lo og gråt. Tårane rann på meg og, der eg satt i spotlight på scenen. Rart, men i grunnen fint. Det gjer noko med ein. Bøker og store tema rører ved ein.