Har du ein god ide?

Litteraturen kan, gjerne i samspel med andre kunstformer, skape stemningar og bilete hos lesar og tilhøyrar. Den litterære produksjonen skal ta vare på formidlinga av…

norsk_forfattersentrum

Litteraturen kan, gjerne i samspel med andre kunstformer, skape stemningar og bilete hos lesar og tilhøyrar. Den litterære produksjonen skal ta vare på formidlinga av det skrivne ord, men det treng ikkje med naudsyn vere formidla av forfattaren sjølv.

Norsk Forfattersentrum lyser nå ut midlar til nye litterære produksjonar og strømidlar til produksjonar som berre treng ein finpuss. Eit fagutval vil i vurderinga av søknadane legge vekt på kvalitet og profesjonalitet. Vi ønskjer særleg produksjonar med vekt på sakprosa, poesi, tverrkunstnarleg samarbeid, litteraturkritikk og dystopiar.

Alle søknadar blir handsama av eit fagutval og skal godkjennast av styret i Norsk Forfattersentrum.

SØKNADSFRIST ER 1. MARS 2016