Industri

#1: www.juul.no | Sleppefest for Vagant #2 | Råd #3: Bokhandelen til Bergen Museum | Råd #4: www.fantagraphics.com | Råd #5: Robot | Råd #6:…

Mette Karlsvik

#1: www.juulforlag.no

Vidar og eg hentar ein pakke på Tosenhagen Postkontor, og bær den heim til han.

 

Vidar: Uæarghhh, altså. Kor keisamt det er å hente ting på posten altså.

Vidar: Kva skjer med deg når du går i butikkar eigentleg?

Eg: Eg vetsje.

Vidar: Ey, kom igjen. Veit du vel.

Eg: Eg blir litt øydelagd.

Vidar: Sånn hjartebank og vanskeleg å puste og sånn?

Eg: Sånn Ingvar Ambjørnsen? Nææææi. Eg blir berre sur. Vil heller vere heime og lese.

Vidar: Pffft, vil du ikkje. Det seier du berre for å vere flink.

 

Kjærasten til Vidar heiter Inga. Ho hentar dotra Lova frå barnehagen. Lova hentar ein buse i nasen som ho held mellom to fingrar. Den er stor, svart, og hard. Lova klip i den og rullar den att og fram mellom fingrene på måten som Maria gjer med ei rosin i Få Meg På For Faen. Lova følger busen med blikket og førar den sakte mot munnen. Inga kastar seg fram og knipsar den ut av fingrane hennar. Lova blir sur.

 

Eg: Ikkje ver sur! Ver glad for at du ikkje bur i Bergen. Der får du berre kvite, slappe busar.

Lova: Hyl!

Inga: Om du budde i Bergen fekk du kanskje ikkje buse i det heile tatt. I Bergen regner det heile tida. Nasane berre rinn.

Lova held fram med å hyle. Vidar opnar pakka frå posten. Det er store plansjer som han bestilte frå Juul Forlag. Han viser Lova ein stor plansje med saltvannsfiskar. Lova blir stille.

 

saltvannsfisk_1

 

 

 

 

Sleppefest for Vagant #2

Vagant har redaksjon, festlokale og bok- og bladutsal i Nygårdsgata. I kveld er det festlokale. Det er mange forfattarar her. Dei drikk øl og vin, og byttar på å lese høgt frå bøkene sine. Når den planlagde opplesninga er ferdig, opnar Audun scena for kven som helst. Dag Solstad kremtar frå djupet av ein sofa, og mumlar halvhøgt frå Armand V-boka si. Alle har lese den før. Då gjer det mindre at vi ikkje høyrer så godt kva han les. På hylla over han ligg ei yogamatte.

 

Mette: Sjå, Cathrine, der er Dag Solstad!

Cathrine: Sjå, Mette, der er Susanne Christensen!

Susanne Christensen: Hei.

Mette: Er det yogamatta di?

Susanne: Xavier har endra livet mitt. Eg køddar ikkje. Eg er blitt heilt avhengig.

 

Xavier gir gratis yogatimar ved Vitalitetssenteret på Møhlenpris i Bergen. Møhlenpris er Bergen sitt Grünerløkka. Det var arbeiderstrøk som blei hippt og dyrt . No er det litt nedtråkka. Andre, nærliggande strøk tek over den hippe rolla. Men Vitalitetssenteret lever vidare. Det har vekentlege bokarrangement, og ein kafé med bøker som ein kan lese medan ein drikk kaffi.

yogamatte_0

 

 

 

 

Råd #3: Bokhandelen til Bergen Museum

Bokhandelen til Bergen Museum har 10-15 bøker av Kurt Johannesen, og ein ekspeditrise som heiter Silje. Silje har ein kjærast som heiter Tomas, er forfattar, og spanderar ein runde øl på klassa ved Skrivekunstakademiet. Tomas er ikkje på underskog, og er berre no og då på nett på biblioteket. Han låner bøkene sine der. Bøkene til Kurt Johannesen er ikkje slike som ein lånar eller kjøper for å lese i gjennom, men som ein har ståande som skulpturar i hylla. Dei er ikkje bokkunst som den som blir stilt ut på nasjonalgalleriet i London, men er kvite og kvadratiske utan å bli elitistisk moderne. Dei heiter Øvelser #1, Øvelser "2, osv, og har berre ei setning eller to på kvar side. Bøkene nemner nære ting som Send eit postkort til tante, Ver ein dag i ein leikebutikk. Leik med leikene! og liknande råd.

bergen museum

 

 

 

 

Råd #4: www.fantagraphics.com

Vidar peiker på fiskeplansjen frå Juul Forlag. Det er ein støre. Han fortel at finnene til fisken blir fingrar som den går på botn med.

 

– Fin fisk, Lova? seier han. Lova nikkar.

– Mm. Eg bestilte plakaten internett. Pappa smart, Lova? seier Vidar. Lova nikkar, og får jordbær. Ho har skikkeleg jordbærfest og blir ei møkkajente. Inga hadde ein teikneserie i Morgenbladet som heiter Møkkajentene. Møkkajentene piller på mark og sånn. Lova sett eit jordbær i halsen. Inga slår ho i ryggen. Jordbæret fyk ut.

– Fytte faen, seier Vidar. Lova hyler. Inga forklarar Lova kvifor ho måtte slå. Lova sluttar å hyle. Etter Møkkajentene tok Kebbelife over. Den teikneserien handlar om to damer. Det er ikkje Møkkajentene som er blitt vaksne, men to andre damer som faktisk finnst.

– Kor har de bøkene deira, seier eg.

– Vi har ikkje bøker, seier Vidar.

– Hugsar no at du las Burroughs og Jacobsen, seier eg.

– Jord og Jern, seier Vidar.

– Havets såkorn, seier eg. Det står potter med erteplanter og rucolasalat i vindauga. I hylla på stova står Krazy Cat av Ignez, fotobøker av Morten Krogvold, Boring Postcards, og billedbøker. Noen er kjøpte på www.fantagraphics.com. Romanar og andre bøker med tekst låner dei på bibliotek. Dei har ikkje bil, og kjører buss. Snarvegen til busstoppet går forbi fellesvaskeriet som ligg på plena mellom blokkene. Dei blei reist under Gerhardsen sin tid som statsminister.

 

Råd #5: Robot

Eg blir litt øydelagd av å gå i butikkar, unngår dei kommersielle oma i store byar, og drar helst ut til Tosenhagen og liknande, rolege og naturskjønne ome. Det skyldast ikkje:

– antikommersielle, idealistiske eller miljøvennlege omsyn

– inngrodd, norsk, protestantisk arbeidsnarkomani som gir meg dårleg samvit av at eg konsumerar heller enn å produsere

 

Jo, forresten. Det er kanskje inngrodd, norsk, protestantisk trong til å produsere. Difor vel eg kunstnaryrket. Det er ikkje berre å produsere idear, og ei utgåve av varar og tjenester. Det er også å produsere sin eigen arbeidsplass, eiget prosjekt, rolle, tittel. Kunstnaren burde ha vore Jens' ideelle samfunnsborgar. Gjennomsnittsløna til norske kunstnarar er omkring 30000 kroner i året. Men dette er heller ikkje grunnen til at eg hatar å handle. Grunnar kan vere:

– Eg bruker så lang tid til å finne pengeboka mi i veska.

– Eg bruker så lang tid til å finne pengene i pengeboka.

– Eg vil ikkje at vise at eg er ei møkkajente med kaos i tinga mine.

Kjærasten min liker å handle. Robot er kompromisset vårt. Butikken produserar idear, og blir eit galleri av dei siste rørslene i kunst, artists books, musikk, teikneserier, illustrerte bøker, og andre spesielle bøker. Mange av dei er dyre. Alle er spesielle. Dei sel ikkje så mange. Bøker blir ståande. På nedste hylle står bøker frå Jippi Forlag. Den eine er av Jason og handlar om døden. Det er også Møkkajente-bøkene til Inga. Ei er rosa, og ei grøn. Den rosa blei meldt i Studvest for noen år siden. Overskrifta var Vi er alle Møkkajenter.

robotbutikk

 

Råd #6: Antikvariatet i Morgenbladet

Vi venter på at Sundeførelesninga skal begynne i Amalie Skrams Rom.

 

Mette: Sjå, Rune, der er Espen Grønlie.

Rune: Kvifor har han klokke frå Clahs Ohlsson?

Mette: Kvifor har han ikkje eit gamalt lommeur med lenke?

Mette: Då kunne han slappe av Mellom Slagene.

 

(Rune ler høfleg. Eg gløttar omkring for å sjå om noen i salen merker at Rune ler av meg.)

lommeur

 

 

 

 

Sleppefest for Flamme #7 og #8.

Flamme forlag har innflyttingsfest, og sleppefest for ei bok av John Erik Riley og ei oversetting av Bendik Wold. Det står eit bord fullt av bøker, og eit fullt av øl. Det tredje bordet er bordhockey. To heliumballongar i rommet er så store at folk står på fortauget utanfor. Vi kjem rett frå badetur på Hovedøya, og har pledd i sekken som vi sett oss på." name="Flamme forlag har innflyttingsfest, og sleppefest for ei bok av John Erik Riley og ei oversetting av Bendik Wold. Det står eit bord fullt av bøker, og eit fullt av øl. Det tredje bordet er bordhockey. To heliumballongar i rommet er så store at folk står på fortauget utanfor. Vi kjem rett frå badetur på Hovedøya, og har pledd i sekken som vi sett oss på."