Jan Roar Leikvolls minnepris til Sveen

  Frå grunngjevinga til juryen: "Vi har å gjere med ein original og ikkje minst modig prosaist som syner ein særmerkt vilje og evne til…

11147840_10153664907836487_2281831212843021947_n

 

Frå grunngjevinga til juryen:

"Vi har å gjere med ein original og ikkje minst modig prosaist som syner ein særmerkt vilje og evne til å gripe tak i flikar av kjent stoff og gjere dette til sitt eige. Dei bøkene prisvinnaren har bak seg til no, syner eit stort spenn i når det gjeld stofftilfang og tematikk, men er likevel prega av ein etisk og stilistisk konsekvens som gjer at dei framstår i tydeleg samanheng. Dette siste er òg heilt klart i Jan Roar Leikvoll si ånd. Det har ikkje vore avgjerande for vurderinga, men juryen gler seg likevel over å kunne utrope ein prisvinnar som syner tydeleg litterær slektskap med Leikvoll sjølv. Frå første stund har Sveen markert seg som ein forfattar med ei særmerkt evne til å sameine det vakre med det groteske, menneskesinnets mørker med litteraturens lys. I eit nøkternt, men likevel kraftfullt og poetisk språk skildrar han nokre av dei mest grufulle ugjerningar menneska kan få seg til å utsetje kvarandre for. Livet er ofte nådelaust for menneska som befolkar Sveens forfattarskap."

Om prisen:

Jan Roar Leikvolls minnepris er eit samarbeid mellom familien til Jan Roar Leikvoll og Det Norske Samlaget. Prisen blir delt ut årleg, i utgangspunktet i tre år, og er på 50 000 kroner. Han går til ein nynorsk, skjønnlitterær forfattarskap av høg kvalitet og originalitet. Forfattaren må ha debutert etter 2005 og kan maksimalt ha gitt ut fire titlar.

Jan Roar Leikvoll publiserte i løpet av seks år fire romanar som viste ein forfattar som ikkje var redd for å gå sine eigne vegar. Bøkene hans utgjer ein unik forfattarskap i norsk samtidslitteratur. Denne prisen er meint å støtte forfattarar som tidleg i forfattarskapen viser sjølvstende og litterært mot.

Prisen blir utdelt for første gong i år. Juryen har bestått av forlagssjef Håkon Kolmannskog, forlagsredaktør David Aasen og forfattar Nils Henrik Smith.