Aktuelt

Møt rådskandidat Kjersti Kollbotn

Frå valkomiteen: Kjersti Kollbotn er født i 1959. Hun er fra Nordfjord og bosatt i Tromsø. Hun er utdannet byplanlegger ved NTNU og har tatt forfatterutdanning…

kjersti_kollbotn

Frå valkomiteen:

Kjersti Kollbotn er født i 1959. Hun er fra Nordfjord og bosatt i Tromsø. Hun er utdannet byplanlegger ved NTNU og har tatt forfatterutdanning ved Universitet i Tromsø. Hun debutert med romanen Eg er mamma. Eg skal være god i 2009. For den mottok hun Blixprisen. I 2015 mottok hun Tanums kvinnestipend. Hennes siste utgivelse er romanen Jord fra 2017. Kollbotn sitter i kunstnerutvalget til Ordkalotten – Tromsø internasjonale litteraturfestival, og har god oversikt over det litterære landskapet, også i Nord-Norge. Hun ble opptatt som medlem av DnF i 2012.

Kvifor vart eg forfattar?

Kanskje på grunn av eit åleineliv? Eg er ein einstøing. Og på grunn av far min, som hadde kritisk språksans og gav tydeleg beskjed dersom språket var dårleg. Og naturen og jorda, ikkje minst.

Eg er refleksjonsnarkoman. Grunnar på saker og ting, sturer. Surrar på og analyserer. Kanskje derfor eg treng fleire liv i livet – enn berre dette eine, som er mitt. Desse andre liva finn eg i litteraturen. Dei får meg til å forstå litt meir. Får meg til å finne ut av mølja.

Korleis var vegen til førsteboka og vidare til dei neste?

Ein lang veg. I løpet av tjueåra sende eg inn tre korte diktmanus til Samlaget. Fekk gode uttalar. Var tilfreds og la dei vekk. Skjønte ikkje at eg skulle gå vidare, at eg skulle halde kontakta. Dessutan var det så mange andre spennande ting i livet å geskjefte seg med. Så vart det forfattarstudiet i Bø og forfattarstudium ved universitetet i Tromsø, og tjue år til «gjekk med». Forfattarstudium er ei gåve. For min del bidrog dette til å halde skrivinga mi «varm» i åra der andre oppgåver måtte få prioritet.

Etter førsteboka kom dei tre neste relativt «greitt».

Dei største utfordringane for norske forfattarar i 2018?

Eg trur følgjande situasjon er gjengs for mange. Økonomi; kvar krone må tynast. Tid; finne skrive-luker. Konsentrasjon; finne skrive-luker over lengre tid. Vere synlege; få omtale av bøkene og bli invitert ut i det offentlege rommet.

Norsk bokbransje – fungering?

Det er stort sett stussleg å kome inn i ein bokhandel for eksempel. Stablar av nokre få titals bøker ligg som gaukungar i reir. Det er også litt stussleg å kome inn på ein del bibliotek. Omsorgssvikta fyller romma.

Kva kunne ha vore annleis og korleis?

Skulle ønskje meg fleire entusiastiske formidlarar hos dei som arbeider i bransjen. Fleire brennande sjeler som vil og evnar å formidle litteratur. Litt harde ord, dette.

Kva eg sjølv likar å lese?

Kvar ny bok eg opnar, utløyser ei spenning; «kor ska eg reis hen?» Eg likar å veksle mellom forteljingar som tek meg ut i verda, og forteljingar som vender seg innover i det mentale. Bøker som kombinerer desse to faktorane kan vere fantasiske å lese. Bøkene må ha språket på plass. Er ikkje språket på plass, legg eg boka vekk. Om romanane innheld overraskande og gode litterære grep, er det ei fryd. Er også glad i noveller. Spesielt når dei byr på intense, skarpskodde hogg på små flater. Tidlegare las eg meir dikt. Nett no har dikta måtte kvile litt.

Forfattarforeninga – forventingar?

Det har vore ei glede å kome med i DnF. Inntrykket eg sit med, utan tvil, er at det blir jobba verkeleg godt på alle plan for medlemmane og litteraturen. Og ein kjenner seg velkommen inn i organisasjonen. Forventingane mine er at DnF held fram som no, kjempar vidare for at boka og forfattarane får gode livsvilkår.

 

CV:

Fagutdanning

1985: Grad sivilingeniør, bygningsingeniørlinja, NTH

1993: Doktorgrad (dr.ing.), institutt for arkitektur, NTNU

Littærer utdanning og kurs

2004-2005: Universitetet i Tromsø, Norges arktiske universitet: forfattarstudiet, påbygging

1998-1999: Universitetet i Tromsø, Norges arktiske universitet: forfattarstudiet, grunnstudiet

1991: Høgskulen i Bø i Telemark: forfattarstudiet

Sommar 1992: Skrivekunstakademiet i Bergen: sommarskrivekurs

Kunstnarisk produksjon

2017: Roman, Jord. Cappelen Damm

2014: Roman, Isbrann. Cappelen Damm

2012: Vinnar (delt førsteplass) i Bokvennens novellekonkurranse Ekstremisme. Tittel: «Rom null-trettiåtte: Trøyst.» (Utgjeve som antologi med tittel Ekstremisme). Bokvennen forlag

2012: Bidrag med novella Hjartedrønn. Stille i Nordnorsk forfattarlags jubileumsantologi: Lyden av noe som er inne i noe. Nordnorsk fofattarlag

2011: Roman, Taxi! Cappelen Damm

2010: Bokvennens novellekonkurranse Løsrivelse. Tittel «Hardt saman» (blant dei tretten beste novellene). (Utgjeve som antologi med tittel Løsrivelse). Bokvennen forlag

2009: Roman, Eg er mamma. Eg skal vere god Cappelen Damm