Møt rådskandidat Øystein Orten

Her er Valgkomiteens omtale:    Øystein Orten er født i 1962, bosatt i Hareid kommune på Sunnmøre. Han er utdannet lektor og har hovedfag i historie….

oystein_orten

Her er Valgkomiteens omtale: 
 

Øystein Orten er født i 1962, bosatt i Hareid kommune på Sunnmøre. Han er utdannet lektor og har hovedfag i historie. Orten underviser ved Ulstein VGS. Han debuterte i 1995 med diktsamlingen Havflammen, og har senere skrevet lyrikk, noveller, romaner og dokumentarlitteratur. Hans siste utgivelse er brevromanenBrevet til Rosalin fra 2016. Orten har et langt og variert forfatterskap bak seg. Han ble opptatt som medlem av DnF i 2004.

 

– Hvorfor ble du forfatter? 

Det er nok fleire grunnar til at eg blei forfattar, truleg også grunnar eg ikkje er klar over. Men djupast inne har eg nok alltid hatt eit ønske om å formidle ulike stemningar og haldningar, kanskje særleg med utgangspunkt i det nordvestlandske kystlandskapet, som eg føler eg er ein del av. Eg har vel alle tider også vore fascinert av dei gode forteljarane, som framleis sit om bord i båtane og på kafeane, og prøver å lytte til desse når eg skriv.

– Hvordan var veien til første boken, og videre til de neste?

Dikta i debutboka havflammen i 1995 var eigentleg resultatet av ein raptus i studietida ti år tidlegare, og som eg tok fram att og reviderte, før eg sende dei inn til forlaget. Eg trur desse tekstane hadde godt av ti års mogningstid. Den andre diktsamlinga, fluktlinjer, som kom i 2000, måtte eg kjempe atskillig hardare med, truleg også fordi eg hadde mange utfordringar på heimebane.

– Hva synes du er de største utfordringene for norske forfattere i 2018? 

På den eine sida – tid til å skrive. Her kjem sjølvsagt stipendordninga inn i biletet. På den andre – å bli sett og høyrt. Eg kjenner fleire svært gode forfattarar som ikkje får merksemd i media i det heile. Dette er veldig synd, for dei har viktige ting å fortelje.

– Hva liker du selv å lese? 

Alt muleg. Sjølv om eg les mykje sakprosa, særleg for å studere terrenget der mine eigne tekstar utfaldar seg, prøver eg også å halde meg a jour på nyare norsk skjønnlitteratur. Vi har mange flotte forfattarskap på gang i Noreg. Eg blir heller aldri ferdig med Torgny Lindgren, George MacKay Brown eller Josè Saramago. Italienske stemmer som Italo Calvino og Claudio Magris er eg svært fascinert av. I det siste har eg også oppdaga Joyce Carol Oates.

– Hvilke forventninger har du til Forfatterforeningen i årene som kommer? 

At DnF held fram som ei solid fagforeining som forsvarer ytringsfridomen, stipendordningane og breidden i norsk litteratur.