Aktuelt

Nytt DnF-medlem: Tommy Skoglund

Tommy Skoglund sett av tre veker til skriving, og reiser til ei hytte på Finnskogen. Når han vaknar om morgonen, blir han liggande. Han strekk…

tommy_skoglund

Tommy Skoglund sett av tre veker til skriving, og reiser til ei hytte på Finnskogen. Når han vaknar om morgonen, blir han liggande. Han strekk seg etter datamaskina, og ligg i senga og skriv. Han held på slik i to veker, tre, til han har nokre sider tekst. Då kjem gjennombrotet. Åtte liner. Opningslinene til den tredje boka. Og når dei er skrive, då kastar han alt det førre.

– Skal noko frå dei sidane vere med, kjem dei tilbake av seg sjølve, i tide. No treng eg kun vissa om at eg har opninga, og skriv vidare frå den. Eg har leita i heile haust. Det har vore ein langtekkeleg haust.

Attende til skrivedagen, i senga. Skoglund skriv til han er trøytt. Då søv han til han vaknar, når som helst på døgnet, og skriv vidare.

– Når eg er i intense skriveperiodar, gjer eg alt for å gjere minst muleg uvesentleg, seier Skoglund. Frå metoden kjem konsentrert tekst. Skoglunds litterære prosjekt er først og framst språkleg. Førsteboka var dikt i kortprosaform. 

– Det var ein kollasj av setningar. Eg jobba iherdig med einskilde setningar. Eg brukte to år på seks-sju prosadikt. Så kom forløysinga. Førti tekstar på eit halvt år. Andreboka, ein roman, var på 35 sider fram til januar 2014. Eg byrja på ho i 2009, arbeidde i årevis med å finna språket. Og medan eg gjorde det, modna konteksten innvendig, i sitt eige tempo. Det er som om eg må feile og feile, heilt til eg ikkje kan feile meir.

"På søndag døde far"

Andreboka kom hausten same året: Fem og eit halvt år etter debuten: Romanen Fra ensomhetens lønnkammer. 109 sidar. Opningsavsnittet: «På søndag døde far. Det gir meg arveretten til et ubrukelig småbruk som alt i alt billedliggjør den innvendige tomheten jeg nå sitter igjen med. Jeg ser derfor ingen annen utvei enn å flytte inn, i et forsøk på å fylle tomhet med tomhet». Framhaldet viser slektskap til Askildsen. Men denne lesaren kjem óg i tankar av Camus´ Den fremmede. Men Skoglund har eit særeige plot: Hovudkarakteren snakkar ikkje. Boka er eit einaste tankereferat. 

– Han har gått taus i tredve år og venta på at foreldra skal døy, slik at han endelig er fri frå alle menneskelige relasjoner. Ein sosialt skada einstøing, som er oppteke av ikkje å bli etterlatt med dårleg samvit, men som heller ikkje let seg korrigere av andre enn seg sjølv. Kvifor skal han det når ingen viser nokon oppriktig interesse for kva hjertet hans rommar, seier han ein stad.

Kva skjer med forma i den tredje boka?

– «Jeget» som fører ordet, får eit anna språk. Han er ein generasjon nærare utgongen av livet. Då er det naturleg for meg at han også er på ein flyktig plass, samt å holda han i si eiga heim, boka ut. Dette veit eg allereie no. Det er ein uhandgripeleg prosess.

– Og der er det igjen, det med språket. 

– Ja, det er språket som er prosjektet. Ikkje kva språket bær av objektiv meining, men av korleis det subjektive forgreiner seg og blir uutgrunneleg. Det krever eit anna språk. Derfor skriv eg indre monologar. Eg er ikkje oppteken av å meine noko. Det er for mange meiningar i omløp i verda.

– Til lokalavisa frå heimbygda, Oppland Arbeiderblad, fortel du at einaste research du gjorde for Fra ensomhetens lønnkammer, var å ringe legevakta for å høyre kva dei ville gjort om nokon kom med eit lik i bagasjerommet. Var researchen eit pliktløp?

– I høgste grad. Det var ei forunderleg samtale. Ho eg snakka med tykte det var spennande å bli oppringt av ein forfattar. Ho berre fortsette å spørja om boka. Men eg ringte jo til legevakta, og tenkte eg burde leggje på, i tilfelle nokon i telefonkøa trengte øyeblikkeleg hjelp, seier Skoglund. Men eg er så dårleg til å bryta inn og avbryte ei samtale, så vi snakka nok i bortimot ti minutt. 

I eit anna intervju med Oppland Arbeiderblad, er Skoglund sitert slik: "Jeg liker ikke spørsmålet". Men den karen som sitt framfor meg idag, ein som har karra seg til intervjuavtale på sjølvaste bursdagen sin, er imøtekommande og open. Har Glåmdalens journalist intervjua same mann, det lurer eg på. Tja. Skoglund er visst feilsitert. Han skal ha sagt at han tykte spørsmålet som journalisten stilte var irrelevant for lesnaden av boka. Kva seier dei som har lese boka hans?

– Eg har bitt meg meir merke i kva dei ikkje seier. Dei forholder seg nestan utelukkande til den ytre handlinga. Nokre har lagt frå seg boka i vente på tomme dagar, det tek eg som ein kompliment. Kanskje eg har mislykkast som formidlar, objektivt sett. I så tilfelle har eg mislykkast med vilje. 

– Korleis er du sjølv som lesar? 

– Eg klarar meg med ei bok i månedsvis, les den samme boka om og om igjen. Er boka god nok, då er den uuttømmeleg. Slik sett er eg ubelest. Bøker utan ein verkeleg god opning, styrar eg unna. No er det Dag Solstads fødselsdatobok det handlar om. Fleire av bøkane hans har gitt meg livsbestemmande innspel, som forfattar. 

– Kva hjelpemiddel har du, som forfattar? 

– Svevn, stille og tomme dagar. 

– Ikkje litteratur? 

– Eg les sjeldan medan eg skriv. Det er jo eit anna språk. Eg må fangast av mitt eige. Elles er det ikkje godt nok, då styrar eg unna også det. Korleis skal ein røre andre, om ein ikkje klarar å røre seg sjølv. Står eg fast, legg eg meg ned og kjenner på stilla, kanskje sovnar eg og vaknar nullstilt. Sovnar eg ikkje, så er det fordi eg kan skrive igjen.