Prikken over i’en

– Men skriv han lenger? Tre novellesamlingar er varsamt pakka inn i cellofan. Eigaren held godt om bøkene. Men sidemannen insisterer: Få sjå, det må…

askildsen_signerer_-_utan_prikk_over_i

– Men skriv han lenger?

Tre novellesamlingar er varsamt pakka inn i cellofan. Eigaren held godt om bøkene. Men sidemannen insisterer: Få sjå, det må vere førsteutgåvene. Jau. Det er førsteutgåvene. Nydelege! Karane på stolraden framfor meg vekslar blikk. Dei deler noko usagt. Respekten for forfattaren med det stramme, kresne språket; ei levande litteraturlegende. Alf van der Hagen gjer sitt til å minske mytene rundt Askildsen til ein liten prikk. van der Hagen fekk Askildsen i tale gjennom 20-30 samtalekveldar, til to millionar teikn, 1400 boksider. Og han får 85-åringen igong igjen, frå scena på litteraturhuset i Bergen, når dei lanserer biografien.

– Eg kan signere bøker. Men eg har mista synet, og skriv Kjell og Askildsen i eitt. De får ingen prikk over i´en, seier forfattaren.

Skrudde noveller utan tvist

Det var ein gong at skulenoveller skulle ha ein prikk over i´en, ei fiks vending som det blir lagt ut frampeik mot, men som likevel tar lesaren overende når ho kjem. Det uføreseielege ved novelleslutten gjorde dei føreseielege. Men så gav Askildsen omgrepet «noveller» ei heilt anna vekt. Eit lettlese alvor i stramme, presise, nesten poetisk fortetta prosatekstar. Og det byrjar med Heretter følger jeg deg helt hjem.

– Boka var litt for opa for det religiøse miljøet i Mandal. Og dette miljøet er stort. Boka fekk god kritikk i dei store byane. Men dei små byane var vanskelegare. Ikkje minst bibelbeltet på Sørlandet, seier Askildsen. Boka er eit av dei mange vendepunkta i Askildsens liv. La oss difor ta ein van der Hagen; gjere som i biografien Kjell Askildsen. Et liv, og setje replikkar frå Askildsen i samanheng med biografien:

Askildsenfamilien er ingen kven som helst i Mandal. Faren er lensmann, KrF-politikar og kyrkjegjengar, og verdsbildet til Askildsens senior slik at om ein ikkje trudde på Jesus, så kom ein til helvete. Og Askildsens helvete var ein stad der ein skulle brenne i all æve. Askildsen hugsar foreldra som snille, men strenge. Han og søskena fekk ris. Ikkje så ofte, men då måtte dei bøyge kne og be Jesus om tilgjeving for det dei hadde gjort.

Boka var litt for opa for det religiøse miljøet i Mandal.

– Frykt, og særleg gudsfrykt var ein kjerne i min oppvekst, seier Askildsen, som blir heimsøkt av sin far seinare i livet – i draumar.

– Han ville sjå etter meg, trur Askildsen. Men Askildsen senior sjekkar ikkje om Kjell går fortapt.

– Det var eg sjølv som frykta at eg gjekk fortapt, seier Askildsen. Den modige ærlegheita, den kompromisstlaust erkjennande realismen, er noko som pregar han – som forfattar og person. Kor byrja det?

– Sjølvsagt skjønte eg at det var risikabelt, det å lyge for Gestapo. Men det var ikkje noko skremsel i det. Skremsel, det er i religionen, det.

Kjell Askildsen er her!

Bergensarar har gått mann av huse, Litteraturhusets store sal er full. Folk står ute i gangen, ved «kassa», og prøver å få med seg det som skjer inne i salen. van der Hagen ropar dei inn, seier at dei får sitje mellom stolradene. Men nei, brannvesenet har forskrifter, og gangen må vere fri for folk. – Så har vi terga på oss brannvesenet også. Og taxistanden i Bergen, smiler Alf van der Hagen, frå scena.

Kjell Askildsen nikkar roleg. Han har terga på seg mange gjennom eit langt og modig liv. Til dømes Gestapo, sin eigen far, Forfatterforeningens leiar Ebba Hafslund, og fleire. Men alltid har Kjell Askildsen vore tru mot sin eiga overtyding og eigne verdiar, og mot sin kresne litterære smak. Ei grunnleggande original stemme som likevel har nådd lesebøker i norsk, og fått vere med på å forme norsklæringa til unge gjennom mange år. Det må då vere verdt alt bråket og ståket gjennom eit liv som har vore turbulent; har våre strevsamt og risikofullt, men også krydra med suksessar og positive tilbakemeldingar.

Som eldre tenåring, etter krigen, kan ikkje Kjell lenger godta foreldra sitt verdsbilde. Han får langt hår, og publiserer eit kjærleiksdikt i Dagbladet. Han hevdar at han skriv meldingar av bøkene i Den gule serie for studentavisa si.

– Dei vart aldri trykte, berre leste høgt, seier han.

– Dette er dilemmaet når eg snakkar med deg, seier van der Hagen, eg veit aldri heilt kva du finn på, og kva som er sant!

Han har terga på seg mange gjennom eit langt og modig liv.

Dokumentert er det at Kjell jobbar for militærpolitiet etter gymnaset, og blir sendt til Tyskland. Blant oppgåvene der var å sørge for orden, at lovar vart følgde, og elles sikkerheit, trafikkhandtering og liknande. Det er ei tillitserklæring som vanlegvis blir gitt til søner av advokatar, politiadvokatar eller søner av lensmenn, som Askildsen sjølv. van der Hagen kommenterer skjelmsk:

– Du var i MP med advokatsøner og «folk som ein kan stole på».

– Tilsynelatande, smiler Askildsen, han som allereie var diktar.

I Tyskland inngår Askildsen eit proforma ekteskap for å redde venninna Edith; ei jente som planla ei framtid i Noreg ilag med Askildsens kollega i MP, men ikkje vart godteken av familien hans. Kjell tar Edith med til Noreg, der dei får bu hos foreldra hans. «Det proforma» ved ekteskapet blir tar slutt den natta Edith kjem inn til Askildsen …

– … for å spørje etter frimerke, smiler Askildsen. Dei får to barn, og lever godt ilag lenge. Kjell er mest heime, mens Edith jobbar for likningskontoret. Dei driv ein kunstnarkafé. Kjell er turistsjef i Mandal. Men så gir han ut denne boka, Heretter følger jeg deg helt hjem, og får sparken frå stillinga som turistsjef. Faren brenn boka.Og det var jo logisk. Eg blei ikkje fornærma. Eg vart kanskje overraska over at han brente. Det å brenne bøker høyrer med til krigen. Det høyrer med til Tyskland. Men at han ikkje likte den, det skjønte eg.

Det som påverka skrivinga

Kjell skil seg frå Edit, blir ilag med skodespelerinna Liv, og går frå Liv. Korleis påverka kjærleikslivet skrivinga, vil van der Hagen vite.

– Det er skrivinga som har påvirka skrivinga.

– Kva meinte du med det?

– Var det så vanskeleg?

Dei ler, som gamle kjente. Eg kjem i tankar av 2009, då eg jobba i Morgenbladet, då Alf van der Hagen var redaktør i avisa. Askildsen fylte 80, og van der Hagens ønskte eit intervju med Askildsen. Eg, som jobba med bokstoff, vart forferda. Askildsen var vel heilt utilgjengeleg, tenkte eg: Ikkje hadde han mobiltelefon, og heimeadresse og -nummer var løynd. Skriv til forlaget då vel, trur eg at van der Hagen tilrådde.

Askildsen er slett ikkje vanskeleg å få i tale.

Det hadde vore lenge sidan sist ein høyrte om eller frå Askildsen og det fantest minst to myter om forfattaren. Det var ei myte om at han ikkje ville skrive. At han berre ville utsetje, at han ville stryke, ikkje skrive. Og ikkje minst at han var ein vanskeleg person å snakke med. Stille, lite glad i småprat og konversasjon. Dermed skreiv eg eit langt brev, eit ekte brev med kulepenn på papir, der eg la ut om forholdet mitt til Askildsens forfattarskap, og særleg om Omgivelser, yndlingsboka mi av forfattaren. Om filmen som vart laga av boka, som eg slett ikkje likte. Og så drista eg meg til å leggje ved eit par av mine eigne stutte romanar i konvolutten, og sendte avgårde til forlaget, med spørsmål om dei kunne sende vidare til Askildsen. Ei vekes tid seinare ringjer telefonen. – Det er Kjell Askildsen.

Berre dagar seinare møtest vi til to timar med prat. Askildsen er slett ikkje vanskeleg å få i tale. Og tung er han ikkje. Det veit alle som har lese Thomas Fs siste nedtegnelser.

THOMAS F, JOHANNES OG KJELL

Thomas Fs siste nedtegnelser kjem til i ein raptus, etter ei ulykke på Kreta. Kvar morgon blir han boren ut til ein madrass ved eit hønsehus. Han får også ein flaske av ein særeigen drikke som han liker.

– Eg slapp meg laus. Den typen bøker tener på ein forfattar som er litt innful. Også mot lesaren, er han det. Boka rammar lesaren, gjennom overdrivingar. Thomas F. er ein mann som ikkje seier så mykje, men som tyr til å skrive. Då er han litt giftig. Det har ein lov til å vere, seier Askildsen, som tar opp noko av det same i ei novelle seinare, i Johannes oppmuntrende begravelse.

– Eg kan bruke eit år berre på å lage ei novelle. Dei blir til på ein annan måte. Dei er så mykje nærmare ei sanning: Overdrivingar ligg der klart i dagen, seier Askildsen, som allereie i 2009 hadde sin metode og skriveteknikk definert for seg. Han skildra det slik for meg, då:

– Eg leiter etter den første setninga i ei novelle. Det kan ta lang tid. Det kan vere to – tre – fire ord. Så ønskjer eg ikkje sjølv å vite meir om korleis det utviklar seg. Eg ser etter det som kan forlenge den første setninga. Det skal ikkje berre vere rett i høve det eg har skrive. Men det skal også nå fram til lesaren.

Teksten var først publisert på nettsidene til Fabelaktig Formidling, redigert av Merethe Granlund.