Aktuelt

Rogaland fylkes litteraturstipend til Erika Fatland

Erika Fatland er fødd i 1983 i Haugesund, men vaks opp i Ølen i Vindafjord. Hittil har ho gjeve ut 4 bøker: barneboka Foreldrekrigen (2009) og sakprosabøkene Englebyen (2011), Året…

erika_fatland

Erika Fatland er fødd i 1983 i Haugesund, men vaks opp i Ølen i Vindafjord. Hittil har ho gjeve ut 4 bøker: barneboka Foreldrekrigen (2009) og sakprosabøkene Englebyen (2011), Året uten sommer (2012) og Sovjetistan (2014). Ho arbeider no med eit romanprosjekt med mål om utgjeving i 2016.

Stipendet vart delt ut av fylkesordførar Janne Johnsen under UKM-mønstringa for Rogaland på Vågen videregående skole 18. april.