Aktuelt

Ruth Lillegraven festspeldiktar

Publikum kan sjå fram til å bli betre kjend med både festspeldiktaren og forfattarskapen hennar under Festspela i Ørsta og Volda 23. – 26. juni,…

ruth_lillegraven

Publikum kan sjå fram til å bli betre kjend med både festspeldiktaren og forfattarskapen hennar under Festspela i Ørsta og Volda 23. – 26. juni, skriv Dei nynorske festspela.

 – Eg er stolt og glad over at eg skal få vere festspeldiktar under Den nynorske festspela neste år. Det er ikkje så mange festivalar som har slike "verv", det gjer det jo endå meir stas. Dessutan er eg i flott selskap – det er mange eminente folk på lista før meg, seier Lillegraven sjølv. Ho fortel at ho har inntrykk av at det blir ein del ulike oppdrag, med mange høve til å møte publikum og lesarar, og kanskje også få framheve nokre andre forfattarar ho sjølv set høgt.

  • Les meir her: http://www.festspela.no/dnf/no/aktuelt/Ruth+Lillegraven+er+festspeldiktar+i+2016.d25-SxlbK3P.ips