Aktuelt

Skrift på vippepunkt

Håheim veks opp i biletskjøne Jølster; i landskapet portrettert av målaren Nikolai Astrup og fotografen Oddleiv Apneseth. Lysande grønt av lauvskog om våren, med fossefall…

marianne_c_haheim

Håheim veks opp i biletskjøne Jølster; i landskapet portrettert av målaren Nikolai Astrup og fotografen Oddleiv Apneseth. Lysande grønt av lauvskog om våren, med fossefall og fjordar, stille, store vatn og blaumande grassletter om sommaren. Foreldra les mykje for Håheim. Det første ho kan hugse å få lese, er Zinken Hopps Trollkrittet.

– Litteratur har alltid vore ei stor glede. Litteraturen var ein stad ein kunne gløyme tid og stad heilt, og det har til tider vore heilt uvurderleg, seier Håheim. Etter vidaregåande tar ho då skrivekunstlina ved Åsane folkehøgskule, og så ein bachelorgrad i litteraturvitskap ved UiB. Ho flyttar til Oslo, går Westerdals School of Communications, og tar endå ein bachelorgrad. Denne er frå Tekst og skribent-linja. Ho jobbar i to år som medierådgivar i Press, Redd Barna sin ungdomsorganisasjon, debuterer i 2012 med romanen Bilydar. I 2015 kjem andreboka Svart belte, som Håheim seier til journalistar at er sjølvbiografisk. Hovudpersonen er plaga. Plagene kjem til uttrykk som bulimi og anoreksi.

MK: Eg les på nett meldingar av «Svart belte». Dei er lese svært biografisk. Som om hovudperson i boka = forfattaren. Kva tenkjer du om det?

MCH: Det er jo riktig, det, og ikkje noko eg har prøvd å leggje skjul på. Då ville det blitt eit heilt anna prosjekt.

MK: Kva slags psykologisk portrett lagar du eigentleg i Svart belte?

MCH: Svart belte er altså ein sjølvbiografisk roman, utan at akkurat dét er like viktig i alle samanhengar. Eg har levd med eteforstyrringar størsteparten av livet, men behovet for å skrive boka meldte seg ikkje før eg begynte å bli frisk. Eg ønskte å forklare og forstå, og å gi ei mest mogeleg ærleg framstilling av eit liv kor kropp og mat er viktigare enn alt anna. Det er eit ekstremt liv, ofte mytologisert og misforstått.

 

MK: Kvifor jobbar du med å «gjere ei endring» i høve desse tema gjennom litteraturen? Du kunne brukt tida di i Redd Barna eller anna meir direkte, humant arbeid? 

MCH: Eg gjer begge deler, og synest ikkje dei utelukkar kvarandre. Eg skriv fordi eg ikkje har språk nok elles. Eg får ikkje sagt alt eg vil seie utan å poetisere. Dessutan tykkjer eg at desse sjukdommane fortener god litteratur. Den sjuke kroppen er interessant, både kulturelt og litterært, og rommar så innmari mange motstridande krefter.

MK: Korleis er det interessant – kulturelt og litterært?

MCH: Vår moderne kroppskultur, der kroppen er både identitetsmarkør og statussymbol, er interessant og problematisk. Vi vil vere friske og sunne, men samtidig ligg den sjuke (tynne) kroppen farleg tett opptil høgt skatta ideal om styrke og disiplin. Eg følte meg uovervinneleg då eg var på mitt verste som anorektikar, og det var ikkje noko eg hadde plukka ut av lause lufta. Dei voldsomme endringane i kropp og sinn, og korleis dei igjen endrar måten ein tenkjer om seg sjølv og omverda på, har vore interessant for meg å sette ord på. Framleis er det mykje eg ikkje forstår.

MK: Kva er det litterære potensialet i spenninga i dei motstridande kreftene?

MCH: Det er så mange lag å utforske. Forholdet sterk/svak er klassisk i så måte. Til slutt blir ein kanskje så viljesterk at ein må leggast inn på sjukehus, og kva skjer då? Ein lever heile tida på eit vippepunkt. Det er ei unik livserfaring.

MK: Korleis leitar du deg fram til eit litterært univers, og dine symbol og rekvisittar, for å formidle tema?

MCH: Det vil eg veldig gjerne svare konkret og godt på, men kan ikkje. Eg veit ikkje heilt kva eg driv med, og har evig impostor syndrome. Skrivinga er utforsking og improvisasjon, og dei språklege verkemidla kjem plutseleg, undervegs og alle stader frå. Ofte er utgangspunktet eit temperament eller ei stemning, og så gjeld det å finne ord som kan formidle den.

Det er mykje dyr og natur i begge bøkene mine, spesielt i Svart belte. Den mektige naturen i Jølster, der eg har vakse opp, både skremmer og lokkar meg, og kan slik gi språk til mykje forskjellig.

MK: Då forstår eg deg som at det ikkje byrjar med eit tema. Kan du fortelje kvar du byrja og kvar du (om du framleis held fram) byrjar?

MCH: Eg har skrive sidan eg var ung, kanskje 10-11 år, og stort sett dikt. Så snart eg oppdaga at ord kunne rime, og bety heilt andre ting enn det som stod på papiret, begynte eg å eksperimentere sjølv. Det har alltid vore langsamt, pirkete arbeid. Eg er ikkje nødvendigvis sikker på kvar eg skal ende opp når eg begynner på ein tekst, og han blir som regel ikkje bra før ved tiande versjon. Når det er sagt, ønskjer eg no å utfordre måten eg har skrive på dei siste åra. Arbeidet med neste roman er i gang, og begynte nettopp med tema.

MK: Du kjem frå Jølster, ein stad kjent for Astuptunet, Nikolai Astrup. Er det berre oss der utanfrå som er oppteken av han, eller er han stor innanfor kommunen også?

MCH: Sjølvsagt er han stor! Som skuleelev i Jølster blir det mange besøk på Astruptunet. No er det lenge sidan eg har vore der, men motiva hans gir meg alltid heimlengsle.

MK: I kva grad har det å komme frå ein stad med ein så dyktig kunstnar gitt deg sjølvtillit som kunstnar, og bidrege til at du har satsa på kunst?

MCH: Som yngre skulle eg bli forskar, ikkje kunstnar. Eg samla på beinrestar og oppbevarte eksperimentglas under vasken på kjøkkenet. Skrivinga vart tidleg viktig, men eg har ærleg talt aldri hatt nokon visjon om å leve av å skrive. Eg set pris på å ha skrivinga som eit frirom, og kunne forvalte det som eg sjølv ønskjer.

MK: Ja, har du satsa på kunst, no?

MCH: Eg har faktisk nettopp begynt å studere pedagogikk, og satsar på å bli lærar. Eg likar å ha ein jobb og kollegaer å gå til, og eg likar å formidle litteratur – men eg trur alltid eg kjem til å skrive, uansett dagjobb.

MK: «Rockepoet», står det om deg, på nett. Kva er opphavet til at du vart kalla det? 

MCH: Det vart eg kalla i Klassekampen si melding av Bilydar, og så har det blitt verande. Det er litt flaut, men mest stas.

 

Håheim har no flytta tilbake til Bergen, og bur, passande nok, i Zinken Hopps gate der.