Aktuelt

Solidaritetens evangelium

Julehelga er inga ideell tid for polemikk. Men uroa i og rundt Den norske Forfatterforening fortener nokre kommentarar frå ein som som har vore medlem…

edvard_hoem

Julehelga er inga ideell tid for polemikk. Men uroa i og rundt Den norske Forfatterforening fortener nokre kommentarar frå ein som som har vore medlem i det såkalla lauget i 47 år. Termen er for øvrig sterkt misvisande. No dreier striden seg om kven som skal ha siste ordet når stipend skal delast ut, og kva slags medlemskriterium foreininga skal operere med.

     Kulturminister Linda Hofstad Helleland fekk nyleg igjennom at Statens utval for kunstnarstipend skal ha oppnemningsrett til dei sakkyndige råd som kunstnarane fram til no har valt på sine generalforsamlingar, blant Det litterære råd i Den norske Forfatterforening. Endringa rokkar ved eit viktig prinsipp som har stått fast sidan Kjell Bondevik var kyrkje- og undervisningsminister, nemleg at kunstnarane sjølve skal ha siste ordet i stipendsaker. Han oppretta Statens stipendkomite og innførte for så vidt prinsippet om ei armlengdes avstand mellom makta og kunstnarane.
     No blir det skapt eit inntrykk av at kunstnarane og stipenda er som bukken og havresekken, og at ordninga med sakkyndige råd kan føre til at ein deler ut pengane til venner og kjenningar i faget.
     Eg kjenner meg ikkje igjen. Eg har vore usamd i enkelte avgjerder som Rådet har tatt gjennom tidene, men eg har aldri trudd at  ei alternativ ordning ville bli meir rettferdig. Når det blir skapt eit inntrykk av det går føre seg kameraderi både når det gjeld medlemskapsvurdering og stipendtildeling er det feilaktig, ikkje fordi forfattarar er meir moralske enn andre, men den som ville tildele stipend ut frå kjennskap og vennskap, ville bli utsett for unison forakt i heile miljøet.
     I seks år da eg var medlem i Det litterære råd i Den norske Forfatterforening, sat eg saman med kvinner og menn som i mange tilfelle oppheldt seg i eit anna litterært univers enn eg, eller i alle fall på ein annan måne. Likevel var det etter grundige diskusjonar stort sett konsensus om kven som fortente å stå på stipendlistene. Stig Sæterbakken var i si tid ein glimrande leiar av rådet, profesjonell, pådrivande i diskusjonen, kapabel til å trekke konklusjonar og til å forsvara dei. Det same gjaldt mange andre, Ole Robert Sunde til dømes, ein forfattar som bruker andre litterære verkemiddel enn eg, men eg kan nesten ikkje minnast at vi nokon gong var usamde om kven vi skulle prioritere når vi delte ut stipend.
    Det livlange medlemskapet i Den norske Forfatterforening har vore viktig for meg, både menneskeleg og økonomisk. Fram til denne dag har foreininga greidd å forsvara ein normalavtale som gjer at alle forfattarar får lik royaltyprosent, uavhengig av kor mykje dei betyr på marknaden.
    For førti år sidan var målet å skapa ei slagkraftig fagforeining av DnF, som den gongen mest minte om eit litterært selskap. Ei rekke medlemmer i DNF, blant dei Edvard Beyer, Bernt Vestre og Leif Mæhle, hadde ingen skjønnlitterær produksjon i det heile. Dei var framifrå skribentar, men dei levde ikkje av å skrive, og det dei skreiv, var ikkje skjønnlitteratur. Da det kom krav om ein meir aktiv fagpolitikk, vart det klart at professorar, skjønnånder og frie skjønnlitterære forfattarar ikkje hadde felles interesser. Vilkåret for medlemskap vart sett til to skjønnlitterære bøker av god kvalitet.
     Kvifor måtte ei slik evaluering til? Dei fleste vil forstå at ikkje alle som utgir bøker kan bli medlemmer. Vi forfattarar har ikkje fast tilsetting som journalistane eller andre, vi har heller ingen eksamen som kvalifiserer og sertifiserer. No vil mange av dei som ikkje fekk medlemskap, danne si eiga foreining. Det har dei all rett til! Om det vil styrke vilkåra for norsk litteratur, er ei anna sak.
     Kva er så bakgrunnen for uroa? Eg trur det er forfattarsoli-dariteten, den finaste arven frå det politiske syttitalet, som utfordrar og provoserer mange som ikkje kjenner bakgrunnen for den ordninga som eksisterer i dag. Framveksten av bokklubbane på syttitalet gav forfattarstanden store nye inntekter, og ein stor prosent av desse inntektene vart forvalta kollektivt, og ikkje utbetalt individuelt. Det enkelte forfattaren som fekk bok i bokklubb, avstod ein tredjedel av inntekta til Solidaritetsfondet, som så delte ut stipend til kollegaer som ikkje var like heldige. Det same prinsippet følgde ein da vi oppnådde biblioteksvederlag for at bøkene våre stod gratis til disposisjon for lesarar over heile landet.
     Eg må tilstå at mange av oss er stolte av denne praktiske solidariteten, som ikkje er milde gåver til dei fattige, men som baserer seg på den elementære innsikt at forfattarlivet er ustadig og uføreseieleg. Derfor gjeld solidariteten i dag deg, i morgon meg.
    Det viktigaste produktet av solidariteten er at store talent har fått armslag til å utvikle seg, og i neste omgang bli uavhengige av alle litterære støtteordningar, noko som Per Pettersson er eitt av mange eksempel på.
     I eit samfunn der kommersielt skval tyt ut av nesten alle kommunikasjonskanalar, og den seriøse debatten heile tida trugar med å forfalle til newspeak og tom retorikk, er det meir behov for den seriøse forfattaren enn nokon sinne. Ein gong var solidariteten i Den norske Forfatterforening avgjerande for at eg kunne utvikle meg som forfattar. Mitt fromme juleønske er at nye generasjonar med forfattarar skal få arbeide med den same solidariteten i ryggen, så dei på fritt grunnlag kan saumfara samfunnet, skildre menneskelivet og ein sjeldan gong skapa stor litteratur.
   
(Artikkelen sto på trykk i Klassekampen 23/12-2017)

TILFØYELSE: I et innlegg i Klassekampen 2. januar skriver kunstsosiolog, dr. philos Dag Solhjell at «armlengdes avstand»-prinsippet er enda eldre:

«Prinsippet og dets løsning skriver seg fra 1818,» påpeker Solhjell. «Det er altså et 200 år gammelt prinsipp som står for fall, når staten nå gir seg selv rett til å gripe inn i valget av medlemmer av stipendkomiteer.»

Solhjell avslutter sitt innlegg med at staten i to perioder har gjort sterke innskrenkninger i prinsippet om armlengdes avstand. Første gang var i 1869-84. «Den andre var i årene 1940-1945, da Kulturdepartementet ikke bare oppnevnte stipendkomiteenes medlemmer, men la politiske føringer på hvem de skulle gi stipendier til.»