Aktuelt

Undergraving eller mangel på innsikt?

Kvifor vil kulturminister Helleland ta frå kunstnarane retten til sjølve å velje sine stipendkomitear?  Og kven er det ho meiner er betre skikka til å…

anne-karin-torheim

Kvifor vil kulturminister Helleland ta frå kunstnarane retten til sjølve å velje sine stipendkomitear?  Og kven er det ho meiner er betre skikka til å innstille til Statens kunstnarstipend? Handlar dette om undergraving eller manglande kunnskap om kunstnaranes eigen kompetanse? I alle fall handlar ikkje det berre om retorikk. Men om noko langt meir alvorleg; nemleg om kven som skal bestemme kven som er kompetent til å innstille til Statens kunstnarstipend. Ministeren må ikkje gløyme at kunstnarorganisasjonane også er fagforeiningar med understreking av fag.

Helleland vil også slå saman stipendkomitear, for eks. innanfor litteratur som er det feltet eg kjenner best til. Men skal den same komiteen vurdere både omsett litteratur og all ny norsk skjønnlitteratur for vaksne og barn + dramatikk og teikneseriar og kanskje også sakprosa, ja då blir det langt over 1000 bøker i året å lese. Og ein skal helst vere relativt opplest også før ein går inn i ein slik komité. Kven er kvalifisert til det om eg tør spørje? Legar og juristar? Kor mykje tid har dei til å lese skjønnlitteratur i slike enorme mengder? Det skal ikkje mykje førestillingsevne til for å skjønne kor uforsvarleg dette vil bli i praksis. Kvifor forstår ikkje kulturministeren dette?

Eg trur det er nokon her som ikkje fattar kva arbeidet i ein slik stipendkomité verkeleg inneber. Du må lese bøker, og jammen er det ein stor fordel om du har skrive nokre sjølv også! Forfattarar brukar ikkje taleskrivar, men skriv som kjent bøkene sine sjølve. Ein brukar gjerne fagfolk til å vurdere eit fag. Det er noko med det å sjølv ha erfart kva det betyr å skrive ei bok. Og la meg legge til: Det er mange forfattarar som også har ein akademisk bakgrunn; mange har for eks hovudfag/master i nordisk eller litteraturvitskap, eller eit språkfag, kunsthistorie osv. Mange har i tillegg utdanning frå Skrivekunstakademiet i Hordaland eller Forfattarstudiet i Bø etc. Det finst også legar og juristar og psykologutdanna folk som skriv skjønnlitteratur. Ja, når det kjem til stykke finst det faktisk forfattarar med yrkeserfaring frå svært mange yrke. Berre for å ha sagt det. Så kva denne andre kompetansen som ministaren har mumla om skulle bestå i er vanskeleg å forstå. Det kan då ikkje vere det at ein ikkje er forfattar som skulle gi ein  eigna kompetanse?

Sjølv har eg erfaring frå 6 år i Forfatterforeningas litterære Råd som altså per i dag innstiller til statens kunstnarstipend. Rådet har 9 medlemer valt av årsmøtet i DnF. Ein tar omsyn til geografisk representasjon, balanse mellom kvinner og menn, nynorsk og bokmål, ulike sjangrar og alder. Om nokon trur dette blir ei einsarta gruppe må dei tru om igjen. (Kvart år går dessutan nokon ut og nye kjem inn. Og ein kan ikkje sitte lenger enn 6 år.) Derimot har ei slik gruppe grundige og nyanserike diskusjonar. Verken før eller sidan eg var medlem i Rådet har eg delteke i så omfattande diskusjonar om bøker og forfattarskap.

Det kan elles opplysast om at arbeidet i Forfatterforeningas litterære Råd også omfattar tildelinga av Tarjei Vesaas debutantpris. I praksis betyr det at dette rådet følgjer med på alle som debuterer med skjønnlitterære bøker. Og ein svært god ein-boksforfattar kan få  eit mindre stipend – altså utan å vere medlem i DnF. Med to bøker kan ein søke medlemskap, og då blir bøkene svært grundig diskutert. Dette betyr at når det så kjem ein søknad om stipend, har Rådet god kjennskap til søkarens bøker. Rådet tildeler også andre stipend, for eks frå vederlagsfondet. Dette betyr at dei har ein oversikt over kven som får kva. Ein innstiller ikkje til eit stateleg arbeidsstipend, om ein har tildelt eitt frå vederlagsfondet. Slik vil det berre føre til meir byråkrati med to ulike stipendkomitear. Kvifor rote dette til, når ein har den kompetansen ein treng? Rådet innstiller til dei statelege stipenda, og må difor grunngi kvar einaste innstilling skrifteleg overfor Kulturrådet. Så den som trur at her er vage synsingar ute og går, må tru om igjen. Kvifor skal ein forandre på eit system dei fleste er fornøgd med, og som har tent den norske litteraturen svært godt i ei årrekkje? (Og som nokon i si tid kjempa hardt og lenge for å få igjennom.)

Og korleis vil ein vurdere søknader om stipend viss ein ikkje kjenner til kunstnarens arbeid? Å skrive gode søknader er ikkje det same som å skape interessant og viktig kunst. Ein eldre kollega sa ein gong at om du er forfattar sjølv, kan du lukte deg fram til kven andre som er det.  

Ved sidan av innkjøpsordninga er Forfatterforeningas litterære Råd ein svært viktig instans i den norske litteraturens ikkje-kommersielle kretslaup.

Og dette kretslaupet blir ikkje mindre viktig i åra som kjem slik bransjen oppfører seg, dvs blir meir og meir kommersiell. Om ein ikkje har merka dette, så svar meg, for eks. på kvifor ein salssjef frå Narvesen blei headhunta til å vere Gyldendals øvste leiar, og dermed blei etterfølgjer til ein som har doktorgrad på ironien hos Arne Garborg?