Vyrdnad og fordom

September 2015, rett sør for Polarsirkelen. Sigbjørn Skåden er berre steinkast frå Islands storting, men står midt i ei våtmyr. Det regnar og bles, og…

14369942_10154478069983279_1607377334442072357_n

September 2015, rett sør for Polarsirkelen. Sigbjørn Skåden er berre steinkast frå Islands storting, men står midt i ei våtmyr. Det regnar og bles, og er ikkje ver for paraply, men allversjakke. Dét kjenner den samiske forfattaren att frå Troms. Men frå eit? punkt stig geotermisk lunk. Skåden kjenner at det er forskjell på Norden og Norden. Det finst veslebrør og storesøstre blant landa. Men også veslebrørne, Island og Noreg, er ulike. Ulikskapane kjem mellom anna fram i nominasjonar til Nordisk råds litteraturpris. Det er noko av kva Skåden ser når han går bort stien frå Vatnamyri, opp ei trapp av basalt, og inn i Alvar Aaltos Norræna Husið. Finsk design, midt i Reykjavik. Der inne er NRL-sekretær Sigurdur Olafsson, og 14 jurymedlemmar: To frå kvar av språkområda: norsk, svensk, dansk, finsk, islandsk, færøysk, samisk, grønlandsk. Midt på bordet ligg dei nominerte til NRL: Poesi og prosa frå Island. Prosa og prosa frå Noreg: Jon Fosses Andvake/ Olavs draumar/ Kveldsvævd og Krstine Næss sin siste roman. Dei danske Pia Juul og Helle Helle, Jon Kalmar Stefanssons Fiskene har ingen føtter, og resten av bøkene som du, eg, lesarar i heile Norden har høyrt om gjennom litteraturprogram i nordiske medier i eitt år. 

På ei av bøkene står det Amas Amas Amasmuvvaat. Den har Skåden med. Han og hans kollegaer Synnøve Persen og Outi Länsman meinte at unge Niilas Holmberg (f. 1990)s andrebok var den beste av alle i heile det samiske språkområde frå dei siste fire åra. Skåden argumenterer for at diktaren, musikaren og skodespelaren fortener Nordisk råds litteraturpris, trass i sin unge alder og få utgjevnadar: «Holmberg utmerka seg i ung alder på ei rekke arenaer: som poet, skodespelar på det samiske nasjonalteateret, og som musikar. Han var berre nitten då førsteboka hans kom, og andreboka fekk Samerådets litteraturpris føråret,» fortel Skåden, før han høyrer dei andre delegatane presentere og argumentere for bøkene som dei har med. Dei svenske, ein ung, kvinneleg forfattar og ein eldre herre presenterer sine bøker, som er skrive av ein ung kvinneleg forfattar og ein eldre herre. 

Eg vart sitjande å spekulere, og tenkte mitt: At den unge, kvinnelege forfattaren hadde valt ei bok av ein ung, kvinneleg forfattar, og den eldre, mannlege forfattaren den andre boka. Nominasjonane er prisgitt dei som sit i komiteane. Vi står i prinsippet heilt fri til å velje dei bøkene vi liker. Dei må berre vere av høg litterær verdi.

– Er det ingen føringar frå Kulturdepartementet eller Nordisk råd om kriterium? Som om at dei skal demonstrere noko nordisk, til dømes?

– Nei, ikkje noko. 

– Ingen stor tradisjonskultur

Skal eg tru Skåden, er ikkje veggane i juryrommet bygd av tradisjon og presedens. Likevel er den typiske norske NRL-bok ein roman skrive av ein etablert forfattar. Når danskane, svenskane, finskane nominerer til NRL, ser det ut til å vere meir blanke ark. Når ein tel namn, sjangrar, aldrer, ser ein at dei oftare nominerer yngre forfattarar og smalare sjangrar. Det finst unntak. Norske Skåden, til dømes, var ung, og relativt uetablert då han var nominert til prisen. Niillas Holmberg, også han norsk, er nemnt. Karl Ove Knausgård var nominert for sin andre bok. Nyleg var mindre medstraumsforfattarar som Nils-Øivind Haagensen, Ole Robert Sunde og Mona Høvring kandidatar. Ein kan også nemne eitt av dei få nominerte debutverka: Finn Alnæs Koloss. Men i Noreg er den typen nominasjon unntak. Samstundes nominerer Danmark, Sverige og Finland Ursula Andkiær Olsen, Sara Stridsberg, Bjørn Rasmussen, Sofi Oksanen, Josefine Klougart, ja, og Josefine Klougart igjen. Seier dette noko om litteraturpolitikken til dei ulike landa?

– Ein kan ikkje seie noko generelt om nominasjonane eller snakke om tendensane. Kontinuiteten er ikkje sterk nok til å påstå at det er ein sterk kultur for det eine eller det andre. Det er ingen stor tradisjonskultur i Nordisk råd. Tvert om. Det er superstrippa ned til dei få som sitt og vel bøker. 

Skåden har fulgt med prisen gjennom fleire år, som forfattar og engasjert i forfattarklubbar og foreningar. Han ser at Danmark ofte har nominert yngre forfattarar. «Og dei svenske også,» seier han. Men legg til at det også skjer i Noreg. Skåden trur det er strukturelle grunnar til at han har problemer med å vise til eit mønster i nominasjonane frå Noreg:

– Medlemma blir ofte bytta ut plutseleg, kanskje alle på ein gong. 

– Burde det vere fleire medlemmar i komiteen, for å fange opp potensielle tilfeldigheiter?

– Det kan ein spørje seg.

Spør Helene Uri! 

Uri rakk tre bedømmingsmøte før ho gjekk ut av komiteen det året Skåden kom inn. Det kan vere av hendingane som gav Skåden eit inntrykk av at komiteen har store og brå endringar: Tove Nilssen slutta av eige ønske etter berre eitt år. Uri kom inn og erstatta Nilssen, og vart, mot normalt, bytta ut etter sin første periode. Samtidig blei også hennar makker skifta ut, då han hadde vore i komiteen i to periodar. Også heile den danske komiteen vart bytta ut på ein gong; i protest på grunn av ein konflikt om løn med det danske kulturdepartementet. Det vanlege skal vere at medlemma sitt i to periodar, og at dei overlappar kvarandre.

– Har du inntrykk av at det er hyppige skifte av medlemmar til bedømmingskomiteen? For hyppige?

– Mitt inntrykk var ein av kontiunuitet, og at dei andre i juryen kjente kvarandre. Men ei viss utbytting skal der vere, seier Uri. Kontinuitet til tross: Uri og hennar makkar var dei som valde titlar av Haagensen, Sunde og Høvring: forfattarar som, for å seie det som Skåden «ikkje er å finne i stablar i bokhandlarar i hovudgatene». 

Utanfrå ser det ut til at Uri hadde tid til å lese alt som forlaga sender, og kunne velje kvalifisert – også frå mindre mainstream titlar. 

– Eg har aldri hatt så store bokstablar som då eg satt i juryen til Nordisk råd. Skulle ein ha lese absolutt alt så ville det tatt eitt år. Men det er ikkje slik at vi sitt i ei boble. Vi er bokfolk som følgjer med, som les aviser og rådfører oss med folk. Ein kan alltid lese meir. Men eg meiner at vi hadde god oversikt og gjorde kloke val. Det hadde vore oppsiktsvekkjande om vi valde noko som ingen andre hadde oppdaga. NRL er ein stor pris, ein solid og tung pris.

Uri, som Skåden, skisserer ein prosess der dei står svært fritt til å nominere bøker, og at dei ikkje kjenner på føringar frå sentralt hald. Men frå dette sentrum blir den viktigaste avgjersla tatt: den om kven som skal sitje i den norske komiteen. Den nominerande instans har reell makt over kva type bøker som blir nominert til Nordisk råds litteraturpris. ”Valkomiteen” er, i følgje Nordisk råd, kulturdepartementa i dei inskilde landa.

– Eg fekk eit brev direkte frå Kulturministeren. Eg fekk inntrykk av brevet som at det var eit politisk val, frå ministeren og sikkert med innspel frå den politiske leiinga. Eg veljer å tru at det var hennar val, og kanskje i samråd med embetsverket. 

–  Kvifor vart akkurat du valt, trur du?

–  Det er eit puslespel å setje saman ein jury. Dei skal ha ein forfattar, ein anmeldar, ein akademikar. Kvinner, menn, og ei spreiing geografisk også, gjerne. Tove Nilssen gjekk ut, og eg tippar at det høvde at eg kom inn.  

Eg tok kontakt med Kulturdepartementet med spørsmål om korleis medlemmar blir valt. KD skulle finne ut av det og komme tilbake. Det har ikkje skjedd enno. 

Politiske strukturar

Gode støtteordningar og velfungerande litteraturpolitikk gjer norske forfattarar betre, og hever terskelen for nominasjonar til Nordisk råds litteraturpris her, og forlenger køa av etablerte, fortente forfattarar. Danskane, svenskane, finskane, derimot, nominerer oftare yngre forfattarar, og smalare sjangrar. Slike unge talent får sjeldnare nominasjonar til NRL i land som satsar meir på å føreseielege, langsiktige stønadsordningar. Som Noreg – og Island. Sant?

Tilbake til Norræna husið i september 2015. Alle dei nordiske komiteane har presentert bøkene frå sine språkområde. Skåden stemmer på dei tre av titlane han synest best om. Han får ikkje stemme på den samiske. Det blir telt opp. Dei tre mest populære bøkene går vidare. I andre runde stemmer han på eitt av dei tre. Han kan stemme på eit verk frå sitt språkområde. Om ingen av verka får ei overvekt av stemmer no, stemmer han ein tredje gong. Dei kårar vinnaren, Jon Fosse, og skriv ei grunngjeving for kvifor hans triologi er den beste av alle bøker gitt ut i Norden i 2015. I oppgåva «Den nordiske roman?» undersøkjer Malene Berthelsen Lindgren korleis juryen skriv om romanar som vinn NRL, og seier samstundes noko om kva «den nordiske roman er og bør vere». Berthelsen Lindgren finn at grunngivingstekstane handlar om forma og innhaldet i romanane, og har lite fokus på forfattaren, forfattarskapen og lesaren. Slik er den heilskapelege, stornordiske trenden, i følgje Berthelsen Lindgren. Men er det variasjonar innanfor språkområda? Vil «veslebror» Noreg og Island, til dømes, sjå noko meir til forfattarskap, og velje tryggare forfattarar enn det storesøstrene gjer? Frå ein stad til ein annan, i Reykjavik: 

 

Frå Norræna husið går motorvegen Hringvegur rett aust og ut av sentrum. Ei halv mils åttefils motorveg tar oss til 112 Reykjavik. Vi blir med ein mindre veg som slyngar seg opp på ei høgd, der det står ein stor villa med ein stor garasje utanfor. Garasjen er full av bøker. Veggane er bøker, og stablar av bøker fungerer som møbel. Ved ein pult inst, sitt Einar Már Guðmundsson. Han heller seg ein kopp kaffi frå ein termos og snakkar på telefonen med meg.

 

Det blir kasta eit lys over verket. Verket må klare seg i det lyset, det må bestå. 

Einar Már har berre dagslyset tent i skrivestova på høgda over Grafavogur, 112 Reykjavik. Sommaren har vore uvanleg god der i år. No er lufta augustskarp og klår. Det er framleis eit par månadar til Einar skal møte Sigbjørn Skåden og dei andre medlemma i bedømmingskomiteen for å velje årets vinnar. No sitt Einar framleis og les bøkene frå dei andre språkområda. Sjølv har han og makkaren hans frå Island nominert islandske bøker, som Skåden og dei andre les: Ein roman og ei diktsamling. Einar er streng på at det er verk som er vald, og ikkje forfattar. 

Som eit mindre språkområde: Er de mindre modige med nomineringar, trur du? 

Nei. Det skal vere eit interessant og godt verk. Om det er tradisjonelt eller eksperimenterande er ikkje avgjerande. Forutsettingane er ikkje sjanger eller kva de presenterer. Det er ingen føringar på å sjå etter noko fellesnordisk. Det dreier seg om den gode litteraturen. 

Einar har sjølv stått i spotlighten, med ei bok som vann NRL, og erfart nærlesningar, vurderingar, sal til utlandet eller ikkje. 

– Det er dei som blir glømt, og det er dei som blir med vidare. 

Einars Universets engler fekk eit vidare liv, indeed: engelsk, spansk, tysk, you name it: Ingen av Einars verk har vore så mykje omsett og solgt til utlandet som denne boka. For omsett var han før også. Men:

Universets engler sprengde rammene. Den kom lenger. 

Turen begynner i 1994, når det islandske ministeriet for «kultur, utdanning og fiskeri» (!) peiker ut sin 

nasjonale komité for NRL. To vanlege medlemmar og ein vara. Den nasjonale komiteen nominerer Universets engler og eitt anna islandsk verk. Nominasjonen blir offentleg i februar, eit halvt år før avgjersla om kven som får prisen. Både Einar og alle dei andre nominerte får lesningar, meldingar og merksemd over lang tid, og over heile Norden. Alle titlane blir omsett til alle dei nordiske språka, og lese og meldt i riksmedier i alle dei store landa. Utanlandske forlag har sett til nominasjonane når dei har kjøpt titlar til omsetjing. Det er ein viktig pris for forfattarar i alle dei nordiske landa. Han framstår viktigare i nokre land enn i andre. Er han særleg viktig for dei små språkområda? 

 – Nordisk råds litteraturpris har stor status i utlandet. Der ute er det mange som tenkjer på nordisk litteratur som eitt. Litt som vi i Norden brukar omgrep som «Latinamerikansk».

Universets engler er ei av bøkene som kan ha vore særleg mykje omsett på grunn av prisen. Men islandsk litteratur blir mykje omsett uansett. Å få omsett til islandsk er vanskeleg. Særleg for norske titlar. Gjer det prisen mindre viktig for islendingar enn nordmenn?

– Skandinavar kan ikkje islandsk. Men dei fleste islendingar kan lese skandinavisk Det er ein grunn til at vi ikkje omsett så mykje av dykkar litteratur til islandsk. Dessutan er det ein liten marknad her. Men når det er sagt, så er bøker som Lars Saabye Christensens Halvbroren og Jan Kjærstads Erobreren godt kjente på Island på grunn av prisen. Og for dikt er prisen viktig. Det er ikkje ein populær sjanger i noko land. Men poetar som vinn prisen blir kjende. 

– Ein av teoriane eg testar ut er at mindre språkområde som Noreg og Island lid av eit veslebrorsyndrom. At vi «viser oss», og nominerer forfattarar som vi er trygge på. Etablerte romanforfattarar. Som ein kan hevde at du var, i 1994, då du vann prise. Universets engler var din femte roman. I tillegg hadde du publisert diktsamlingar, og var allereie omsett til andre språk. Kva trur du det hadde gjort med ditt forfattarskap viss du hadde fått prisen tidlegare?

– Slik kan ein ikkje vite. Eg opplevde ikkje noko press etter å ha fått prisen. Eg skreiv det som eg måtte skrive, og kjente det ikkje som at eg måtte leve opp til den. Men eg gjorde det likevel. For meg var det berre ein god episode i min historie.

– Du nemnte dette med dikt, som får ein særleg positiv effekt av å vinne NRL. Danmark har nominert fleire diktsamlingar enn t.d. Noreg. Som innsidar i komiteen: Kva ser du av mønstre i dei ulike landa? 

– Eg trur det heng saman med kva tendens som er sterkest i vedkommande land. Danmark har hatt ein sterk poesitradisjon lenge. Hos oss har det vore slik at no er det både ein roman og ei diktsamling. Det har ofte vore begge deler.

– Kvifor blir dramatikk aldri nominert?

– Dramatikk skulle ha vore ein pris for seg sjølv. Den skjer oftast på scenen, og er sjeldan gitt ut som bøker. 

– Men kva med Fosse: Burde han ha fått prisen for noko av dramatikken, ikkje prosaen?

– Kanskje. Men også Fosse har skrive flest dikt, romanar og annan prosa. 

Einar Már trur komitemedlemmar vurderer verk og ikkje forfattarskap. Men han ser likevel at nominasjonen har ein effekt på heile forfattarskap:

– Ein nominasjon eller pris kastar lys over eit forfattarskap. Om ein skal snakke om noko negativt, så må det vere at anna som ein skriv kjem i skuggen, seier Einar, før han igjen går ut, til sola, den låge, denne augustkvelden. 

Dramatikk

Jon Fosse heiter ein skald som debuterer med lygisagaen Raudt, svart, og som så skriv både stutte og lange sögur og kved så vakre at sjølv dei største krigarane blir rørde når dei høyrer kveda. Men det er først når Jon skriv spel at han blir kjend over heile verda. Det begynner han med i 1991, då han går eit kurs i dramatikk på Skrivekunstakademiet i Hordaland. Jon tykkjer ikkje sjølv så godt om teateret, men teatersjef Kai Johnsen kjem frå Den nasjonale scenen og oppmodar Jon om å skrive for han. Jon skriv for Johnsen, og det første heile stykket hans Og aldri skal vi skiljast, har premiere i 1993. Sidan skriv Jon rundt tretti stykke som alle får sine premierar på norske scener. Og på scener i heile verda. Til tretti språk, blir dramatikken omsett. Han er ein av dei åtte som har fått «Heddas ærespris», og får store, internasjonale teaterprisar som den austerrikske Nestroy-prisen og Nordisk dramatikarpris. I 1999 får han Gyldendalprisen, og får Svenska Akademiens nordiske pris, og så vidare. Han blir nominert til Nordisk råds litteraturpris fleire gongar. Men aldri for dramatikken. 

Kvifor (1)? 

Av di Einar Már sa: At dramatikk ikkje alltid fungerar i bokform? Det er heller ikkje så mykje dramatikk gitt ut som bøker, og mindre å velje mellom. I dei to siste rundane av påmelding til innkjøpsordninga for norsk skjønnlitteratur for vaksne, var tre dramatiske verk, fordelt på to rundar, påmeldt. Til samanlikning var det påmeldt omkring seksti romanar og rundt 20 diktsamlingar, i kvar runde. Men så kan ein seie at kvaliteten på dramatikken er høg. Det skal mykje til frå eit dramatisk verk før eit forlag tar sjansen på å gi det ut som bok. Den dramatikken som blir gitt ut har ofte vore gjennom teatra sine nålauge. Sidan går han gjennom forlagets. Forlag flest ser ut til å ha medvit nok om bokformatet til å tilpasse formatet til dramatisk tekst, og andre vegen rundt: Overføre scenekunst til bok på ein formalt rett måte. 

Kvifor (2)? 

 «Jeg skulle ønske ingen forleggere lenger lokket forfatterne med Den store romanens status. Men det gjør de. Litteraturkritikerne også,» skreiv Knut Olav Åmås i ein artikkel i Dagbladet i 2004. Det blir gitt ut adskillig fleire romanar enn diktsamlingar i Noreg. Etter tilfeldige opptellingar i Kulturrådets lister over påmeldte og innkjøpte lister dei siste åra, finn eg at det er omlag fire gongar så mange romanar som diktsamlingar på lista. Romanar har status. Det episke, det samanhengande, storslåtte har, historisk sett, hatt stilling som meir avansert, vanskelegare, flinkt, er «litteraturens maraton», osv osv. Forteljinga blir, av psykologar, hevda å vere formen som folk tenkjer. Eller snarare; måten folk ønskjer dei tenkte på. I ei tilsynelatande usammanhengande, kaotisk og meiningslaus verd, lagar forteljinga orden. Med forteljinga kan menneske finne meining også i sin eigen livshistorie. Jo lenger forteljinga (romanen) er, jo meir vidtfamnande framstår ordenen å vere. OSV. Eg skriv «OSV» for å referere storroman-forfattaren Johan Harstad, som sjølv har gjort eit poeng ut av å gi ut teaterstykket OSV som bok, og blei Brageprisnominert for verket. «OSV» skriv eg også fordi denne diskusjonen kan halde fram i det uttømmelege. For sanneleg har også poesien høg status i Noreg, og meir og meir, ser det ut til, om ein skal sjå på tendensen i tildelingar av skjønnlitterære prisar til poetar. Ruth Lillegraven vann Bragepris for diktsamlinga Urd eitt år då også andre diktsamlingar var nominert til den store, norske prisen. Då Inger Elisabeth Hansen vart nominert til Brageprisen og fekk Kritikarprisen for Å resirkulere lengselen, avrenning foregår, blussa sjangerdebatten opp igjen- igjen. Trass i uravstemningspraksisen fekk juryen gitt prisen til poesi. 

Poeten Tone Hødnebø sa ein gong at ho les like sakte som forfattarar skriv. Eller like fort, kan ein også seie. Å lese for å vurdere, velje, velje vekk treng gode rammevilkår: tid og pengar. 

Den norske bedømmingskomiteen er den av alle språkområda som får best honorar; som får mest frå sitt kulturdepartement. Ein kan gå ut i frå at dei norske komitemedlemma kan lese særleg grundig og bruke særleg mykje tid på å vurdere det dei les. Det er grunn til å tru at norske nominasjonar er «rette» og velfunderte. Men kvifor satsar det norske KUD på dette? Har det å gjere med ein særleg respekt, frå Noreg, i forhold til prisen: 

Kvifor (3)?

Respekten for prisen har å gjere med Den andre verdskrigen: «Vi står sterkare ilag mot

Tyskland som eit samla Norden,» meiner den islandske forfattaren Gunnar Gunnarsson, og prøver visst å lobbe mot Hitler for å spare Norden. Også den norske stortingsmannen Oddleif Fagerheim er «nordientalist». Han donerer pengar for å byggje ein nordisk folkehøgskule i Fjaler. Han har gått på folkehøgskule i Elverum, i ei av byens mest raude periodar. Toleranse og likskap er haldninga, og blikka vendt austover – mot dei som er endå raudare enn seg sjølv. Svenskegrensa er berre abstrakt, er penetrerbar. Ungdommar reiser over, og går på nordiske folkehøgskular i Sverige. Det er ei utveksling av tankar og idear på tvers av landegrensane, og opinionsleiarar som forfattaren Sigmund Moren. Han skal bli far til Halldis Moren. Ho skal bli Halldis Moren Vesaas.

Har respekten for prisen å gjere med Tarjei Vesaas? 

Det er haust, 1964, og tele i jorda på Vinje. Men Tarjei Vesaas er varm i kinna, sjølv der han står ute på tunet på Midtbø. Han har fått rekommandert brev frå Det nordiske ministerrådet. Han får Nordisk råds litteraturpris for Isslottet. Vesaas blir glad. Andre er nesten arge. Dei meiner han skulle hatt den før. For Vindane, Fuglane, kanskje endå tidlegare. Vesaas har sjølv hatt ein litt tung start på forfattarskapet, med fleire refusjonar før han debuterte. Så mykje betyr det då for han å få NRL at han gir prispengane til Forfatterforeningen, for å opprette ein debutantpris. Sidan har mange forfattarar knytt NRL til Vesaasprisen, og til denne historia. NRL gir tyngd til Vesaasprisen. Vesaasprisen gir nordmenn vyrdnad ovanfor NRL. 

Grunnmur og andre rammer

Hovudtyngda til prisen er komitemedlemma og deira kompetanse. Det er viktig for tilliten til komiteane at dei er autonome og uavhengige. Når eg skriv dette, er dei midt i dette arbeidet igjen. Dei får bøker tilsendt i posten, les og vurderar: Skåden er tilbake i lesestolen heime i Tromsø. Hans jobb er å lese seg gjennom litteratur frå dei samiske språkområda, og diskutere med Länsman, over e-post, kva bøker som skal bli nominert. Nordisk råd har ikkje råd til at dei to kan møtest fysisk. Først på det store møtet, der vinnaren blir valt, er Skåden fysisk til stades. 

– Går økonomien ut over kor grundig og breitt dei samiske komitemedlemma kan lese?

– Nordisk råd legg lite pengar i potten til dette arbeidet. Det samiske systemet gir ikkje mykje ekstra. Arbeidet vårt blir påverka av at vi ikkje har råd til å møtest. Men så skal ikkje vi pløye oss gjennom ein 10 meter høg bokbunke. Noreg, Danmark, Sverige har nok større lesarutfordring enn det vi har. 

Kvaliteten på kunst- og kulturarbeid kjem igjen ned til rammevilkår, til tid og pengar. I forhold til Danmark, Sverige og Finland har Noreg, og til dels Island, ein litteraturpolitikk med fastprisavtale, innkjøps- og stipendordningar som muleggjer utvekling av forfattarskap over tid. Fordi Fløgstad, Flatland og Fosse finst; Versto finst og Oterholm, Lundberg, Løveid, Rishøi, Øyehaug, Hansen og Midré finst, Schjerven, Steen, Syvertsen, Solstad, Dahle, Espedal, Seljestad, Dahl, Haugen, Hauge, Harstad, Hatløy, herregud, skal det ikkje ta slutt? Torvund, Tiller, Bråtveit, Breiteig, Bjørnstad, Broch Aakre, Aanestad, Kjærstad, Carmona-Alvarez, Saabye Christensen, Christiansen, Kristensen, finst, osv., osv.: Kvar vår, kvar haust, når forlaga legg fram listene over kommande bøker, er det ein æveleg kamp i lesarar, aviser, innkjøpsansvarlege: kva skal ein velje. Det er ikkje ein luksus, ikkje eit problem, men eit godt, godt teikn på eit samfunn i overskot: Det kjem språket, kulturen, kunsten og ideane til gode. Medan nordmenn blir eldre, sunnare, og har ein lengre produksjonsperiode, blir også forfattarane både yngre og eldre: blir fleire og betre og betre. Slik vaks Noreg fram dei siste tiåra: Overskotssamfunnet får eit stadig større borgarskap med kunstnarar. Tomas Espedal skildrar dei som «det nye aristokratiet». «Dei nye, norske ambassadørane» er scenevande stjernepoetar som flyr verda rundt, som bur på fine hotell og et på restaurant. Men så må ein legge til; flybillettar og hotellopphald betalar ikkje husleiga. 

Likevel tener norske, profesjonelle kunstnarar under den fattigdomsgrensa. Det blir ikkje betre, skal ein tru tal frå levekårsundersøkjingar, som viser at den delen av kunstnarane sin inntekt som kjem frå kunstnarisk arbeid er, når indeksregulert, stadig mindre. I følgje leiar i Dramatikerforbundet har dramatikarane «ei kraftig realnedgang» i inntekt frå 2006 til 2013 (I følgje Dramatikerforbundets medlemsundersøkjingar frå 2006 og 2013).

Framtidsutsiktene som profesjonell forfattar kunne avskrekke forfattarane som er på veg opp. Ikkje tener dei pengar på det dei driv med. Men heldigvis finst stadig fleire prisar øyremerkt dei vanskelege andre-, tredje- og fjerdebøkene: Stig Sæterbakkens minnepris, Jan Roar Leikvolls minnepris, Sultprisen og fleire finst. Nordisk råds litteraturpris tilbyr konkurranse med erfarne ringrevar, motivasjon til å prøve igjen, skrive endå ei bok, og gjere det litt betre, neste gong. 

(Artikkelen stod på trykk i siste utgåve av BLA)