Willy Brandt-prisen til Jon Fosse

Han vinn prisen saman med den tyske språk- og kultureksperten Julia Stöber, skriv bok365.no. Det er den norsk-tyske Willy Brandt-stiftinga, som gjev prisen til personar…

jon_fosse

Han vinn prisen saman med den tyske språk- og kultureksperten Julia Stöber, skriv bok365.no.

Det er den norsk-tyske Willy Brandt-stiftinga, som gjev prisen til personar eller institusjonar som gjennom arbeid har bidrege, på ein særskilt teneleg måte, til å styrke banda mellom Noreg og Tyskland. 

– Eg har eit nært tilhøve til litteraturen og til teateret i det tyske språkområdet. I Tyskland har det vore over hundre produksjonar av stykka mine, mange av desse har eg sett sjølv. Og slik har eg fått mange gode og nære tyske vener. Eg føler meg heime i Tyskland, seier Fosse.