ALT VAR BETRE FØR, IKKJE MINST VERET.DETTE KAN VI TYDELEG SJÅPÅ DETTE BILETET,DER TOGET PASSERER SENTRUMMED SAMVIRKELAGET, SOLSTRAND KAFEOG DEN GAMLE BRANNSTASJONEN I BAKGRUNNEN. EG ER IKKJE HUNDRE PROSENT SIKKER PÅ ÅRET,MEN SKAL EG TIPPE,MÅ DET ALTSÅ BLI 1979. KOM GJERNE MED INNSPEL! GRATULERER MED DAGEN!
Foto: Hans Skorgenes Så endå eit bilete frå Kjøpmannsgata.Denne gongen frå 1972.Kanskje låg det ein ekstra nerve i feiringa av grunnlovsdagendette åretsidan det skulle arrangerast ei folkeavrøystingom norsk medlemsskap i EEC til hausten. På biletet ser vi mange kjende fjes.Til høgre i flaggborga (medlemar av 17.mai-komiteen) dreg vi i alle fall kjensel påOddrun Pedersen, Jarle Klungsøyr, Arnvid Østrem (i songarhue), Jon Gjerde og Kåre Grimstad (med solbriller). Bak den unge lyse jenta i midten(som liknar veldig på Beathe Hals, no Furseth)går Arvid Eidsvik.Til venstre (rett bak lensmannen)kjem Anna Sørheim og Else Flø. Endå lengre bak skimtar eg bror min (enno ikkje 18 år gamal),fem hakk bak far sin.Om nokon kjenner att fleire på dette biletet,så gje lyd!
SKULEKORPSETRUNDAR SVINGEN INNE VED K.L.OG ER SNART FERDIGMED BARNETOGET PÅ HAREID. HØGST TRULEG ER DETTE I 1977.SOM VI HUGSAR VIKARIERTE GUNMAR G SOM DIRIGENTFOR ROLF DETTE ÅRET.
HER SER VITOGET GJENNOM KJØPMANNSGATAEIN GONG PÅ 60-TALETMEN KVA ÅROG KVEN MARSJERERBAK KARANE MED UNIFORM... UT FRÅ BILPARKEN OG HUSA OPPE I HOVLIDBAKKANETIPPAR EG 1965ELLER DEROMKRING
Jeg vælger mig april! i den det gamle falder, i den det ny får fæste,
Slik begynner det kjende diktet VALG,skrive for ein dansk kalendar i 1866.Men som vi alle veit hadde ikkje Bjørnson noko valsidan alle andre månader var opptekne. det volder lidt rabalder, - dog fred er ej det bedste, men at man noget vil. Eg vil vel tippe at han aller helst kunne ha tenkt seg nasjonalmånaden maieller i nestbeste fall stiklestadmånaden juli(det kunne ha vore likt han).Så blei det altså berre april. Tiloversmånaden.Ryddeihagenmånaden.Dekkskiftemånaden. Heldigvis for oss laut Bjørnson verkeleg skjerpe seg for å få noko ut av april.Denne månaden gav han motstand.Han baud på kamp.På sett og vis kan vi altså takke ein litt vanskelegdansk redaktør for at vi har fått dette fine diktet,som held fram slik:
Jeg vælger mig april, fordi den stormer, fejer, fordi den smiler, smelter, fordi den ævner ejer, fordi den kræfter vælter, - i den blir somren til!Vi kunne altså ikkje ha vore denne månaden forutan(sjølv ikkje nordavinden på Hareid, som var ganske sterk i dag). For spesielt interesserte minner vi om Tordis Maurstadsi tolking av VALG frå 1946.
Denne underlege dagen, som på gamle norske primstavarvar avmerka med eit skjold,til minne om Sulpiciussom verna folket sitt motdei merovingiske kongane for meir enn 1500 år sidan,vert nok for all ettertid hugsa for terroristen si kalde og detaljerte utgreiing i tingrettenom dei uhyrlege misgjerningane han stod baktoogtjuande julii fjor.
Som eit stort og tragisk paradokssnakka han om sine "emosjonelle skjold"som han måtte skjule seg bak for å gjennomføre dei syttisju drapapå nettopp denne dagen,i eldre tider kallaSkjolddageneller Manndomsdagen. Tjuande april var også Hitlers fødselsdag.På femtiårsdagen hans i 1939paraderte over femti tusen soldatar for han i Berlin,berre månader før den andre verdskrigen braka lausmed det brutale åtaket på Polen(som Hitler sjølvsagt kalla eit svar på provokasjonar). Det kan vere mange måtarå rettferdiggjere grufulle handlingar på,tenkjer eg etter ein kik på dagens TV-sendingar. Det finst ulike våpen som kan verne ossmot både fornuft og kjensler. Altså skjold.
Trist melding på TV i dag.Åge Storhaug frå Klepp på Jæren er død.74 år gamal.For oss som dreiv med turn rundt 1970,var han helten over alle heltar. Ikkje berre vann han 14 kongepokalar,sølv i EM i 1965 (hopp)og samtlege nordiske meisterskap i perioden 1961-1971,berre for å nemne noko,men han fekk mange turnarar til å truat dei kunne greie det same -og jamvel meir til. Ein av trenarane vårei Hareid Turnlag (som det heitte fram til 1972),Eindride Hareide,stod på hendene på løetaketden dagen han var 70 år.Det var i 1973.Eg meiner Sunnmørsposten kom og tok bilete av han.Lett hallande til sides (i retning nord).Med utsikt over Hareidsvika og Sulafjellet. Omlag slik (men her i retning aust, mot Vartdalsstranda). Vi gutungar hadde sanneleg mange gamle storturnarar å sjå opp til i det gamle klubbhuset på Hareid. Eindride, Oleander, Olaf, Gustav o s v. Men tilbake til Jæren.Då han var ung, trente Åge Storhaug for det meste i løa. Om igjen, Åge!ropte faren hansheilt til det vart kveld. Noko å tenkje på for alle som vil bli god i noko.
Det er kanskje eit lite paradoksat den store rettssaka mot terroristen startar samstundes med hundreårsmarkeringa for Titanic sitt forlis.I begge tilfelle er det blitt sagt:Det skulle ikkje skje.
Men korleis kunne det - likevel. Under arbeidet med dokumentarboka Himmelen over Shetland. Historier om motstand og eksil 1940-45møtte eg hausten 2007forfattaren og Normandie-veteranen James W. Irvine (f 1917)i Lerwick på Shetland.Ikkje berre var det eit skup å få treffe denne mannen.Få britar har så store kunnskapar om krigen i Noreg som han.Av mangt som vart sagt under samtalane våre,hugsar eg kanskje denne setninga best: "Quisling was misguided, but Rinnan was evil." Som eit tilfeldig samantreff av hendingar les eg noKnut Hamsuns På gjengrodde stier frå 1949,som er ein forsvarstale like mykje som ein roman.Trass i denne forfattaren sitt udiskutable geni,noko som også blir avspegla i denne siste boka hans, er eg ikkje tvil om at han var skuldigi det han var tiltalt for.
Jau visst gjekk Hamsun fleire gongar i forbøn for dødsdømde motstandsmenn.Han brukte også posisjonen sin for å få forfattarkollegaer ut frå Grini. Antinazisten Ronald Fangen til dømes. Likevel er det vanskeleg å tilgje han.Hamsun støtta - og lot seg bruke av - nazistane - og gjekk dermed god for dei uhyrlege brotsverka dei stod bak. "Det fanst inga unnskyldning for ikkje å vite,"sa Ragnar Ulstein til meg ein gong.Han tenkte på oss nordmenn og handsaminga av jødane. Uvitenheit og ignoranse er ikkje OK. Men alle er jo ikkje samde i dette.Som vi hugsar vekte den danske forfattaren Thorkild Hansens Prosessen mot Hamsun (1978)sterke reaksjonar, sidan han prøvde å framstille Hamsun som eit offer for det norske rettssystemet. No vil det sjølvsagt vere djupt urettvist å samanlikne Hamsun med drapsmannen som i morgon vert stilt til ansvar for drapet på 77 menneske. Hamsun var på sitt forunderlege vis også ein slags humanist. Men les ein På gjengrodde stier, ser ein faktisk parallellar. Ein ting er det fordreia verdsbiletet.Noko anna er ønsket om å bli sett på som tilrekneleg.Er det noko Hamsun vil framheve veldig sterkt,så er det at han er eit heilt normalt menneske og for all del ikkje sinnsjuk.Han var berre gamal og døv. Hamsun angra heller ingenting.Han stod inne for alt han hadde gjort. Var han så vond eller villfaren.Evil or misguided. Kanskje helst det siste.Men det er gale nok. Tilbake til morgondagen.Altså 77 menneske. Korleis kan vi møte eit slikt faktum med fornuft.Kva tid gjekk det gale. Kanskje ein gong i oppveksten.(Hugs at også Rinnan hadde ein barndom.) Eller var det inne i den digitale liksom-verda heime på guterometavsondra frå alle dei sunne meiningsbrytaranesom vi finn i normale sosiale fellesskap. Tilrekneleg eller utilrekneleg.Evil or misguided. For meg betyr det ingenting. Utøya var uansett kva psykiatarane seier ein galen og forstyrra manns verk. Av omsyn til samfunnet og seg sjølvbør han aldri sleppe ut igjen. Det beste vi kan håpe på er at han ein gong vil forstå kva han faktisk har gjort. Fyrst då kan det bli snakk om soning i eigentleg forstand.
Påska er over.For min eigen del vart den fysisk-egoistiske delen av ferien avslutta med ein skitur frå Ulstein til Hareidi solglimt, regndropar og fleirfoldige varmegrader. Hareid - meir enn eit trafikalt sentrum. Ruta:Kommunegrensa-Gamleeidet-Hofsetmarka-Kiberget-Mosvarden-Bigsetselet-Dalsmunnen- Skafjellet-Grimstadskardet-Gjerdeskogen-Heim. Til saman godt og vel 11 km.Forresten same lengd som Jerusalem-Emmaus.
Ein S i Osnesdalen - for ho som ventar med middagen. Men dei to eg møtte på vegen, kjende eg frå før.Ein trønder på klister og ein snikkar med hund.Ingen overraskingar. Frå Mosvarden - i retning Sulafjellet. Turen tok heile 3 timar (inklusive gode pauser).For føret var slettes ikkje godt.Snøen var meir som kaldt smør med innslag av havregryn og gav heller dårleg glid.
Bigsetsetra - med Bjåstadselet i bakgrunnen.
Men for oss som ikkje er utskjemde med ferdigpreparerte løyper,var dette likevel ein flott tur.
Andre påskedag - vegvisaren i Dalsmunnen er også ein kross. Stabbinga i den krame snøen betalte seg.Eg fekk sjå nordover.
Nordøyane - sett frå Skafjellet. Ein studie i blått.
Frå Skafjellet (der det alltid er vind)ser vi dei fleste av øyane på Nøre Luten (eller Nåra-i-Djupa,som gamalt folk framleis seier).
Retninga nord - mellom fjella Skulen og Gamlemsveten. Altså nordover.Med utgangspunkt herifrå.Tilsynelatande ein forlaten stad.
Men eg seier til meg sjølv igjen og igjen:Dette er ikkje periferien.
I dag gjekk vi ein tur på Brørene.Fjortenåringen og eg fekk oppleve Ulstein- og Hareidsfjellai sol, snø og vind,svolt, tørst og kulde,den gode kjensla av å nå fram, men også gleda av endeleg å kome heim. Også i verkeleg gamle dagar,på 1960- og 70-talet, høyrde lange skiturar påska til. I vår trøndersk-romsdalsk-sunnmørske heimhandla denne høgtida oftast om slektstreffog utfartar i fjellet. Mor mi var ein god skiløpar.Vi andre kom som regel diltande etter.
Det var haugar og dungar med søskenbarn. Så ei rast i solveggen på ei eller anna seter.Tett i tettmellom tanter og onklar.Mimring om fjerne barndomar.Rosinbollar med brunost.Lukta av kakao og raudt klister.Heime venta mormor med påskeeggfulle av gul marsipan. Sidan kom leirane i Vaksvikaog Liabygda.Bibeltimar, fjellturar, sketsjar, nye vener.Overnatting på flatseng i gymsalar og bedehusmed bibelsitat på veggane. "Ver hugheil, son". På bussturen heimover registrerte vi at ei ny årstid var komen til låglandet. Våren.I ettertid ser eg at desse samkomene var ei gåve. Dagens tur gjekk altså til Brørene (620 moh).Vi starta i løypene på Gamleeidet.Frå Kibergskardet såg vi at vinteren framleis eig Ulsteinvikdagen før årets fyrste adeccoligakamp mellom Hødd og Kongsvinger. Voneleg er Høddvoll grøn og berr i morgon. Det var varmt og vindstille mellom Bjønnanakken og Mosvarden. Frametter dalen møtte vi elles to brør(med etternamnet Holstad)med omlag 500 meters mellomrom. Kvar er den tredje, spurde eg. Han er ikkje planlagd enno, sa den yngste. Begge karane er i 40-50-åra. Endeleg kom vi til Storebroren.Med vestlege vinddrag, kan det ofte vere heilt stille på denne toppen, men ikkje slik i dag. Det bles og det snøva.Kaffien vart leita fram. Ei lita kvild i livd gjorde godt.
Hareidlandet,kongerikets niogtjuande største øy,er skapt slik at det alle tider går raskare den andre vegen. Nedatt.Sikta betra seg også då vi hadde passert Risesetraog kunne sjå Hareidsdalen og Storfjorden.
Vel heime smakte det svært godt med ein italienskinspirert pastarett og eit gloheitt bad. Jesu oppstode er såleis blitt markert med både fjelltur og familemiddag.Så får vi sjå om det vert høve til litt lesingutover kvelden. Påska er ikkje over enno.I morgon går turen til Emmaus.Og tek eg ikkje heilt feil, kjem nokon til å møte nokon.
Den seine vinteren her i nordvest fyller påskeveka med ein tradisjonell miks av aktivitetar. Sol og blå himmel avløyser no og då bygene frå nordog gir oss mulegheiter for kaffi og kryssord på altanenfør skisporet lokkar deg utog dreg deg runde etter rundei mildt sagt omskifteleg ver.Born og dyr likeeins. Sidan blir det krim på TV.Det er britiske seriar.Whitechapel. Forhandlaren.Er det ikkje rart kor etterforskingar av drap tiltrekkjer oss.Vi vil gjerne oppklare mysteriet.Finne syndaren.Kjenne oss att i det svake og svikefulle.Før vi dømer.Til slutt blir det lesing.Lagerkvist sin Barabbas er eit årleg rituale.Romanen er som eit vrengt evangelium.Påska fortald gjennom mordaren som gjekk fri.Forskarane meiner forresten at Jesus vart krossfest tredje april.Altså i dag.Kanskje ikkje så rart då at snøen kjendest krammarepå skituren i stad.Det var som om det låg ein høgtidleg lovnad om vår inne i han.
Byrjinga på den stille veka vart ikkje heilt slik eg hadde tenkt. Vinteren kom overraskande på besøk,og det ser ikkje ut til at han reiser vidare med det fyrste.Kuldegradane er komne for å bli.I skrivande stund jagar haglbygene over markene.Ambisjonane om ei våronn i hagener definitivt skrinnlagde.Men ingenting er så gale at det ikkje er godt for noko.Endeleg lagar det seg til med stabilt og godt skiførei det nordvestlandske låglandet.Så i ettermiddag fekk eg ein flott turpå attelega rett bakom huset.90 minutt med staking og diagonalgang på blå swix.Jamvel i sol.Det er ikkje mange ting som kjennest betre enn dette.Eg er sanneleg priviligert.Skia står rett utfor døra.Det er berre å spenne dei på.Då får eg heller ta snømokinga på kjøpet.
Palmelaurdag på Hareid.Trass i nysnø og vinterlege meldingarlokka den blågrå himmelen meg ut på altanentil ein kaffi i solveggen.Herifrå kunne eg sjå at veret ikkje var så aller verst i Ulsteinvik heller. Som vi veit er påska full av tradisjonar.Nedervde vanar og skjulte strukturar styrer oss dit vi skal.Om fornufta ynskjer å bryte nokon, strittar kroppen i mot.Kanskje er det derfor at høgtidene har gjort meg til ein litt over middelskryssordløysar.Dikt på to bokstavar.Ja, det blir nesten alltid IF.Sjølvsagt er det Kipling.Den britiske nobelsprisvinnaren frå 1907.Han som på slutten av 1800-talet mellom mykje anna skreiv Jungelboka og imperiebyggjardiktetThe White Man`s Burden. Diktet, som vart publisert fyrste gongen i 1895,blei raskt svært populært.Fleire forfattarar har omsett det til norsk.I Andre Bjerke sin versjon startar diktet HVIS på fylgjande måte: Hvis du kan bli på post når man forlot deg,og holde hodet kaldt når alt slår klikk,hvis du kan tro når alles tvil står mot deg,men også lytte til kritikk... og sluttar slik: du er en mann, min sønn! Diktet er altså ein slags huspostill for eit godt mannsemne etter tradisjonaelt viktoriansk mønster. Men dei høge ideala fekk sin pris.Då den fyrste verdskrigen braut ut i 1914, nytta Kipling den sterke posisjonen sintil å presse sonen John inn i den britiske hæren, trass i at han ikkje besto dei medisinske testane på sesjon (dårleg syn).Og så gjekk det slik det kanskje måtte gå.John vart drepen i slaget ved Loos (i Flandern)i september 1915.Han vart berre 18 år gamal.Men det gjekk lang tid før familien fekk vite noko.John var sakna i mange år.Det var i denne venteperioden Kipling skreiv diktetMY BOY JACK. "Have you news of my boy Jack?” Not this tide.
“When d’you think that he’ll come back?” Not with this wind blowing, and this tide.
Det vert sagt at Kipling prøvde å bearbeide sorga ved å lese alle Jane Austens romanar høgt for kona og døtra si. Altså IF.Eit dikt på to bokstavar.Berre slik i all hast før neste kaffikopp på altanen. GOD PÅSKE!