10 år sidan fengslinga av Dawit Isaak

Den 23. september har det gått ti år sidan fengslinga av Dawit Isaak. Den eritreiske journalisten og dramatikaren sitt framleis som fange av samvit i heimlandet, mens kona hans og barna bur i Sverige. DnF gav ytringsfridomsprisen til Isaak i 2009. Prisen gjekk då til familien i Sverige. Dei kom til Oslo for å ta i mot han. Men dette til tross: Verken DnF, Amnesty eller svenske diplomatar har kommet gjennom hos den eritreiske diktatoren Isaias Afewerki. I dei svenske avisene har det denne helga vore fleire lengre artiklar og intervju rundt Isaak og saka hans. Kulturjournalist i Gøteborgs-Posten, Gabriel Byström, er blant dei mest kritiske kva Sveriges innsats i saka gjeld.

- Ansvaret vilar tungt på dem som hade kunnat agera i det offentliga men som har valt att avstå, skriv Gabriel Byström. Kampen om å frigjere Isaak er ikkje avslutta. Styret i DnF, samt DnFs Internasjonale Utval har ei oppmeksomheit og eit medvit rundt saka.  

Godvær i vente

En gang brukte kvinnebevegelsen å si at halve himmelen er vår. På samme måte sier jeg at halve språkhimmelen er nynorsk.

— Thorvald Steen

i Klassekampen 15.05.2012

DnF nyhetsbrev

Hold deg oppdatert med siste nytt.

Syndiker innhold

Hva skjer?

  • Ingen arrangement tilgjengelig

Siste innlegg DnF blogg

©  — Den norske Forfatterforening Postboks 327 Sentrum, 0103 Oslo +47 23 35 76 20
Ansvarlig redaktør: Sigmund Løvåsen (leder, DnF). I redaksjonen: Tom Egeland (styremedlem, DnF) og Mette Karlsvik (styremedlem, DnF).
Design & utvikling Sømme | Til toppen av siden