breddebidrag

Av May-Helen Molvær Grimstad (KrF), leder i Familie- og kulturkomiteen på Stortinget
I Kulturnytt 3. januar kaller Morten Øen forfattarane for råvareleverandørar til ein bransje som tener millionar. Diskusjonen har halde fram på forfattarforeininga sine nettsider og handlar dels om interne forhold bransjen sjølv må ta stilling til. Men som kjent heng alt saman med alt. Samanlikna med andre marknader er marknaden for bøker spesiell. Dersom ei bok skal nå fram til ei brei lesargruppe, er suksessen avhengig av eit samspel mellom alle ledd i bransjen, og mellom bransjen og det offentlege.
Det offentlege har eit ansvar for å leggje til rette for kvalitet, breidde og mangfald med omsyn til innhald og sjangrar både i fag- og i skjønnlitteraturen. Dei sentrale offentlege verkemidla i bokbransjen har i fleire tiår vore fritatt frå meirverdiavgift på bøker selde til sluttbrukarar, innkjøpsordningar og offentlege stimuleringsordningar ­gjennom ulike tilskot.
Eg veit at den liberaliserte bokavtalen frå 2005 har kritikarar. Det er likevel viktig at vi held fram med dei fordelane dagens regelverk gjev, samstundes som vi utviklar nye tiltak for å styrkje både bokbransjen og leselysten i Norge.
Ei viktig årsak til at Noreg i dag på mange måtar er eit føregangsland innanfor litteraturpolitikk, har vore det gode samspelet mellom statlege og private aktørar, prega av langsiktig satsing på norsk litteratur og språk og deltaking i den offentlege debatten. Når produksjon og omsetjing av litteratur har vore regulert, har dette vore grunngjeve ut frå kulturpolitiske omsyn til at omfang, kvalitet, breidde. Tilgang av litteratur er verdifullt òg i eit større, samfunnsøkonomisk bilete. Slik bør vi framleis ha det. Eit sterkt statleg engasjement er naudsynt for å sikre eit breitt og mangfoldig litteraturtilbod.
Den litteraturen som vert skapt, må bli distribuert slik at han når fram til publikum gjennom mange og veleigna kanalar. Det er blant anna viktig å oppretthalde både antalet distriktsbokhandlarar, samt breiddetilbodet i bokhandlarane i distrikta. Mange distriktsbokhandlarar slit for å oppretthalde sjølve drifta og et breitt boktilbod. KrF ønskjer å prøve ut eit økonomisk statleg tilskot til dei som vil satse på auka litterær breidde i butikk. Tilskotet kan bli knytta til litteraturabonnementa, og kan bli forbeholdt distriktsbokhandlarar.
Ei forsøksordning med tilskot - eit såkalt "breiddebidrag" - til eit lite antal bokhandlarar som oppfyller kriteria som distriktsbokhandlar, vil gjera sitt til at desse kan oppretthalde drifta, og kundane kan nyte godt av breiare utvalg litteratur i den lokale bokhandelen sin.

Mer og mindre vellykkede dager

Ikke alle kjærtegn / lykkes. Noen / går i vasken og / jeg trekker meg tilbake / med et fåret / smil. Men noen / lykkes.

— Jan Erik Vold

Ikke alle kjærtegn

DnF nyhetsbrev

Hold deg oppdatert med siste nytt.

Syndiker innhold

Hva skjer?

  • Ingen arrangement tilgjengelig

Siste innlegg DnF blogg

© 2012 — Den norske Forfatterforening Postboks 327 Sentrum, 0103 Oslo +47 23 35 76 20
Ansvarlig redaktør: Anne Oterholm (leder, DnF). I redaksjonen: Tom Egeland (styremedlem, DnF) og Mette Karlsvik (styremedlem, DnF).
Design & utvikling Sømme | Til toppen av siden