En bokhandel, bokhandleren, flere som handler bøker, alle de som har handlet bok. Et knippe forfattere har fått i oppdrag om å skrive om sin bokhandel, det som ligger hjertet nærmest, rundt hjørnet for der de bor eller i et virtuelt landskap for evergreens, bestselgere og "hvis du likte denne boken, vil du også like følgende fem titler". Forfatter Mette Karlsvik leverer her sitt bidrag - klikk deg fram.
- #1: www.juul.no |
- Sleppefest for Vagant #2 |
- Råd #3: Bokhandelen til Bergen Museum |
- Råd #4: www.fantagraphics.com |
- Råd #5: Robot |
- Råd #6: Antikvariatet i Morgenbladet |
- Sleppefest for Flamme #7 og #8 |
Vidar og eg hentar ein pakke på
Tosenhagen Postkontor, og bær den heim til han.
Vidar: Uæarghhh, altså. Kor keisamt det er å
hente ting på posten altså.
Vidar: Kva skjer med deg når du går i butikkar
eigentleg?
Eg: Eg vetsje.
Vidar: Ey, kom igjen. Veit du vel.
Eg: Eg blir litt øydelagd.
Vidar: Sånn hjartebank og vanskeleg å puste og
sånn?
Eg: Sånn Ingvar Ambjørnsen? Nææææi. Eg blir berre
sur. Vil heller vere heime og lese.
Vidar: Pffft, vil du ikkje. Det seier du berre
for å vere flink.
Kjærasten til Vidar heiter Inga. Ho
hentar dotra Lova frå barnehagen. Lova hentar ein buse i nasen som ho held
mellom to fingrar. Den er stor, svart, og hard. Lova klip i den og rullar den
att og fram mellom fingrene på måten som Maria gjer med ei rosin i Få Meg På
For Faen. Lova følger busen med blikket og førar den sakte mot munnen. Inga kastar
seg fram og knipsar den ut av fingrane hennar. Lova blir sur.
Eg: Ikkje ver sur! Ver glad for at du ikkje bur i
Bergen. Der får du berre kvite, slappe busar.
Lova: Hyl!
Inga: Om du budde i Bergen fekk du kanskje ikkje
buse i det heile tatt. I Bergen regner det heile tida. Nasane berre rinn.
Lova held fram med å hyle. Vidar opnar
pakka frå posten. Det er store plansjer som han bestilte frå Juul Forlag. Han
viser Lova ein stor plansje med saltvannsfiskar. Lova blir stille.
Vagant har redaksjon, festlokale og bok- og bladutsal i
Nygårdsgata. I kveld er det festlokale. Det er mange forfattarar her. Dei drikk
øl og vin, og byttar på å lese høgt frå bøkene sine. Når den planlagde
opplesninga er ferdig, opnar Audun scena for kven som helst. Dag Solstad
kremtar frå djupet av ein sofa, og mumlar halvhøgt frå Armand V-boka si. Alle
har lese den før. Då gjer det mindre at vi ikkje høyrer så godt kva han les. På
hylla over han ligg ei yogamatte.
Mette: Sjå, Cathrine, der er Dag Solstad!
Cathrine: Sjå, Mette, der er Susanne Christensen!
Susanne Christensen: Hei.
Mette: Er det yogamatta di?
Susanne: Xavier har
endra livet mitt. Eg køddar ikkje. Eg er blitt heilt avhengig.
Xavier gir gratis yogatimar
ved Vitalitetssenteret på Møhlenpris i Bergen. Møhlenpris er Bergen sitt
Grünerløkka. Det var arbeiderstrøk som blei hippt og dyrt . No er det litt
nedtråkka. Andre, nærliggande strøk tek over den hippe rolla. Men Vitalitetssenteret
lever vidare. Det har vekentlege bokarrangement, og ein kafé med bøker som ein
kan lese medan ein drikk kaffi.
Råd #3: Bokhandelen til
Bergen Museum
Bokhandelen
til Bergen Museum har 10-15 bøker av Kurt Johannesen, og ein ekspeditrise som
heiter Silje. Silje har ein kjærast som heiter Tomas, er forfattar, og
spanderar ein runde øl på klassa ved Skrivekunstakademiet. Tomas er ikkje på
underskog, og er berre no og då på nett på biblioteket. Han låner bøkene sine
der. Bøkene til Kurt Johannesen er ikkje slike som ein lånar eller kjøper for å
lese i gjennom, men som ein har ståande som skulpturar i hylla. Dei er ikkje
bokkunst som den som blir stilt ut på nasjonalgalleriet i London, men er kvite og
kvadratiske utan å bli elitistisk moderne. Dei heiter Øvelser #1, Øvelser
"2, osv, og har berre ei setning eller to på kvar side. Bøkene nemner nære
ting som Send eit postkort til tante, Ver ein dag i ein leikebutikk. Leik
med leikene! og liknande råd.
Vidar peiker på fiskeplansjen frå Juul
Forlag. Det er ein støre. Han fortel at finnene til fisken blir fingrar som den
går på botn med.
- Fin fisk, Lova? seier han. Lova nikkar.
- Mm. Eg bestilte plakaten internett. Pappa
smart, Lova? seier Vidar. Lova nikkar, og får jordbær. Ho har skikkeleg
jordbærfest og blir ei møkkajente. Inga hadde ein teikneserie i Morgenbladet
som heiter Møkkajentene. Møkkajentene piller på mark og sånn. Lova sett eit
jordbær i halsen. Inga slår ho i ryggen. Jordbæret fyk ut.
- Fytte faen, seier Vidar. Lova hyler. Inga
forklarar Lova kvifor ho måtte slå. Lova sluttar å hyle. Etter Møkkajentene tok
Kebbelife over. Den teikneserien handlar om to damer. Det er ikkje Møkkajentene
som er blitt vaksne, men to andre damer som faktisk finnst.
-
Kor har de bøkene deira, seier eg.
-
Vi har ikkje bøker, seier Vidar.
-
Hugsar no at du las Burroughs og Jacobsen, seier eg.
-
Jord og Jern, seier Vidar.
-
Havets såkorn, seier eg. Det står potter med erteplanter og rucolasalat i
vindauga. I hylla på stova står Krazy Cat av Ignez, fotobøker av Morten
Krogvold, Boring Postcards, og billedbøker. Noen er kjøpte på
www.fantagraphics.com. Romanar og andre bøker med tekst låner dei på bibliotek.
Dei har ikkje bil, og kjører buss. Snarvegen til busstoppet går forbi
fellesvaskeriet som ligg på plena mellom blokkene. Dei blei reist under
Gerhardsen sin tid som statsminister.
Eg blir litt øydelagd av å gå i butikkar, unngår
dei kommersielle oma i store byar, og drar helst ut til Tosenhagen og liknande,
rolege og naturskjønne ome. Det skyldast ikkje:
- antikommersielle, idealistiske eller
miljøvennlege omsyn
- inngrodd, norsk, protestantisk arbeidsnarkomani
som gir meg dårleg samvit av at eg konsumerar heller enn å produsere
Jo, forresten. Det er kanskje inngrodd,
norsk, protestantisk trong til å produsere. Difor vel eg kunstnaryrket. Det er
ikkje berre å produsere idear, og ei utgåve av varar og tjenester. Det er også
å produsere sin eigen arbeidsplass, eiget prosjekt, rolle, tittel. Kunstnaren
burde ha vore Jens' ideelle samfunnsborgar. Gjennomsnittsløna til norske
kunstnarar er omkring 30000 kroner i året. Men dette er heller ikkje grunnen
til at eg hatar å handle. Grunnar kan vere:
- Eg bruker så lang tid til å finne pengeboka mi
i veska.
- Eg bruker så lang tid til å finne pengene i
pengeboka.
- Eg vil ikkje at vise at eg er ei møkkajente med
kaos i tinga mine.
Kjærasten min liker å handle. Robot er kompromisset
vårt. Butikken produserar idear, og blir eit galleri av dei siste rørslene i
kunst, artists books, musikk, teikneserier, illustrerte bøker, og andre
spesielle bøker. Mange av dei er dyre. Alle er spesielle. Dei sel ikkje så
mange. Bøker blir ståande. På nedste hylle står bøker frå Jippi Forlag. Den
eine er av Jason og handlar om døden. Det er også Møkkajente-bøkene til Inga.
Ei er rosa, og ei grøn. Den rosa blei meldt i Studvest for noen år siden.
Overskrifta var Vi er alle Møkkajenter.
Råd #6: Antikvariatet i Morgenbladet
Vi venter på at Sundeførelesninga skal
begynne i Amalie Skrams Rom.
Mette: Sjå, Rune, der er Espen Grønlie.
Rune: Kvifor har han klokke frå Clahs Ohlsson?
Mette: Kvifor har han ikkje eit gamalt lommeur
med lenke?
Mette: Då kunne han slappe av Mellom Slagene.
(Rune ler høfleg. Eg gløttar omkring for å sjå om
noen i salen merker at Rune ler av meg.)
Sleppefest for Flamme #7 og #8.
Flamme forlag har innflyttingsfest, og sleppefest for ei bok av John Erik Riley og ei oversetting av Bendik Wold. Det står eit bord fullt av bøker, og eit fullt av øl. Det tredje bordet er bordhockey. To heliumballongar i rommet er så store at folk står på fortauget utanfor. Vi kjem rett frå badetur på Hovedøya, og har pledd i sekken som vi sett oss på." name="Flamme forlag har innflyttingsfest, og sleppefest for ei bok av John Erik Riley og ei oversetting av Bendik Wold. Det står eit bord fullt av bøker, og eit fullt av øl. Det tredje bordet er bordhockey. To heliumballongar i rommet er så store at folk står på fortauget utanfor. Vi kjem rett frå badetur på Hovedøya, og har pledd i sekken som vi sett oss på."













