Kvit søppel – med Inger Bråtveit og Jenny Hval på Litteraturhuset

15 jun 2011 - 19:00
15 jun 2011 - 20:26
Etc/GMT

På Litteraturhuset: «Om WHITE THRASH-jenter, kvinner og mødrer, Britney Spears eller anyone who goes by the name Paris Hilton, wants to be Paris Hilton, knows Paris Hilton, or has spent one night in Paris Hilton. For du treng ikkje vera fattig for å vera white trash.»

Jenny Hval er forfattar og musikar og fekk overveldande kritikkar då hennar siste musikkalbum kom ut no i vår.

Inger Bråtveit har skrive to romanar og har ein litterær finger med i alt frå bibelomsetjing til poetiske undersøkjingar av erotikk (Loveprojekt, 2009).

Dei to har arbeidd saman lenge og har tidlegare mellom anna skrive og framført dei performative framsyningane Frå Mummy Big til Medea og Take My Voice. No inntek dei Litteraturhuset med eit nyprodusert tingingsverk som blir litt konsert, litt opplesing og litt noko heilt anna.

«S P R Å K E T bak SPRÅKET i T H R A S H E T, finna symfonien av dei krakelerte, polerte og kondemnerte stemmene, og dei unge mødrene utanfor NAV, utan barnefar.»

Hval og Bråtveit er opptekne av kva som skjer når språk blir lyd, og kor grensa mellom tekst, litteratur og musikk skal setjast. Når bikkar stemma over frå å vera noko som formidlar ord, til å bli rein lyd? Før dei stemmer instrumenta og språket, fortel dei oss om arbeidet med prosjektet og om kvifor dei begge ville skriva om akkurat søppel.

Mareritt

Hun hadde bundet et brunt bånd rundt det lange lyse håret. Jaså, så de ligger med hverandre, tenkte han. Hun må være minst ti år eldre. Jeg har ligget med alt for få i mitt liv, nesten ingen, jeg turde ikke, de skremte meg, jeg kalte det høy moral, noe må man kalle sine svakheter, så hvorfor ikke moral, nå skjønner jeg hva moral vil si.

— Kjell Askildsen

Mardons natt (i novellesamlingen Kulisser (1966))

DnF nyhetsbrev

Hold deg oppdatert med siste nytt.

Syndiker innhold

Hva skjer?

  • Ingen arrangement tilgjengelig

Siste innlegg DnF blogg

©  — Den norske Forfatterforening Postboks 327 Sentrum, 0103 Oslo +47 23 35 76 20
Ansvarlig redaktør: Sigmund Løvåsen (leder, DnF). I redaksjonen: Tom Egeland (styremedlem, DnF) og Mette Karlsvik (styremedlem, DnF).
Design & utvikling Sømme | Til toppen av siden