Som gymnasiastar stod Odd W. Surén og Tormod Haugland for juleunderhaldninga på avslutningsfesten. Dikjtforum med Dritleiv Gøra og Syprian Smuss har vokst og endra seg gjennom fleire tiår, og blitt til boka Juletull - av den etablerte forfattaren Surén.
Blant dei mange bøkene ein skal kjøpe til slekt og venner til jul, er Odd W. Suréns Juletull. Ein gong så ekslusivt og elitistisk, no tilgjengeleg for alle som kan og vil kjøpe boka Juletull.
- Korleis hadde det seg at du begynte å skrive juletull?
inspirert av noko eg og Tormod Haugland gjorde på gymnaset, me stod for
juleunderhaldninga ved avslutningsfesten før jul kvart år, og hadde noko me
kalla Diktforum, eller eigentleg Dikjtforum, der eg heitte Dritleiv Gøra og
Tormod var Syprian Smuss. Sidan vart det altså julekort, og julebrev, som regel
med idiotiske, liksomreligiøse dikt på arkaisk nynorsk. Så, då eg fekk epost,
byrja tulletekstane å verta meir omfattande, med prosatekstar i tillegg til
rimversa.
posten eller over e-post. Heilt ekslusivt. Skriv du framleis til ei
hard kjerne, eller er det heile ute i allmenta no?
- Nei, eg held fram som før. Årets juletull er på 42 sider, og eg skal senda
det ut no dei siste dagane før jul. Eg reknar med å nå ikring 200 personar
direkte, og nokre av dei sender det vel vidare, så det er ganske mange som får
fat i dette. Diverre har eg mista ei mengd epostadressar, så eg lyt driva litt
detektivarbeide, og somme som har fått tekstane før, lyt truleg prøva å overleva
jula utan. Det vert nok hardt for mange, men skulle det verkeleg røyna på, finst
det vel opne kyrkjer der ein kan samlast i stille bøn og inderleg
gråt.
ikkje var tenkt som bok, og at eg difor har skrive utan sjølvsensur eller
atterhald. Såleis har eg vore temmeleg fri, noko ein elles sjeldan er. Den vonde
legen og gravsteinsagenten Dr. Johan Johan hadde elles ikkje fått sleppa til med
forferdelege tekstar som “Nigger Andersen og julen”, til dømes.











