
Maria Amelie (25) er frå Kaukasus, og flykta til Norge saman med foreldra sine for åtte år sidan. Foreldra fekk ikkje vêre her. Maria Amelie fortsette å bu i Norge på ukjent adresse. Ho debuterte i fjor med ei bok om det å vere papirlaus flyktning i Norge, og blei kåra til "Årets Nordmann" av Ny Tid. Seint i går kveld blei Maria Amelie pågripe av politiet. Åtte politimenn skal ha vore med på å "ta" henne. Ho hadde då holdt eit framlegg for elevar ved Nansenskulen i Lillehammer. Sambuaren, som jobbar for debattsidene til avisa Klassekampen, har brukt ein del av natta til å skrive eit ope brev om arrestasjonen. Mange meiner at det hjelper å skrive, når ein opplever sjokkarta hendinger. Men gjer det alltid det?











