Ver med på litterær reise

11 aug 2010 - 19:00
11 aug 2010 - 20:00
Etc/GMT

Litterære reiser – i hælane på Ryszard Kapuscinski:

Reisa i litteraturen og litteraturen som reise; reiseskildringa er ein hybrid sjanger i kryssinga mellom dagbok, filosofi og essayistikk. Den litterære reisa og forfattaren som reisande er temaet denne kvelden. Reiseskildringa har blitt dyrka og utvikla på tvers av hundreåra sidan Herodots dagar, og dei siste tiåra er det særleg polske Ryzard Kapuscinski (1932-2007) som har blitt omtalt som reisereportasjens fremste fornyar. Han er kjend for reisene sine i Sovjetunionen (Imperiet) og dei legendariske reportasjane frå det afrikanske kontinentet (Keisaren, Ibenholt), Asia (Sjahen), Latin-Amerika (Fotballkrigen); tekstar han sjølv omtalte som «litteratur til fots». Tidlegare i år kom biografien Kapuscinski non-fiction, skriven av Artur Domosławski, som meiner verdsreporteren drog journalistikken for langt inn på området til litteraturen.

Andre meiner at nettopp Kapuscinskis tekstar peikar på paradokset til reiseskildringa; at den subjektive, fragmentariske forteljinga kan formidle vel så objektive vitnemål frå historia; at truverdet ofte har litterære føresetnader. Skodespelar Mattis Herman Nyquist les utdrag frå Kapuscinskis tekstar, medan Åsne Seierstad, Tor Eystein Øverås og Arne Melberg ser nærare på den litterære reiselitteraturen med utgangspunkt i Kapuścińskis forfattarskap.

Åsne Seierstad er journalist og forfattar. Den seinaste boka hennar, De krenkede, er mellom dei ti nominerte til Kapuscinski-prisen. Tor Eystein Øverås vart kåra til Årets litteraturkritikar 2010 og har mellom anna skrive essaysamlingane Livet! Litteraturen! (2009) og Til (2006), som består av litterære reiseskildringar frå landa rundt Austersjøen. Arne Melberg er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo og forfattar av mellom anna Å reise og skrive. Et essay om moderne reiselitteratur (2005) og Selvskrevet. Om selvfremstilling i litteraturen (2007). Samtaleleiar er Bente Riise, redaktør i Syn og Segn og leiar i Norsk tidsskriftforening. Ho gav ut dokumentarboka Mor Russlands døtre i 1992.

Mareritt

Hun hadde bundet et brunt bånd rundt det lange lyse håret. Jaså, så de ligger med hverandre, tenkte han. Hun må være minst ti år eldre. Jeg har ligget med alt for få i mitt liv, nesten ingen, jeg turde ikke, de skremte meg, jeg kalte det høy moral, noe må man kalle sine svakheter, så hvorfor ikke moral, nå skjønner jeg hva moral vil si.

— Kjell Askildsen

Mardons natt (i novellesamlingen Kulisser (1966))

DnF nyhetsbrev

Hold deg oppdatert med siste nytt.

Syndiker innhold

Hva skjer?

  • Ingen arrangement tilgjengelig

Siste innlegg DnF blogg

©  — Den norske Forfatterforening Postboks 327 Sentrum, 0103 Oslo +47 23 35 76 20
Ansvarlig redaktør: Sigmund Løvåsen (leder, DnF). I redaksjonen: Tom Egeland (styremedlem, DnF) og Mette Karlsvik (styremedlem, DnF).
Design & utvikling Sømme | Til toppen av siden