Akutt sosialhjelp til frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande

Det er no politisk semje på Stortinget om at sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar skal få ei midlertidig inntektssikring frå NAV. Så langt vi i DnF…

nav-logo-hvit-500x500

Det er no politisk semje på Stortinget om at sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar skal få ei midlertidig inntektssikring frå NAV. Så langt vi i DnF har forstått, vil inntektssikringa bestå i ei dekking av 80% av tapt inntening som frilansar og sjølvstendig næringsdrivande. Reglane er ikkje endra enno, og nav.no vil oppdatere informasjon om ordninga når den er avklara. På Nav.no står det: I påvente av at NAV får på plass en teknisk løsning for denne ordningen, arbeider regjeringen med en kortsiktig ordning der selvstendig næringsdrivende og frilansere skal kunne få inntektssikring fra kommunene i NAV-kontoret.

Denne ordninga skal dekkje gapet som oppstår hos einskilde – som ikkje kan bli tilgodesett med statleg hjelp før dei etter 17. dag med inntektstap altså kan få statleg inntektssikring.