Amalie Skram-prisen blir tildelt ein norsk, kvinneleg, skjønnlitterær forfattar som skriv i Amalie Skram si ånd. I tillegg til diplom illustrert av kunstnaren Ingri Egeberg, består prisen av eit reisestipend sponsa av Sparebank 1, SR-Bank i Bergen.
Årets mottakar er Gunnhild Øyehaug, og i grunngivinga skriv juryen at:
«Gunnhild Øyehaug er ein eineståande forfattar i norsk samanheng. I over 25 år har ho skapt eit litterært univers der absolutt alt kan skje. Å lese forfattarskapen hennar krev merksemd, for i Øyehaugs tekstar kan ein falle gjennom golvet til ein ny dimensjon, miste ein del av hjernen i do, eller reise daud og nevrotisk til klippene i Dover. Ved å heile tida utfordre dei vande førestillingane våre om kva litteratur kan vere, overraskar og begeistrar ho gong på gong.
Vi blir klokare av å lese Øyehaugs bøker – eller forvirra på eit høgare nivå. Gjennom eigne tekstar går ho i dialog med kanoniserte stemmer i litteraturen, filosofien og populærkulturen. Og her kan ho introdusere oss for det meste, frå Dante til Kill Bill, frå norrøn tid til fransk gullalder, frå Ørsta til New York. Med språkleg lettheit i eit eksistensielt alvor leier ho oss trygt gjennom materien, med sin skarpe, smarte og alltid humoristiske metode. I sin litterære eleganse har ho alltid lesaren i si hole hand.
Øyehaug skriv ærlege kvinneportrett. Kvinnene er kjempande heltar, i fortid og notid, levande og døde. Dei er morosame, skarpe, eigenrådige, sjølvhjelpne, og det er i møte med humoren og galskapen vi kjem tettast på det sårbare i liva deira. Ho går langt i skildringane av det kvinnelege, enten det er kroppsleg eller intellektuelt. Ho opnar opp og skapar litteratur av det vi ikkje alltid snakkar høgt om. Med tekstane sine viser ho mot, er grensesprengande og utfordrande. Og midt i alle transformasjonane oppstår ei ømheit i observasjonar av det vesle, store, levande livet.
I likskap med Amalie Skram set Gunnhild Øyehaug moderne kvinner sine liv og levemåtar på dagsorden. Gjennom å opne dei hemmelege romma, gjer båe forfattarane kvinnelege erfaringar om til litteratur, og vidar ut perspektiva våre. Skram og Øyehaug møtest i det at dei går så langt som det er mogleg å gå i dei feministiske portretta. I kvar si samtid er dei banebrytande.
Vi gratulerer Gunnhild Øyehaug med Amalie Skram-prisen 2025!»
Prisen blir overrekt under årets markering av Amalie Alver Skrams fødselsdag på Litteraturhuset i Bergen, fredag 22. august (les meir her).
Tidlegare vinnarar av Amalie Skram-prisen er: Liv Køltzow, Bergljot Hobæk Haff, Bjørg Vik, Herbjørg Wassmo, Cecilie Løveid, Marit Tusvik, Eldrid Lunden, Britt Karin Larsen, Hanne Ørstavik, Merete Morken Andersen, Toril Brekke, Margaret Skjelbred, Torunn Ystaas, Linn Ullmann, Cecilie Enger, Ragnhild Nilstun, Mirjam Kristensen, Tove Nilsen, Merethe Lindstrøm, Karin Fossum, Vigdis Hjorth, Helga Flatland, Gøhril Gabrielsen, Marit Eikemo, Aasne Linnestå, Inghill Johansen, Brit Bildøen, Sumaya Jirde Ali, Ingvild H. Rishøi, Trude Marstein og Olaug Nilssen.