Bare nokre veker etter at konkurransa var utlyst, var Sigrid Sørumgård Botheims dikt ferdig, og vann konkurransa til Olympiastadion. Juryen seier om diktet: Botheim ligger et par skitupper foran konkurrentene. Elegante bilder, lett og ubesværet rytme, med innlagte hint og lån fra Olav H. Samt delikat Putinkritikk som dufter av René Char. Ikkje mindre! Sigrid debuterte som forfattar i lag med syster si, Guri Sørumgård Botheim, med romanen Ramstein pensionat. Den kom på Det norske Samlaget i 2009. Og vintersportsdiktet, det kjem her:
ACROSKI : SOTSJI
Det er den dressen eg ber
ein turkisfarga frå 80-talet
og kroppen kjem i tale
olbogen vil fortelja
føtene helsar
håret lokkar
leggane nektar
nakken opnar seg
for balletten er eit bål
ein fakkel i foten
for balletten går på ski
eg dansar forbi
Northug og Svindal hand i hand
Bjørgen og Berger kysser einannan
Caspersen Falla held discokula
Rune Kristiansen kjem ut av smørebua
skivoks i alle fornuftige fargar
funkar fint som leppestift
noko vidunderleg skal skje
men skia er skeive
bakkane er bratte
Putin går på svarte ski
frå Moskva til Sotsji
eg vil renne meg
på ein palett av pastell
og eg glir, glir inn på ein veg
eg ikkje har visst um