Brageprisen til Leander Djønne

Leander Djønne vinn Brageprisen for romanen «Alt et».

Foto: Baard Henriksen

Brageprisen blir utdelt årleg til forfattarar og illustratørar for deira framifrå bidrag i klassane skjønnlitteratur, sakprosa, sakprosa for barn og unge og barne- og ungdomsbøker.

I klassen skjønnlitteratur får Leander Djønne prisen for romanen Alt et. Om boka skriv juryen mellom anna at:

«Leander Djønne køyrer vilt og hardt inn i mørkret og nektar å sleppe nokon form for lys inn. Språket er kontant, konkret og uforsonleg. Å finsile så mykje ondskap over til litteratur, er ein kraftprestasjon.»

Dei andre vinnarane er

  • Sakprosa: Åsne Seierstad – Ufred. Russland fra innsiden (Cappelen Damm).
  • Sakprosa for barn og unge: Erna Osland, illustratør: Victoria Sandøy – Barnas Verdshistorie (Skald).
  • Barne- og ungdomsbøker: Hilde Hagerup – Du eneste (Gyldendal Norsk Forlag).
  • Hedersprisen: Anna Fiske.