Brit Bildøen blir Festspeldiktar

Frå grunngjevinga: «Sjølv om Brit Bildøen skriv om ei kvinne som lempar ein død katt på dørstokken til ein byråkrat, inviterer bøkene hennar først og…

brit_bildoen_1

Frå grunngjevinga: «Sjølv om Brit Bildøen skriv om ei kvinne som lempar ein død katt på dørstokken til ein byråkrat, inviterer bøkene hennar først og fremst til refleksjon, ikkje emosjon. Dei er litterært solide, gjennomtenkte og sobre. Brit med lang I er ein sofistikert forfattar, som behandlar sine tema med språkleg og strukturell sikkerheit. Forfattarskapen er ikkje mild, men han sprett ikkje uføreseieleg rundt som ein ball heller.»

Bildøen (f. 1962) er ein av våre fremste samtidsforfattarar. Ho debuterte i 1991 med diktsamlinga Bilde av menn, og har sidan skrive barnebøker, romanar og essay, og er også verksam som omsetjar. Ho er mellom anna Patti Smiths norske omsetjar. Bildøen sjølv er omsett til fleire språk, og ho er blitt tildelt fleire litterære prisar, mellom anna P2-lyttaranes romanpris for Sju dagar i august (2014). For same roman vart ho nominert på langlista til Dublin Literary Award. Som essayist har Bildøen fått stor merksemd for Litterær salong (2009), der ho skarpt og underhaldande anbefaler 10 kvinnelege forfattarskap som har betydd mykje for henne. Med Sju dagar i august var ho den første norske forfattaren som skreiv skjønnlitterært om 22. juli. Haustens roman, Tre vegar til havet, som har bakgrunn i Bildøens eigen adopsjonsprosess, har hausta strålande meldingar frå eit samla kritikarkorps, og blir av mange omtalt som hennar beste roman hittil. 

Norsk Forfattersentrum Vestlandet står bak Dei litterære festspel som kvart år vert arrangert samstundes med Festspillene i Bergen. Vigdis Hjorth, Lars Saabye Christensen, Edvard Hoem og Dag Solstad er blant tidlegare festspeldiktarar.