Aktuelt

Doblougprisen til Nilssen og Harstad

Olaug Nilssen og Johan Harstad har til felles at dei begge i hovudsak skriv romanar, og at dei var unge debutantar. Nilssen var berre tjue…

screenshot_2019-05-21_at_20

Olaug Nilssen og Johan Harstad har til felles at dei begge i hovudsak skriv romanar, og at dei var unge debutantar. Nilssen var berre tjue då Innestengt i udyr kom på Samlaget (1998) og Harstad var 22 då han i 2001 kom med kortprosasamlinga Herfra blir du bare eldre. Harstad skreiv stadig lengre tekstar; frå kortprosa til noveller, før sin første store roman Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet kom i 2005. Harstads siste bok er Max, Mischa og tetsoffensiven, som har hovudhandlinga si på Forus ved Stavanger, og område omkring New York, og som portretterer den store verds(u)ordenen via hovudpersonen Max’ livsforteljing. 

Nilssens litterære stil har vore original og utforskande gjennom hennar rundt ti bøker, fram til siste bok Tung tids tale. Denne romanen vann Brageprisen og Nynorsk litteraturpris. Romanen tar utgangspunkt i ei sjølvbiografisk røynsle av å ha eit barn med autisme.