Ein flamsk forfattar på norsk

Nytt DnF-medlem Robin Van de Walle (31) har omfamna det å skrive på eit anna språk enn morsmålet.

Kvifor ville du bli forfattar?

Fordi eg liker bøker og papir, bokstavar, blekk, kjensla av å ha ein blyant i handa og den nesten religiøse opplevinga av å tre inn i eit bibliotek. Eg trur eg innsåg på eit tidspunkt at eg ville at desse tinga skulle spele ei rolle i livet mitt. At litteraturen skulle vere ein raud tråd.

Korleis var din veg inn i forfattarskapen? Når og kvifor byrja du å skriva?

I tenåra, i Belgia, på flamsk. Det begynte med dagbokskriving, men etter kvart blei det også poesi, noveller og prosadikt. Skiftet til norsk skjedde gradvis: Eg begynte å lære norsk då eg var 18, og det var ikkje før eg var 24-25 at det slo meg at eg kanskje kunne skrive på det òg, sidan eg no trass alt budde i Noreg og hadde dei fleste vennene mine her.

Då eg gav ut min første roman prøvde eg, på sett og vis, å skjule at eg skreiv på eit framandspråk: Eg ville ikkje at nokon skulle ta meg i språkfeil og oppdage at eg eigentleg ikkje kunne godt nok norsk til å bli ein norsk forfattar. Det er først ganske nyleg at eg har innsett at dette framande elementet, denne språklege motstanden, også kan vere noko fint. Kva så om eg gjer språkfeil? Kva så om setningane mine haltar litt? I kva grad kan eg tillate meg å vere ein flamsk forfattar, ein belgisk forfattar, på norsk?

Kva forfattar har hatt mest å seia for din eigen forfattarskap?

Eg har alltid likt forfattarar med eklektiske, rotete forfattarskap der det høge og det låge eksisterer attmed kvarandre. Folk som har hoppa mellom ulike sjangrar og identitetar, og som gjerne har vore verksame i fleire kunstgreiner samtidig. Som den flamske forfattaren Louis Paul Boon: Han reknast som ein pioner innan postmodernismen, men skreiv òg historiske romanar, bitande aviskronikkar, pornografi, og var i tillegg kunstmålar. Eller Hugo Claus, som i tillegg til forfattar, omsetjar, dramatikar og målar, også hadde ein mislykka karriere som filmregissør. Slike forfattarar viser at ein ikkje treng å vere éin ting, men kan vere mange ting på same tid. At det er lov å seie: «Ja takk, begge delar.» Og at det ikkje er så farleg om noko blir litt mindre vellykka enn det andre. Det viktigaste er å prøve, å gi ting ein sjanse.

Kva ord prøver du å unngå/bruka litt mindre?

«Litt» og «kanskje».

Kva forhold har du til å stryke tekst?

Det er som å klippe håret: Eg gruer meg på førehand, utset det, er usikker på kor mykje eller kor lite. Men eg er alltid veldig glad etterpå. Og så vil eg helst at ein annan person skal vere involvert, t.d. ein frisør.

Kva likar du å lese?

Her er tre bøker som har gjort meg heilt fortumla i det siste: An Elemental Thing av Eliot Weinberger – ei kjemperar og kul essaysamling med poetiske, sprelske tekstar, først utgitt i 2007. Tematisk sprikar tekstane i allslags retningar: Dei handlar om aztekarane, kinesiske keisarar, katolske helgenar, om vinden og årstidene, fjell og ørkenar, men likevel heng dei saman på eit vis. Terracotta av danske Amalie Smith er ein nydeleg roman om førhistoriske leirfigurar frå Kypros – om fødsel, kunst, teknologi og universet. Og så må eg ta med The Left Hand of Darkness av Ursula Le Guin – fordi eg ikkje visste at sci-fi kunne vere så poetisk, så romantisk, så skeiv.

Les du andre forfattarar medan du skriv?

Ja, og når eg skriv på norsk, treng eg å lese bøker på norsk. Dei siste månadene har eg budd i Berlin og det har vore vanskeleg å få tak i norske bøker: Eg merkar korleis det påverkar meg, kor mykje eg treng norske stemmer rundt meg for å kunne skrive på norsk. Eg trur ikkje dette er så rart: Litteratur er per definisjon dialogisk, vi skriv alltid i samspel med andre – ikkje berre tematisk, men også språkleg, stilistisk, formmessig.

Kva synest du om norsk litteraturpolitikk?

Av og til kjennest det som om vi, som er nye i bransjen, er komne litt for seint til festen. At vi er hamna på eit nach der pizzaen er kald og ølet lunkent, og gjestene pratar mest om kor bra stemning det var tidlegare på kvelden. «Ver så god, de kan få ete restane om de vil.» Eg håpar stemninga kan bli bra igjen, sjølv om klokka er sein.

Kva forventningar har du til medlemskap i Forfatterforeninga?

Fellesskap er viktig! Difor har eg meldt meg inn.

Robin Van de Walle har gitt ut romanen Han, solo(Cappelen Damm, 2022). Han har òg omsett Nescios Unge titanar til norsk saman med Øystein Vidnes (Skald, 2025).