Aktuelt

Farvel, Forfatternes hus!

– Eg synest det er vemodig å flytte frå Rådhusgata og historia som sit i veggane, seier kontorleiar i Den norske Forfatterforening, Kerstin Bennett. Saman…

Leiar i DnF, Heidi Marie Kriznik, og resten av leiing og administrasjon i DnF er på flyttefot

– Eg synest det er vemodig å flytte frå Rådhusgata og historia som sit i veggane, seier kontorleiar i Den norske Forfatterforening, Kerstin Bennett. Saman med styreleiar Heidi Marie Kriznik, generalsekretær Mette Møller og sekretær Gunvor Stenrud, flyttar ho til Ingeniørenes hus i Vika. Alle skriveorganisasjonane i Rådhusgata 7 flyttar saman til dei nye lokala. Kven eller kva som tar over «Forfatternes hus» veit ein ikkje, det blir opp til Oslo kommune, som er utleigaren.

Lokala har vore prega av flytting i månadar. Når styret i DnF er på huset for årets siste styremøte, historiens siste i Rådhusgata, er nesten berre dei innramma bilda på veggen synleg. Historia sit i veggane, og på veggane, som handteikna portrett av DnF-leiarar, bilde av den gongen forfattaren X overnatta på styreleiaren sitt kontor, og målerier gjort av DnF-medlemmar og donert foreninga gjennom året. Resten av tinga er i kasser merka «fjernlager» eller anna. Frå ein boks stikk ein konvolutt opp, med «diskettar, Nils Johan Ringdal». Ringdal skreiv historia  til DnF då foreninga fylte 100-år i 1993, og fortel her at «alt i anledning 75-årsjubileet til DnF hadde Odd Bang-Hansen fått Oslo kommune til å love den gamle, fredede 1600-tallsbygningen til Den norske Forfatterforening.» Men det var først i oktober 1975 at DnF, då ved Bjørn Hansen, flytta inn.

Måndag flyttar dei altså ut, og til funksjonalistisk arkitektur i Kronprinsensgate. Kontorleiaren synest ikkje det er berre vemodig:

– Samtidig så gler eg meg til å komme på plass i dei nye lokala som er lyse og funksjonelle, seier Kerstin Bennett.

 

Ny besøksadresse:

Kronprinsens gate 17

0251 OSLO

 

Ny postadresse:

Postboks 1779 Vika

0122 Oslo

 

siste_styremote.jpgDet aller siste styremøtet i Forfatternes hus var avholdt 3. desember. På agendaen var mellom anna vurdering av jubileet og medlemsmøtet, samt den som alltid like spennande på-tampen-av-året-saka: Kven har Internasjonalt Utvalg innstilt som vinnar av årets ytringsfridomspris? På bildet ser ein, frå venstre: Håvard Syvertsen, Sigbjørn Skåden, Heidi Marie Kriznik,Victoria Bø og Kari Brænne. 

disketter.jpgsigrid_undset.jpg