Gratulerer med innstillinga som ny DnF-leiar! Korleis var det å bli spurd om å stille til val?
Lat meg aller først vere heilt tydeleg på at eg trengte tid på å bestemme meg då eg vart spurd. Dette var ikkje ei avgjerd eg tok lett på, då eg har enorm age for foreininga og for dei som arbeider for henne. Men etter å ha tenkt grundig gjennom det, kom eg fram til at eg hadde eit ønske om å gjere noko for denne institusjonen som eg set så høgt.
Eg har hatt plass i styret dei siste to åra og har vore medlem sidan eg kom med mi andre bok, i 2015. Eg har alltid kjent på botnsolid støtte og funne ein sterk fellesskap i DnF. Eg har òg den siste tida kjent mykje på kva det gjer med ein at einkvan har trua på ein, at det er noko godt og ærefullt i det, når nokon trur ein kan gjere noko på ein skapleg måte. Det gjer ein vel i å vere audmjuk ovanfor.
Kan du seie litt om kva rolle du tenkjer litteraturen speler i dag?
Litteraturen er ei heilt særeiga sannkjenningsform som ikkje liknar noko anna, og speler ei heilt avgjerande rolle i samfunnet, mellom anna som fortolkingsverktøy, som arkiv og som projeksjonsflate. Mangfaldet som skal rommast i omgrepet litteratur er eigentleg nesten umogleg å gripe, men for dei fleste innbyggjarar i landet, er litteraturen framleis noko ein har eit forhold til gjennom bøker. Om eg kan seie noko heilt enkelt om litteraturen si betydning, trur eg vi kanskje meir enn nokon gong treng den langsamheita litteraturen krev, både når det gjeld skapinga og tilvertinga, og det som skjer i den andre enden, i lesinga og refleksjonen, og ikkje minst i det lange perspektivet, i forteljinga om oss sjølve.
Kva saker blir viktige for foreininga framover?
Dei to største og mest utfordrande sakene er i mine auge kunstig intelligens og lesekrisa. Dernest vert det viktig å vere drivande part i å få på beina ein ambisiøs kulturpolitikk som anerkjenner betydninga av kunst og plasserer omgrepet i sentrum for korleis ein tenkjer heilskapleg kring dette. Akkurat no, i første halvdel av 2026, har lesinga auka noko, boksalet har gått opp og utlånstala på biblioteka har stige. Det har vore mykje merksemd mot skjermbruk og avlogging den siste tida og mot denne bakgrunnen ser vi nokre positive tendensar. Målet må vere at dette er ein trend som held fram.
Men det er ikkje forfattarane sin jobb å bidra til folkehelsa eller å avdempe den kollektive svikten i kognitive evner, forfattarane sin jobb er å skrive gode bøker. DnF sin jobb er å arbeide for at dei gode bøkene framleis har ein naturleg plass i samfunnet og at det finst rom for å arbeide ambisiøst med litteratur. Då må vi sikre at dei som arbeider med det skapande får tid og høve til å gjere det gjennom gode stipendordningar, rettferdige juridiske rammeverk og kompensasjon for bruk av opphavsrettsleg beskytta materiale. Vi må òg gjere det vi kan for at det skal finnast eit breitt og solid mottaksapparat for bøkene, slik at den menneskeleg skapte litteraturen framleis kan spele ei viktig rolle i liva våre.
Er det noko du har lært som akademileiar ved Skrivekunstakademiet som du trur vil vere nyttig som leiar i DnF?
Gjennom å leie Skrivekunstakademiet har eg hatt ansvar både for dei tilsette og studentane internt på huset, og biletet som vert formidla av institusjonen eksternt. Eg trur eg har nokre styrkar knytt til rolleforståing og integritet som er nyttige å ha som leiar. Gjennom å leie ein mindre institusjon vert ein elles van med å fylle mange funksjonar, frå å skifte ut den øydelagde oppvaskmaskina på kveldstid til å ytre seg i media, skrive høyringssvar og freiste å mekle i komplekse situasjonar der ulike partar har ulike røyndomsoppfatningar. Alle skal vere trygge på at dei vil vakne om morgonen med tørr pysj. Om eg kan trekke fram ein ting eg ser som noko av det viktigaste eg har lært gjennom fem år på SKA, er det å vere audmjuk i møte med andre sine meiningar. Det tyder ikkje at ein skal streve etter konsensus i alle samanhengar, snarare tvert i mot, men det er ei oppmoding til å tenkje på ansiktet si høgd i møte med den andre.
Overtek du også Bjørn Vatnes selfiestong?
Eg og Bjørn har tidlegare brukt å avgjere saker gjennom handbak og eg reknar med at vi skal gjere det slik i denne samanhengen òg. Om eg vinn, tek eg gjerne selfiestonga, men eg må antakeleg bryte henne laus frå det beinete grepet hans. Og uansett vil eg måtte finne ein annan måte å bruke stonga på. Bjørn har gjort ein veldig fin jobb med å opne opp foreininga og skape synlegheit på nye område. Det trur eg har vore klokt og naudsynt. Men eg har nok ei litt anna framtoning og eit litt anna lynne. Kanskje kan dette gje nytt innhald til det gamle sitatet: Speak softly, but carry a big stick.
Intervjuet er gjort av nettjournalist i DnF, Victoria Durnak.