Korleis var din veg inn i forfattarskapet? Når og kvifor byrja du å skriva?
Allereie før eg kunne skrive, gav eg ut ei lokalavis med familien som publikum. Strila-Nytt var ein kollasj sett saman av utklipp frå andre aviser, og eg fekk for første gong oppleve rusen som kan følgje med det å skape ting. Har ein først opplevd denne rusen, vil ein gjerne oppleve han igjen.
Etterkvart vart eg også ein storlesar som fekk lyst til å dikte opp liknande historier som dei eg las, og på eit eller anna tidspunkt, oppstod ein tanke om at det hasta med å gi ut den første boka, helst før eg fylte 20. Frå eg var 13–14 år, plaga eg regelmessig norske forlag med ulike manus, før konsulenten til Samlaget, Brit Bildøen, endeleg konkluderte med at no nærmar det seg noko her.
Kva forfattar har hatt mest å seia for ditt eige forfattarskap?
Lenge var det Ragnar Hovland som var den store helten, og det var nok eit problem for skrivinga mi. Noko lausna i alle fall då han som seinare skulle bli redaktøren min, David Aasen, spurde om eg ikkje skulle utvide horisonten litt. Kanskje eg lese favorittforfattarane til Ragnar Hovland? På kort tid slukte eg bøkene til blant andre Richard Brautigan, Raymond Queneau og Boris Vian. Her oppdaga eg den lette, vittige og ureine litteraturen eg framleis strekk meg etter.
Då Sara Stridsberg slo gjennom med Drømmefakultetet, hadde eg ei liknande oppleving. Frå romanen til Stridsberg, gjekk vegen raskt vidare til forfattarane boka var inspirert av, t.d. Joyce Carol Oates, Kathy Acker og Sarah Kane.
Kva synest du om norsk litteraturpolitikk?
Norsk litteraturpolitikk er fantastisk (nesten ikkje til å tru på!), og mykje vil framover handle om å verne om tiltak som allereie er innført. Noko gjenstår likevel før den norske litteraturpolitikken kan kallast perfekt. For det første manglar kunstnarar ei god pensjonsordning og andre sosiale rettar vi finn i det tradisjonelle arbeidslivet. For det andre: Kvifor har ikkje alle skular i Norge eit velfungerande skulebibliotek med minst éin tilsett skulebibliotekar?!
Kva forventningar har du til medlemskap i DnF?
Foreninga har dei siste åra gått i ei retning eg likar godt. Eg meiner det er fullt mogleg å verne om den litterære kvaliteten gjennom blant anna stipendtildelingar, og samstundes vere ei raus fagforeining for heile feltet.
Atle Berge har gitt ut romanane Muntergang (2010), Stockholmsyndromet (2012), Superpularen (2015), Puslingar (2019) og Diskursteori for barn og fulle folk (2022) – alle på Samlaget.