Gjekk inn for at boka skulle vere mørk

– Årsaka er vel så enkel som at det eg skriv om nettopp er mørkt og skakande, seier Anne-Lise Frøland, årets mottakar av Tarjei Vesaas’ debutantpris.

Foto: Marius Fiskum

Gratulerer så mykje med Tarjei Vesaas’ debutantpris! Kva tenkte du, då du fekk vita at du var nominert?

Eg blei rett og slett ganske paff. I ettertid har eg sjølvsagt tenkt ein god del på det. Då romanen blei utgitt var eg oppteken av sjå på han som ein slags sveineprøve, då var det sjølvsagt svært stas at sveinebrevet kom i form av Tarjei Vesaas debutantpris. Det blir ikkje særleg gjævare enn det.

Sjølv om eg hadde halde fram å skrive uansett, er det jo ei kolossal oppmuntring. Bakken kjennest litt mindre bratt, iallfall her og no. Samtidig opplever eg prisen som ei forplikting og ei slags tillitserklæring – som eg tek på alvor. Så håper eg jo sjølvsagt at fleire leser boka, og ikkje minst neste bok! 

Har du skrive heile livet?

Nei. Ikkje anna enn dagboksnotat og nokre ymse dikt. Det var først om våren 2021 at eg sat meg ned og skreiv for alvor. På dette tidspunktet var eg straks 27 år, budde i Ålesund og jobba som ungdomsskulelærar. Å skrive dei første tekstane var rett og slett skitskummelt og ganske flaut. Det kjentest ikkje ut som noko ein som meg skulle drive med, og eg var overtydd om at ingen kom til å ha noko som helst interesse av å lese det eg skreiv.

Heldigvis tok eg motet til meg og søkte på diverse skrivestudiar, og kom inn i Bø. For meg var dette uvurderleg. For det første fanst det nokon som meinte at eg skreiv godt nok, og burde halde fram. For det andre fekk eg eit fellesskap med andre skrivande. Å skrive blei plutseleg noko normalt og sjølvsagt – i motsetnad til før, då det berre var flaut. Eg er utruleg glad for at eg tora å søkje. 

Kan du seia litt om korleis det var å skriva «Tynne rivner av lys»? Når skjønte du at du sat på ei bok?

Eg skjønte det eigentleg med det same. Den første scena kom til meg i romjula same år som eg gjekk i Bø. Eg var heime hos foreldra mine på Sunnmøre, og plutseleg fekk eg dette biletet av ei ung kvinne som sat avkledd oppe ved eit tjern. Eg starta med å skrive ut denne scena, og i laupet av eit par dagar hadde eg skrive fleire sider. 

Boka har vorte karakterisert som både mørk og skakande. Var det stemningar du gjekk inn for å skriva fram?

Redaktøren min i Samlaget, Maren Ingeborg Hvamstad, måtte nærmast tyne nokre lysare scener ut av meg i dei siste rundane. Ho hadde sjølvsagt heilt rett i det. Det kunne blitt for mykje mørke. Men ja, eg gjekk absolutt inn for at boka skulle vere mørk. Og i aukande grad klaustrofobisk. Årsaka er vel så enkel som at det eg skriv om nettopp er mørkt og skakande.

Ein annan viktig grunn var at eg ikkje ville bidra til å romantisere situasjonar som den Solli og Vegard finn seg i. Samtidig som det er ei kjærleikshistorie. Tragisk og uromantisk – men like fullt ei bok som er breiddfull av kjærleik. Vegard og Solli elskar kvarandre. Det var vel kanskje det eg ville utforske her, korleis kan Solli som elskar Vegard så høgt som ho gjer, ta det valet ho til slutt tek? Og korleis kan Vegard som elskar Solli så høgt som han gjer, utsette ho for alt dette? Tragedien utspeler seg i håpet.

Fortel gjerne litt om skriveprosessen din.

Dei siste dagane har eg sete i senga, til sambuaren min sin store irritasjon – han er heime i pappaperm og synest eg godt kan ha meg ut av leilegheita. Som eg jo kan forstå. Men innimellom treng eg nettopp å skrive i senga, spesielt om eg slit med å komme i gang. Då kan eg liksom late som at eg ikkje arbeider. Elles så sit eg på kafear, bibliotek, ved kjøkkenbordet heime eller i sofaen. Eller eg skriv på mobilen der eg måtte vere, i ei grøft til dømes, eller på bussen, i eit prøverom. 

Eg treng eigentleg ikkje noko særskilt for å skrive, anna enn mobilen eller PC-en. Eg har prøvd å skrive for hand, men det liker eg ikkje. Eg skriv for sakte og for stygt. Det er vanskeleg å tyde i etterkant, og somme gonger blir eg så utolmodig at eg openbert har hoppa over ord medan eg har skribla. Så det har eg slutta med. 

Grunnane for å skrive trur eg endrar seg i takt med at livet endrar seg. Derfor blir det nesten vanskeleg å svare noko anna enn at eg skriv fordi eg liker det, og fordi eg får det til. Og fordi det er ein utmerka måte å utforske problem på. Det er grenser for kor lenge andre gidder å diskutere ulike tema med meg. Spesielt dei litt meir depressive temaa. Eg liker å diskutere etiske problem, men det er ikkje alltid andre er like begeistra for å borre ned i eige og andre sitt samvit som det eg er. Ein annan grunn til å skrive er at det vanskeleg. Og dette at det er vanskeleg, og alltid kjem til å vere vanskeleg, gleder meg. Det er ingenting som er så deprimerande som å alltid vite at ein får til alt. Kanskje kjenner eg det litt som i Ferdaminne frå sommaren 1985 av Haldis Moren Vesaas når eg skriv: «Men inni meg boblar kvar gong / ei lita spenning». 

Skriv du på noko nytt no?

Ja, eg sit som sagt og okkuperer soverommet heime. Eg trur det blir ei god bok til slutt. Og ganske annleis enn Tynne rivner av lys.

Les juryens grunngiving her.

Les meir om boka her.