Korleis var din veg inn i forfattarskapen? Når og kvifor byrja du å skriva?
Eg har alltid hatt ei stor uttrykkstrong, så eg har brukt fantasien min i skrift sidan eg lærte å skrive. Den første boka eg hugsar at eg skreiv – ei ganske skranglete affære, eg klippa ut ark og stifta dei saman – heitte Skillingsbollen på piknik. Den handla om, vel, ein skillingsbolle på piknik. Veldig meta. Utan at eg skjønte det sjølv.
Kva ord prøver du å unngå/bruka litt mindre?
«Litt» og «ganske» og «berre». Det går ikkje veldig bra.
Kva forhold har du til å stryke tekst?
Eg elskar det. Å stryke tekst er ein måte eg kan rydde i det rotete hovudet mitt, samtidig som teksten blir betre – vinn-vinn. Dessutan utgjer kutting ein stor del av arbeidskvardagen som journalist og redigerar, så eg har eit lite sentimentalt forhold til det. Kanskje blir eg meir ambivalent om eg skal skriva roman og må drepa mine darlings, men den tid, den sorg!
Kan du fortelja litt om skriveprosessen din? Kva må vera på plass, korleis kjem du i gang, kvar i teksten byrjar du?
Det er liksom noko som sprenger seg ut, enten det startar med ei setning eller ei scene, ein song eller eit bilde, eller noko nokon har sagt – viss eg ikkje blir kvitt denne fliken av kva det enn er som surrar rundt i hjernen, må eg utforska det og tenka meg gjennom det. Og for å parafrasere Vigdis Hjorth: Eg veit ikkje kva eg tenker før eg ser kva eg skriv. Dermed skriv eg.
Les du andre forfattarar medan du skriv?
Ja, i alle fall for å komme i gang. Viss eg kjenner meg tom eller uinspirert finn eg som oftast nøkkelen i andres sprelske språk og gode idear, og i ubehagelege, nærmast morbide noveller. Eg har ei perlerekke av guruar å gå til når det stangar: Shirley Jackson, Claire Keegan, Frode Grytten, Roald Dahl, Lina Wolff, Gunnhild Øyehaug, Samantha Schweblin … Då blir det fart i sakene.
Kva synest du om norsk litteraturpolitikk?
Dette er kanskje ei daff erklæring når ein nett har blitt medlem av ei ny foreining, men: Eg er veldig takknemleg og glad for norsk litteraturpolitikk. Hurra for normalkontrakt og innkjøpsordninga og arbeidsstipend! Når eg prøver å forklara korleis dette funkar til venner frå andre land, blir eg nesten skamfull. Alt kan alltids bli betre, men ein må vite kva ein har.
Frida Fliflet har gitt ut novellesamlinga Kan eg sjå på (Samlaget, 2025).