Herbjørnsrud – åtti år og aktiv forfattar

Hans Herbjørnsrud (f. 1938) sprengde fleire grenser då han i 1979 fekk Tarjei Vesaas Debutantpris for novellesamlinga Vitner. Han var 41 år, og i følgje tilrådningane i…

Hans Herbjørnsrud under Stemmer fra Telemark, 26. september 2018 (foto: Mette Karlsvik)

Hans Herbjørnsrud (f. 1938) sprengde fleire grenser då han i 1979 fekk Tarjei Vesaas Debutantpris for novellesamlinga Vitner. Han var 41 år, og i følgje tilrådningane i statuttane, for gamal for å motta prisen.

– Eg var absolutt ein «gamal» vinnar av prisen. Kjell Heggelund var leiar av Det litterære råd den gongen, og var ei sterk og tydeleg røyst då. Eg visste dette med alderskriteriet for å få prisen – men forsto at Heggelund hadde sagt at den måtte gå til meg. Det skal ha blitt ei einstemmig avgjersle, seier Herbjørnsrud, ståande på Skien togstasjon. Han og kona Anna, som han kallar sin viktigaste støttespelar, er på veg heim etter ein kveld på Litteraturhuset i Skien. Prosjektleiar på biblioteket i Skien, Arne Olav Lunde Hageberg las sitt nyskrivne essay om forfattarskapen hans, medan Herbjørnsrud sjølv las to lange novellar, godt over ein halvtime tilsaman. Det kom så mange for å høyre på at arrangørane måtte finne fleire stolar. Seinare i haust skal Herbjørnsrud lese tekstar på eit Heavy Metal – arrangement i Notodden, der også tekstar av Tor Ulven blir lesne. Herbjørnsrud er elles aktiv som arrangør og formidlar i Notodden, og er kanskje mest kjent som medarrangør av Herbjørnsruddagene i Notodden. 

Noko av det Hageberg drog fram om Herbjørnsrud, var korleis forfattaren, heilt sidan debuten, har skrive tett på eige liv. Herbjørnsrud har fortsett med det. Han har brukt namn på sine nærmaste, og sett handlinga til heimgarden i Heddal. Det er mange grunnar til å vere forsiktig med å hevde at det å skrive sjølvbiografisk skjønnlitteratur er ein trend i tida i Noreg. At Herbjørnsrud er ein av dei mange som har gjort det lenge, er ein av grunnane.

Herbjørnsrud har, ved sida av forfattarskapet, vore lærar, og har sidan 1976 drive garden i Heddal. Han har «pløydd i jord og i ord». Framleis, over åtti år gamal, er han ein aktiv forfattar.

Ved sida av Tarjei Vesaas debutantpris har Herbjørnsrud fått m.a. Gyldendallegatet, Doblougprisen og Aschehougprisen, og vore nominert til Nordisk Råds Litteraturpris to gongar. 

I fjor hadde filmen om Hans Herbjørnsrud, Grenseløs, premiere på Undsetdagene i Lillehammer. Filmen blir vist igjen i Skien Bibliotek 3. oktober klokka sju.