Høyring 22. oktober

Saman med dei andre skribentorganisasjonane var DnF-leiar Sivert Nesbø i dag på høyring for å gi Familie- og kulturkomiteen på Stortinget innspel til statsbudsjettet for 2027.

Kjære komitémedlemmar. Mitt namn er Sivert Nesbø, og eg er forfattar og leiar for Den norske Forfatterforening. Med meg i dag har eg generalsekretær Elin Øy.

På tysdag vart Nordisk råds prisar delte ut, og Noreg vann samtlege fem. Det trur eg ikkje har skjedd før. Særleg gledeleg slik eg ser det, var at Noreg vann prisane for henholdsvis litteratur for vaksne og litteratur for barn og unge. Det fortel om ei anerkjenning av nasjonal kunstproduksjon på høgt nivå.

I regjeringa sin plan for Norge 2025-2029, står det at vi treng ein sterkare kultur for lesing. Dette må skje gjennom eit mangfaldig litteraturtilbod, god litteraturformidling og levande folkebibliotek, samt gjennom ein ny leselyststrategi for vaksne. DnF støttar desse inngangane til lesekultur.

Dersom det er eit mål at fleire nordmenn skal lese, må det òg finnast gode, aktuelle bøker for alle. I eit slikt perspektiv finst det antakeleg ikkje noko kulturpolitisk verkemiddel som gjev større utteljing pr. kulturkrone, enn arbeidsstipend til utøvande kunstnarar. Kunstnarstipend er avgjerande for å skape arbeidsro og høve til fordjuping over tid, men det er òg ei stor og høgthengande anerkjenning av den kunstnarlege praksisen. Tildelingar må henge høgt, og vedtak bør fattast etter grundige fagfellevurderingar av sakkunnige med kjennskap til feltet. Det er framleis slik at mange kvalifiserte forfattarar står utan arbeidsstipend kvart år, og vi oppmodar komiteen til å ha med seg dette vidare.

Kunstnarstipend er eit av dei viktigaste tiltaka vi har for å rekruttere forfattarar frå ulike sosiale lag og frå ulike klasser, og bidreg til å få fram eit mangfald av litteratur på høgt nivå. Dersom vi er einige i at kunst og kultur har betydning i samband med beredskap, dersom vi meiner at liva våre treng tilfang av tekstur og meining, dersom vi vil ha forteljingar og poesi frå ei mengd ulike bakgrunnar, då må vi òg sørge for desse lommene av tid og arbeidsro kan fordelast til ei bredde av dei som arbeider med det skapande.

Befolkninga i landet fortener bøker av høg kvalitet. Norske lesarar får gjennom lesing og samtale høve til å byggje identiteten og til å styrke den demokratiske samtalen, som er avhengig av ei rekke og gjerne motstridande perspektiv.

Vi oppmodar difor komiteen om å arbeide for fleire faste stipendheimlar for kunstnarstipend.

Til sist: Statsbudsjettet har ikkje tatt høgde for kompensasjon til opphavarar i samband med bøker i Nasjonalbibliotekets norske språkmodellar. Dette må komme på plass. Avtalen er som kjent framforhandla mellom NB og Kopinor, det manglar berre midlar. Dette er viktig for norsk språk, og særleg for nynorsk og for samisk.

Vi oppmodar difor komiteen til å arbeide for å få på plass kompensasjonsordninga. Det verkar uryddig å gå frå eit halvgjort arbeid.