Aktuelt

Island i juni?

Den islandske forfattaren Gunnar Gunnarsson var vurdert for Nobelprisen i litteratur det året då Halldor Laxness fekk prisen. Gunnar er av Islands mest leste forfattarar….

screenshot_2019-04-21_at_12

Den islandske forfattaren Gunnar Gunnarsson var vurdert for Nobelprisen i litteratur det året då Halldor Laxness fekk prisen. Gunnar er av Islands mest leste forfattarar. Han gav bort husa sine då han døydde. Det eine har blitt eit museum og residenssenter i den ganske aude Fljotsdalen på Nordaust-Island. Funkishuset Gunnarshus, derimot ligg sentralt men også landleg til i eit fint område av Laugardalen i Reykjavik. Forfatterforeninga på Island har kontor i øvste etasje. Nedst i huset er ein bustad med kjøkken, stove og soverom, og utsikt over Laugardalen. Frå Gunnarshus går ein inn til sentrum av Reykjavik på tjue minuttar, og ned til badeanlegget Laugardalslaug på fem minuttar. Ein kan søkje om opphald via den islandske forfattarforeninga. Per 21. april er dei tre første vekene av juni ledige.