Aktuelt

Jeanette Hansen er ny kontormedarbeidar i DnF

Jeanette Hansen jobba med kultur- og kultur og reiselivarrangementer for Skiforeningen på Holmenkollen i åtte år før ho, 2. oktober, gjekk inn i full stilling…

img_5085

Jeanette Hansen jobba med kultur- og kultur og reiselivarrangementer for Skiforeningen på Holmenkollen i åtte år før ho, 2. oktober, gjekk inn i full stilling som kontormedarbeidar for DnF. Hansen tek over jobben som Gunvor Stenrud har gjort i mange tiår, og kjem til å ta over hennar oppgåver. Medlemma vil merke det gjennom at Hansen administerer utleige av kontorar på litteraturhusa, og bustaden i Berlin. Ho vil vere aktiv før og under arrangementa, både store og små, og jobbe med medlemslister og arkivet. 

– Eg var så heldig å få overlappe med Gunvor i eit par veker. Ho er eit levande leksikon når det gjeld forfattarane. Eg har lært mykje av henne, seier Hansen, som foreløpig har kommunisert med ein del medlemmar over e-post og på telefon, og som har møtt Rådet. Til helga vil Hansen møte forfattarane andlet til andlet for første gang. Først ute er debutantane, som møter Hansen på debutanttreffet. Laurdag er det medlemma sin tur, under medlemsmøte og -fest.

– Kor vil medlemmane sjå deg i helga? 

– Først og framst løpande rundt! Det blir ein del å ordne sjølv om vi har møtearrangørar. Arrangørane gjer alt av rigging. Men vi skal instruere dei i korleis vi vil ha det, få opp mikrofonar og PC, og sjå til at alt skjer til rett tid. 

Og etter dette, vil vi forhåpentlegvis og sannsynlegvis få sjå mykje av deg. Difor vil eg gjerne be deg om å fortelje litt om bakgrunnen din, og la oss bli litt kjent med deg. 

Eg vaks opp i de vesle bygda Skotelv i Buskerud, og flytta til Oslo som tjueåring. Der studerte eg Nord-Amerika-studier på Blidern, og tok til slutt ein mastergrad i faget. Eg har alltid vore interessert i musikk og kva som ligg bak det at nokon lagar den, og skreiv då innanfor tema musikk, om sosial og politisk protest. Om blues og hip-hop. Eg skreiv litt om raseperspektiv og kvinneperspektiv. 

– Så fekk du jobb i ved skianlegget i Holmenkollen…

– Ja, eg har hatt same jobb sidan eg var ferdig med studia, i åtte år. Eg har jobba med Skimuseet og alt som var rundt der. Eg har jobba med personal, økonomi og diverse kontoroppgåver, og mykje med arrangement. Arrangementa har vore alt frå ski-VM til firmaarrangement og folk som ville setje utfor Holmenkollbakken med bil. Eg er glad i kultur, men held meg på administrasjonssida av dette.

– Og no skal du jobbe med forfattarane og litteraturen. Kva er forholdet ditt til litteratur? 

– Eg har lese mest engelskspråkleg litteratur. Men dei siste åra har eg fått kjennskap til norsk litteratur, og har blitt veldig glad i det eg har funne. Eg er spesielt glad i Gunvor Hofmo. Dei siste fullførde bøkene er Voksne mennesker av Marie Aubert og Henrik Falk av Vigdis Hjorth.

– Du har vore på kontoret i Kronprinsensgate i fem veker no. Korleis trivst du så langt? 

– Eg trivst veldig godt med å vere i eit miljø der folk er så engasjerte i det dei jobbar med.

 

Møtehelg i DnF 15. og 16. november:

Debutantar og nye medlemmar blir samla til eit miniseminar om bransjen og sosialt samvêr fredags kveld. 

Laurdag, frå klokka 11: 

 

·        Velkommen, innledning ved Heidi Marie Kriznik

 

·        Tre mini-foredrag á 20 minutter

 

«Språket som speil: mangelen på representasjon i norsk samtidslitteratur»

Ved Sadik Qaka, tidsskriftet VOKS

 

«Vuollegaš šiellá, liegga salla. Att öppna upp det litterära»

Ved Elin-Anna Labba, Tjállegoahte samisk forfattersenter

 

«Kampen om ‘den norske fortellingen’: En studie av erfaringene til norske forfattere med synlig minoritetsbakgrunn»

Ved Sabina Tica, sosiolog

 

Etter lunsj:

 

·        Panelsamtale

 

Samtale om forfatterrollen fra et minoritets- og klasseperspektiv med Synnøve Persen, Maria Navarro Skaranger og Amalie Kasin Lerstang.

Samtalen ledes av Bjørn Ivar Fyksen, bokredaktør i Klassekampen

 

·        Suppleringsvalg av nytt styremedlem

 

Valgkomiteens innstilling til nytt styremedlem er Ingvild Holvik.

 

·        Orientering om forvaltning av bibliotekvederlaget, og grunnstipendet

 

·        Diskusjon, avslutning