Kvifor ville du bli forfattar?
Kvifor vil ikkje alle det! Er det ikkje noko heilt urmenneskelg i å ville fortelje historier til kvarandre. Å både mystifisere og avmystifisere den menneskelege erfaringa på denne måten for ein sjølv og andre.
Kva forhold har du til å stryke tekst?
Eg hatar det. Eg skriv komprimert, og det å stryke tekst har stor effekt. Eg har tvihalde på mykje tekst før eg til slutt har måtte innsjå at heilheita er best utan. Ofte har ein tekst eg har stryke blitt utgangspunkt for noko heilt nytt i noko anna.
Kan du fortelje om skriveprosessen din, kva må vere på plass, korleis kjem du i gang, kor i teksten begynner du?
Eg jobbar absolutt aller best på kvelden. Eg har ei enorm ærefrykt for dei som står opp tidleg før jobb og skriv i eit par timar.
Eg må ofte vere heilt, heilt aleine. Eg har lånt barndomsheimen min og passa huset medan foreldra mine har vore på ferie. Da jobbar eg veldig godt. Eg er i ei boble og har ikkje nokre forpliktingar.
Elles skriv eg faktisk òg små korte tekstar og setningar kor som helst og når som helst. Eg skriv dei ned på mobilen og tek dei fram seinare for å omarbeide dei. Mobilen min er full av gamle handlelister, korte tekstar og setningar (da mobilen min krasja i fjor, var det notatappen eg trygla min teknisk kompetente kamerat om å redde).
Les du andre forfattarar medan du skriv?
Ja, eg les heile tida. Gjerne fleire bøker samstundes i forskjellege sjangrar.
Kva forventningar har du til medlemsskap i Forfatterforeningen?
Å skrive er eit einsamt yrke. Det kjennest som eg lever eit slags dobbeltliv med eit lønnsarbeid i kvardagen og så eit anna arbeid eg alltid heller vil drive på med. Det å vere ein del av eit større fellesskap kor vi sit på kvar vår vesle tue, men kan møtast og vite at vi finst rundt omkring, betyr mykje. Dei fleste kjenn eit eigarskap til litteratur som kunstform. Eg synst òg det er viktig å halde fast ved at det faktisk trass alt er kunst, i ei tid kor KI kjem inn i større og større grad.
Christine Kjellstrøm Melby har gitt ut diktsamlinga Ho (Samlaget, 2021).