Jobbar med einskildscener

Nytt DnF-medlem Unn Conradi Andersen (52) tenker ofte at ho aldri kunne klart skrive ein heil roman. – Men så blir det likevel ein roman når eg set scenene saman, seier ho.

Foto: Agnete Brun

Korleis var din veg inn i forfattarskapet? Når og kvifor byrja du å skriva?

To tapserfaringar gjorde meg til forfattar. Omtrent samstundes med at eg slutta som journalist i Dagbladet og byrja på ei doktorgrad, døydde far min. Det oppstod eit voldsomt undertrykk i det akademiske språket, som ikkje fann nokon veg ut. Alt skulle haldast på plass i den strenge sjangeren. Det var ingen rom for kjenslene mine.

Den andre tapserfaringa hende omtrent samstundes. Eg innsåg at eg var skeiv, det vil sei at eg også kunne forelske meg i kvinner. I første omgang var eg berre stum, det vil seie eg mista språket.

Og eg trur at min første roman vaks utifrå dette: Ei form som kunne romme alt – sorg, sinne, angst, glede, skam, håp. Det blei til romanen Alt uavklart, frå 2017.

Kva forfattar har hatt mest å seia for ditt eige forfattarskap?

Eg kjem ikkje utanom Virginia Woolf, og særskilt dagbøkene hennar. Moments of being, som eg fann i ein bokhandel i Bloomsbury – på veg til den britiske badebyen St. Ives, der Woolf pla feriere. Det er som om ho snakkar til meg tvers gjennom hundreåret.

Kva ord prøver du å unngå/bruka litt mindre?

Eg. Drøymer om å skrive i tredjeperson!

Kva forhold har du til å stryka tekst?

Eg skriv vel eigentleg veldig tilbakehalde. Kanskje fordi eg har vore journalist i så mange år, og er van til å skrive på mål, det vil sei telle antal teikn. Så det blir ikkje så mykje å stryke. Men sjølvsagt noko i siste runde.

Kan du fortelja litt om skriveprosessen din? Kva må vera på plass, korleis kjem du i gang?

Eg jobbar med einskildscener, korte avsnitt, som gjerne tek utgangspunkt i eit konkret rom, ein stad eg kjenner godt, og så plasserer eg karakterar inn i denne staden. Eg tenker ofte – eg kunne aldri klart skrive ein heil roman! Men så blir det likevel ein roman når eg set scenene saman, og til slutt tek forteljinga form og får ei retning.

Les du andre forfattarar når du skriv?

Ja, eg blir inspirert av å lese andre gode forfattarar. Både med hensyn til språk, rytme og kanskje særleg form. Den siste til Naja Marie Aidt, Øvelser i mørke, og måten ho vever det same diktet gjennom heile teksten. Ingrid Storholmens Bloddråpetall, der fotnotene er som ei elv som renn under teksten og liksom grev ut overbygninga slik at det når som helst kan oppstå eit ras igjen.

Kva synest du om norsk litteraturpolitikk?

For eit verdifullt system, med stipendutdelingar, fastprisavtale og innkjøpsordning til biblioteka som avlar kvalitetslitteratur. Voner ikkje dei nye aggressive aktørane (det vere seg forbund eller forlag) rotar det for mykje til, slik at vi mister alt.

Kva forventningar har du til medlemskap i Forfatterforeningen?

Alle forventingar er allereie innfridd! Å delta på årsmøtet til foreninga i mars var litt som å kome heim. Svært folkeleg og hyggeleg.

Unn Conradi Andersen har gitt ut romanane Alt uavklart (2017) og Bli litt til (2024), begge på Forlaget Oktober.